Raude halvmåne: Hjelpearbeidarar blei skotne «med intensjon om å drepe»

5 hours ago 3


– Dei blei skotne i den øvre delen av kroppen, med intensjon om å drepe.

Dette seier Younis al-Khatib, leiar av palestinsk Raude halvmåne, om dei 15 legane og redningsarbeidarane deira som blei drepne i eit israelsk angrep sist månad.

Al-Khatib viser til rettsmedisinske undersøker gjennomført etter skyteepisoden på Gazastripa, som han krev blir etterforska internasjonalt.

Raude halvmåne har publisert denne videoen av angrepa mot ambulansane. Den viser at dei køyrde med blålys, noko IDF tidlegare hadde hevda dei ikkje gjorde.

Det israelske militæret (IDF) hevdar at soldatane skaut mot køyretøya «på grunn av ei trusselkjensle», og at det var seks Hamas-krigarar blant dei drepne.

Al-Khatib avviser at nokon av hans tilsette om bord var tilknytte Hamas.

Norsk lege: – Utrygt å ha på seg vestane

Ambulansepersonell som legeteamet til Norwac har snakka med i Gaza, føler seg meir utsette for angrep no enn før.

Det seier ein av dei, ortopedisk kirurg Oliver Grundnes, til NRK.

– Dei fortel at det no er utrygt å ha på seg vestane sine når dei er ute og skal hente folk som er skadde, fortel han.

En mann i legeuniform fra Norwac står foran en hvit vegg med armene i kors

Grundnes og kollegaane hans i Norwac kom til Gaza 24. mars. Dei blir avløyste av eit nytt team om ti dagar.

Foto: Privat

– Ambulansearbeidarar, journalistar og hjelpearbeidarar har jo vore ... om ikkje målskiver, så er det iallfall tapstal som til no har vore ukjende.

Grundnes, som held til på Det europeiske sjukehuset i Khan Younis, seier det har kome inn langt fleire menneske med «ekstreme skader» sidan våpenkvila blei broten.

– Slik som tidlegare er det eksplosjonsskadar frå bombenedslag som gjer at dei har mista ein lem, har skadar i buken, skadar i lungene, seier Grundnes.

– Det nye er at vi også ser ein del skotskadar. Folk som er skotne i hovudet, eller i buken.

Ambulansearbeidarar med vestane på i gravferda til kollegaar i Gaza

Det blei halde gravferd for dei døde hjelpearbeidarane i Khan Younis 30. mars.

Foto: - / AFP / NTB

Ingen naudhjelp på over ein månad

Grundnes og kollegaane hans i Norwac kom til Gaza 24. mars. Dei blir avløyste av eit nytt team om ti dagar.

Det har gått fire og ei halv veke sidan Det europeiske sjukehuset har fått naudhjelp utanifrå.

– Mat er veldig mangelvare, og reint vatn. Dei får ikkje inn utstyr for å reinse vatnet, så dei slit med det. Vi slit med å få inn medisinar og medisinsk utstyr, seier Grundnes.

– Mange av dei operasjonane vi gjer her no, skjer ikkje under forhold vi er vane med, det som vi kallar for sterile omgjevnader.

Her syng operasjonssjukepleiar Suleman Derby om mora, faren og broren han har mista, medan han er på jobb saman med Oliver Grundnes. Dei tilsette på sjukehuset er svært slitne, seier den norske legen.

Dette gjer at pasientane berre blir opererte for livreddande behandlingar, og at «veldig mange» får infeksjonar i prosessen, fortel han.

– Det er klassiske krigsbakteriar som veks her. Det veks fram ein bakterieflora som vi ikkje er kjende med i det heile tatt.

– Vi får gitt hjelp, men det er på ingen måte optimal hjelp.

Sidan våpenkvila i Gaza blei broten sist månad, har nesten 400.000 palestinarar blitt sende på flukt frå israelske angrep.

Seks FN-byrå og fleire statsleiarar ber måndag om at Israel og Hamas legg ned våpena

Publisert 07.04.2025, kl. 19.52

Read Entire Article