– Det kan hende det er den einaste gongen i karrieren min at eg får oppleve noko så stort.
Vilde Nilsen tenker tilbake til verdsmeisterskapen i Trondheim for ganske nøyaktig eit år sidan.
Langrennsløparen sit igjen med eit minne om eit jubelbrøl i Granåsen som var like høgt for parautøvarane som for dei funksjonsfriske.
GULLJUBEL: I Trondheim vann Vilde Nilsen VM-gull. No fryktar ho at inkluderinga ho kjente på i fjor, var eit eingongstilfelle.
Men draumen om ein ny folkefest i Sverige blir no knust.
VM-arrangøren bekreftar nemleg til NRK at parautøvarar ikkje er ein del av planen for ski-VM i Falun neste år.
– Det er eit ekstremt stort steg tilbake, meiner Nilsen.
– Ein katastrofe
Den svenske parautøvaren Arnt-Christian Furuberg legg ikkje skjul på skuffelsen over at Sverige no vel å utelate parautøvarane frå det offisielle programmet.
– Visst vi ikkje blir inkludert i Falun, er det ein katastrofe. Vi blir behandla slik vi vart for 50 år sidan. Det er ikkje greitt, og vi kan betre enn som så, slår Furuberg fast til NRK.
TYDELEG: Arnt-Christian Furuberg meiner det er ein katastrofe om paraøvingane blir utelaten frå Falun i 2027.
Foto: Ole Martin Wold / NTBHan har kjempa i møter med den svenske VM-leiinga for å få til ein liknande løysing på heimebane, men fryktar at døra no blir stengd.
– Det ville vore det mest viktige i heile mi karriere å få vise fram paraidretten for heile ski-Sverige, seier Furuberg.
– Hylla som ein funksjonsfrisk utøvar
For tromsøværingen Nilsen er beskjeden frå nabolandet tung å svelga.
– Heile opplevinga med å få oppleve den meisterskapen på same måte som ein funksjonsfrisk utøvar var nok det eg sette høgst.
– Å verkeleg kjenne på den inkluderinga, forklarar Nilsen.
Furuberg er einig. Han beskriv suksessen i Trondheim som viktigare for sporten enn sjølv eit Paralympics.
– Dersom vi blir inkludert og synlege på same arenaer og medium samtidig med dei funksjonsfriske, så vert vi tatt på større alvor og sporten kan lettare vokse.
ALDRI IGJEN? Vilde Nilsen fryktar at ho aldri får oppleve ein meisterskap som i Trondheim igjen.
Foto: Gorm Kallestad / NTBNilsen fortel at meisterskapen i Trondheim var første gong ho kjente seg som ein fullverdig toppidrettsutøvar på den store scena.
– Ein kjenner litt på den same kjensla som dei funksjonsfriske, med at ein blir heia inn frå alle kantar i løypa inn til mål, og blir hylla som ein funksjonsfrisk utøvar.
Denne kjensla får ho likevel ikkje kjenne på i 2027.
Svensk nei
For trass i suksessen i Noreg, blir det ikkje aktuelt for svenskane å inkludere paraøvingar i meisterskapet deira.
Kajsa Sjösvärd er fungerande administrerande direktør for Falun 2027.
Ho hevdar at stadion er for liten og programmet for tett til å få plass paraøvingar.
– Eg skulle så gjerne ønske at alle skulle få plass. Det er viktig for oss å tilby denne arenaen til så mange som mogleg, men ein stad treng vi dessverre å dra grensa, fortel Sjösvärd til NRK.
Sjösvärd trekk fram økonomi, tidsmangel og logistikk som årsaker til at det ikkje blir nokon parautøvarar å sjå i meisterskapen.
– Men dei klarte det i Trondheim i fjor?
– Ja, og da såg nok opplegget litt annleis ut. Vi har sett litt på korleis det såg ut i Trondheim og gjekk over det til føresetnadene våre, og då har vi ikkje den moglegheita.
– Viktig for eige sjølvbilde
Nilsen er skuffa over avgjerda til svenskane.
– Ein vil jo ikkje føle at ein held på med dette berre for gøy, eller at vi skal ha noko artig å drive med berre fordi vi er parautøvarar, forklarar ho.
– Vi held på med dette like seriøst som alle andre toppidrettsutøvarar.
SKUFFA: Parastjerna reagerer sterkt på at det ikkje er funnen plass til paraøvingar i VM-programmet for 2027.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKNettopp derfor var opplevinga i Trondheim så stor for Nilsen.
Der blei ho ikkje behandla som ein parautøvar, men som ein av dei beste skiløparane i verda.
– Det å få kjenne på inkluderinga i Trondheim og kjenne seg på lik linje som Therese Johaug og dei som var der, det var viktig for eige sjølvbilde.
Og derfor svir også beskjeden frå Falun litt ekstra.
– Det blir for dumt at ein berre skal gå frå noko så bra til at vi berre blir ekskluderte igjen.
Vilde Nilsen går sin første konkurranse i Paralympics tysdag 10. mars.
Publisert 02.03.2026, kl. 18.56











English (US)