Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_128464da626212f4a8cd8fe164c61a1d, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Reagerer på sikkerheitsbrot: – Det dummaste eg har opplevd - NorwayToday

Reagerer på sikkerheitsbrot: – Det dummaste eg har opplevd

3 hours ago 2


– Etter all sikkerheita vi har fått beskjed om og vore gjennom, så er det heilt ufatteleg dumt å sjå. Det er det dummaste eg har opplevd.

Det er dommen frå Glimt-tilhengar Sigurd Støver etter meisterligakampen mot det tyrkiske storlaget Galatasaray.

Glimt-supporter på pub før kampen mot Olympiakos

GLIMT-TILHENGJAR: Sigurd Støver er ein heilhjarta Glimt-supporter.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

NRK har tidlegare omtalt dei ekstreme tryggingstiltaka på kampen onsdag, i det som blir omtalt som ei heksegryte.

No viser det seg at dette ikkje var nok.

Ei gruppe med tyrkiske heimetilhengjarar kom seg inn på bortefeltet saman med Bodø/Glimts delegasjon.

– Det er jo litt ironisk etter alle sikkerheitstiltaka vi var gjennom før og under kamp, seier Støver.

Å ta seg inn på bortefeltet er ikkje greitt, står det i Uefas sikkerheitsreglement. Dersom tilhengjarar blir funnen i borteseksjonen på stadion, kan dei bli fjerna.

Det står også at feltet tydeleg skal vere åtskilt frå resten av tribunen – og ha nærvær av sikkerheitspersonell.

Eitkvart brot på desse reglane kan bli straffa av Uefa.

NRK har foreløpig ikkje fått svar frå Uefa eller Galatasaray.

Eigne sikkerheitsvakter

Bodø/Glimt er kjent med hendinga. Uefa og Galatasaray fekk tilbakemelding på dette etter kampslutt, melder klubben.

– Slike hendingar er ein av grunnane til at vi har med oss sikkerheitsvakter frå Heimdal som står på borteseksjonen på bortekampar, seier Espen Almbakk til NRK.

Han er Bodø/Glimt sin sikkerheitsansvarleg.

– Våre sikkerheitsvakter som var på kampen tok affære og fekk fjerna desse supporterane frå borteseksjonen.

En mengde mennesker på et stadion

BORTEFELT: tilhengjarane til Bodø/Glimt på eige område under kampen mot Galatasaray. Undervegs i kampen oppdaga dei at tyrkiske fans hadde snike seg inn.

Foto: Susanne Villemo Skram / Privat

Han fortel at dei har god dialog med tilhengjarkoordinatorane til tilhengarane i forkant, undervegs og i etterkant av borteturar.

– Både for å vareta sikkerheita deira, og for å legge til rette for ei behageleg oppleving, fortel Almbakk.

– Litt ironisk

Glimt-tilhengar Støver seier at han blei kroppsvisitert fire–fem gonger og måtte ta av seg skoa for å komme inn på stadion.

– Vi blir behandla som om vi er livsfarlege, alle mann, seier Støver.

– Var dei ute etter bråk?

– Nei, men når dei jublar mot oss når dei skårar kan alt skje. Det er provoserande. Mange er rusa og forbanna.

– Det kunne gått gale?

– Ja ... Fulle nordlendingar og provoserande Galatasaray-fans. Der kunne ha smolle!

«Inntrengarane» blei oppdaga då heimelaget skåra 2–0-målet.

– Dei jubla mot oss. Da blir det reagert kraftig. Vi tar kontakt med dei vi skal ta kontakt med, og så blei dei berre flytta litt bort.

Støver seier til NRK at dei nemnde tilhengarane blei sittande omringa av politi i om lag ti minutt før dei blei fjerna frå staden.

en mengde mennesker som holder et flagg

FEKK HØYRE DET: Bodø/Glimt fekk ingen varm velkomst av Galatasaray-tilhengjarane, som peip kvar gong Glimt hadde ballen.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

– Noko som ikkje burde skje

– Det er jo eit sikkerheitsbrot, og det er jo ikkje noko ein ynskjer. Det vil jo kunne skape frykt og ubehag at systemet ikkje fungerer.

Det seier Mads Skauge. Han er nestleiar i J-feltet, Bodø/Glimts offisielle tilhengjarklubb, og er overraska over hendinga.

– Galatasaray er jo eit lag som har spelt i Europa i mange, mange tiår og som burde ha dette på plass.

Han held fram:

– Det er noko som ikkje burde skje og som arrangørklubben bør ta ansvar for, og som eg antar dei får straff for.

Også J-feltets leiar Thomas Solberg kallar situasjonen uheldig.

– Så vidt eg har skjønt så var det vanskeleg å oppdage dette. Men det er sjølvsagt ikkje heldig at supporterane til heimelaget får moglegheita til å kome inn via borteseksjonen, seier Solberg.

  • Neste kamp for Bodø/Glimt i Meisterligaen er heime mot Monaco 4. november, før dei speler borte mot Juventus 25. november.

Publisert 27.10.2025, kl. 21.24 Oppdatert 27.10.2025, kl. 21.25

Read Entire Article