Berre 20 mil frå Milano, der Bodø/Glimt tok seg til ein historisk åttedelsfinale i Meisterligaen, kunne Brann gjere det same i Europaligaen.
Men dei måtte vinne mot Bologna, for det italienske laget vann førre kamp 1-0.
– Eg er fornøgd med det Brann får til her i starten, sa NRKs ekspert Andrine Hegerberg.
Kampen starta bra for Brann. Bergenslaget hadde fleire sjansar mot mål.
Men så skjedde det som ikkje skje.
Brann-spelar Jacob Lungi Sørensen kom inn i ei takling med ein høg fot, som hamna i låret på ein Bologna-spelar.
– Dette er ikkje bra for Brann sin del. Vi er vane med at italienarane er litt dramatiske. Men her ser vi klare merker på låret, seier Hegerberg.
Dommaren var ikkje i tvil og drog fram det raude kortet, og Brann måtte klare seg med ein mann mindre på banen.
MARSJORDRE: Jacob Lungi Sørensen måtte gå rett av banen etter taklinga.
Foto: PIERO CRUCIATTI / AFP / NTBUeinige om avgjerda
– Vi var uheldige med det raude kortet, seier Jón Dagur Thorsteinsson til Viaplay i pausen.
– Det er berre ei takling, og han feilreknar. Eg synest ikkje det er raudt kort, eg synest det er uflaks, men han treff han, seier Brann-spelaren, som var svært tett på situasjonen.
Viaplay-ekspert Erik Huseklepp er einig Brann-leiren og meiner avgjerda var streng.
– Han prøvar å trekkje til seg foten, det burde dommaren ha sett. Då kunne VAR sett på han, meiner Huseklepp.
NRKs ekspert Carl Erik Torp er derimot meir delt i synet på utvisinga.
– Det er klønete av Sørensen som set seg sjølv i den situasjonen. Han tar ein risiko der. Han prøvar å trekkje seg, men kontakten er klar. Då er det vanskeleg å seie noko på den avgjerda. Det er veldig synd for Brann, for dei såg fantastiske ut dei første 35 minutta. Det blir ein direkte avgjerande situasjon for Brann sine moglegheiter, seier Torp.
Han får støtte frå Viaplays kommentator, Lars Tjærnås, som meiner dommaren hadde sitt på det tørre.
– Det er tre kriterium som gjeld: kraft, fart og treffpunkt. Eg meiner, diverre, at den er grei og kan forsvarast. Han kjem inn med tre–fire stegs fart og treff så høgt at det er rett å gi det raude, seier Tjærnås.
TI MANN: Brann blei tidleg ein mann mindre på banen mot Bologna.
Foto: PIERO CRUCIATTI / AFP / NTBUnødvendig
Einig eller ueinig i det raude kortet. Ekspertane var i all fall samde om kva det hadde å seie for resten av kampen.
– Å spele med ein mann mindre, det er ingen enkel oppgåve, seier Hegerberg.
– Det tar vekk veldig mykje av momentumet til Brann i kampen, som var veldig bra. Vi var kjempefornøgde fram til det 38. minuttet der Sørensen får det unødvendige raude kortet, seier Torp.
I andre omgang sette også italienarane sitt første mål i kampen, og det andre i oppgjeret. João Mário sette kampens einaste mål, og sender Bologna til åttedelsfinale.
Publisert 26.02.2026, kl. 22.52 Oppdatert 26.02.2026, kl. 22.54










English (US)