Putin med utsegn om dronar over Danmark: – Ein ganske dårleg spøk

4 days ago 10


Talen omhandla Russland sitt forhold til USA og situasjonen i Ukraina.

Men då presidenten fekk eit spørsmål om dronane i Danmark, svarte Vladimir Putin spøkefullt:

– Eg skal ikkje flyge fleire dronar til Danmark, eg lovar.

Russland har nekta for å stå bak droneaktiviteten som har vore i Danmark den siste tida.

Putin i svart dress står på en scene

Russland sin president Vladimir Putin deltok på eit møte i Sochi i Russland 2. oktober.

Foto: MIKHAIL METZEL / AFP / NTB

Seniorforskar Jakub M. Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) meiner at utsegna er del av hybridkrigen.

– Dette er typisk Putin. Han veit korleis han skal nære opp under utryggleik, seier Godzimirski til NRK.

– Hovudmålet er å skape meir utryggleik

Godzimirski er ikkje overraska over Putin sin «ganske dårlege spøk».

– Dette er ikkje første eller siste gong vi må rekne med at det er snakk om manipulering av informasjon.

Godzimirski forklarar at utsegna er «ein del av spelet som heiter hybridkrig», og var eit «sidespor» bort frå talen.

– Putin vender seg til ulike publikum. Eit slikt utsegn kommuniserer til Vesten, men får også merksemd i russiske medium.

Jakub Godzimirski forsker NUPI

Seniorforskar Jakub M. Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

Foto: Tom Balgaard / NRK

Ifølgje forskaren er det russiske publikummet er meir vane med ein meir «spøkefull» Putin.

Målet med hybridkrig er å skape «utryggleik og skremme».

Det er vanskeleg å vite kven som har skuld i droneflygingane i Danmark. Det at Russland nektar for å stå bak, er også del av strategien deira, ifølgje forskaren.

– Hovudmålet er å skape meir utryggleik. Det er ikkje å forvente at Putin kjem med ei innrømming.

– Å forstå seg på russisk politikk er like vanskeleg som å forstå seg på radiobølgjer og kjærleik, legg Godzimirski til.

– Dette er ei farleg ferd

Også Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, meiner at utsegna er meint for å skape meir utryggleik.

– Her treffer Russland ei nerve fordi veldig mykje av det som skjer i Europa av hybridkrigføring skuldast påviseleg Russland, seier Neumann til NRK.

Samstundes er han tydeleg på at Europa ikkje kan skulde all uønskt aktivitet på Russland.

Iver B. Neumann i Nyhetsmorgen 17. februar 2024

Direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt.

Foto: Lars Os

Neumann er uroa for utviklinga av måten statsleiarar kommuniserer på.

– Det er eit sjukdomsteikn i internasjonal politikk og i diplomati at det skal bli kommunisert på den måten, seier han til NRK.

– Putin gjer det ikkje lettare med å lage eit klima av desinformasjon og så kalla humor. Verda er vanskeleg nok som det er, legg han til.

en mann i dress som holder en mappe

Putin på veg ut på scena i Sochi.

Foto: MIKHAIL METZEL / AFP / NTB

Neumann trur vi må sjå langt etter ei innrømming frå Russland når det gjeld hybridkrigføringa i Europa.

– Russarane er gode til å ikkje innrømme at det er dei som står bak. Det er eit poeng for russarane at vi ikkje kan ta det dei seier for god fisk.

– I ein atomalder er det å spøke med denne type signalisering svært farleg. Dette er ei farleg ferd.

Neumann trur det luraste Europa kan gjere no er å ikkje respondere på utsegna.

«Skuggeflåte» under etterforsking i Frankrike

Onsdag tok franske styrkar seg om bord i det russisk-tilknytt tankskipet «Pushpa».

Ifølgje nyheitsbyrået AFP er skipet mistenkt for å vere involvert i droneflygingar over Danmark.

Det er ein god hypotese. Eit skip kan ha mindre ramper for større dronar og kan roleg segle vidare. Dette er eitt av fleire skip som er i dansk søkelys.

Det seier Tom Røseth som er hovudlærar i etterretning ved Forsvarets kommando- og stabsskole.

et stort skip i vannet

Tankskipet «Pushpa» blir no etterforska av franske myndigheiter.

Foto: DAMIEN MEYER / AFP / NTB

Verken Danmark eller Frankrike vil stadfeste om skipet er knytt til droneaktiviteten som har vore over Danmark.

To personar frå besetninga på skipet er pågripne av franske myndigheiter, ifølgje aktoratet melder AFP.

Skipet skal vere del av den russiske skuggeflåta, og er svartelista av EU.

«Pushpa» knytt til den russiske skuggeflåta er ofte vanskeleg å spore etter som dei seglar under forskjellige flagg.

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:

Publisert 03.10.2025, kl. 00.19

Read Entire Article