Reagerer på Met Galla-truse

1 day ago 6


Stjernene stod i kø for å vise fram dei mange spektakulære antrekka sine, under årets Met Gala.

Blackpink artisten Lisa (28), også kjend frå HBO-serien White Lotus, fekk reaksjonar for sitt lettkledde antrekk.

Ei kvinne i svart kjole

BlackPink artisten Lisa fekk reaksjonar for sitt lettkledde antrekk.

Foto: ANGELA WEISS / AFP / NTB

Ved første augnekast ser du artisten kledd i ein svart brodert dressjakke, med ein blondebody under.

Dersom du ser litt nærmare på bodyen, får du auge på den kjende aktivisten Rosa Parks sitt ansikt på undertøyet.

Trusen til Lisa i Blackpink

Dersom du ser litt nærmare på bodyen, får du auge på den kjende aktivisten Rosa Parks sitt ansikt på undertøyet.

Foto: Reuters

Rosa Parks var del av borgarrettsrørsla i USA på 1950-talet, og kjempa for likestilling.

Fleire rasar over Lisa sitt val av antrekk frå Louis Vuitton.

På X stiller fleire spørsmål ved ideen bak å plassere aktivisten på underlivet til artisten.

Ei rekke X-brukarar meiner stuntet er respektlaust, og skjønner ikkje samanhengen mellom antrekket og temaet for kvelden.

Kva tenker du om Lisa sitt antrekk?

Gravid med tredje barn

Ei stjerne som også fekk mykje merksemd på den blå løparen var superstjerna Rihanna (37).

I kjend stil kom superstjerna seint til festen.

Artisten Rihanna (37) viste fram den gravide magen på Met-gallaen måndag 5. mai. Ho ventar nå sitt tredje barn med partnar og artist A$AP Rocky (36).

Men sjølv om artisten var sein, skuffa ho ikkje dei frammøtte.

Ikledde eit skreddarsydd, dress-inspirert antrekk frå Marc Jacobs, avslørte Rihanna sin tredje graviditet.

Saman med den amerikanske rapparen Asap Rocky er ho gravid med sitt tredje barn.

– Det er heilt absurd å vere der

Hanneli Mustaparta har sjølv vore på gallaen fleire gonger.

– Det er heilt absurd å vere der, og alltid like absurd, seier ho til NRK Nyhetsmorgen.

Hanneli Mustaparta på Met-gallaen i 2012

Hanneli Mustaparta har vore på The Met Gala tre gonger, her i 2012 med Calvin Klein.

Foto: Shutterstock editorial

Ho har sjølv vore der tre gonger med Calvin Klein.

Alle står i kø og ventar på å bli slusa inn på løparen, fortel ho.

– Ein blir plassert og håper man ikkje man må stå rett bak Taylor Swift, eg som er ein «nobody».

– Då ser de jo ikkje meg, seier Mustaparta.

Arrangementet er berre for inviterte, og billettar kostar opp mot 75 000 dollar per person (2024-pris).

Den andre gallaen

Men ikkje alle er like glad i Met-gallaen.

I Brooklyn samlar dei som ikkje har råd til 75 000 dollar for ein billett til det arrangementet inn pengar til folk som slit med helseutgifter.

Arrangementet heiter «Debt Gala», og blir dagen arrangert for tredje året på rad dagen før «Met Gala» blir arrangert.

På arrangementssida inviterer dei med følgande ord: Grip din heitaste fakkel og møt opp ved portane for Debt Gala 2025.

Publisert 06.05.2025, kl. 12.31 Oppdatert 06.05.2025, kl. 12.43

Read Entire Article