– Det var eit forferdeleg mareritt, og psykisk tortur.
Det seier Sabaté til avisa ABC. Han har amyotrofisk lateral sklerose (ALS), og treng ein respirator som er kopla til straum for å leve.
Då straumen gjekk i store delar av Sør-Europa måndag, av årsaker som enno er ukjende, var han avhengig av reservebatteriet i ni timar.
– Eg kom meg igjennom situasjonen, seier han til den spanske avisa, men legger til:
– Dersom det hadde gått ein dag til, og eg ikkje hadde klart å ringe ein ambulanse som kunne ta meg til sjukehuset, ville eg vore død.
Store delar av Barcelona var heilt utan straum måndag.
Foto: JOSEP LAGO / AFP / NTBJose Maria Casais (72) har kols og treng ei anna slags pustemaskin – ein oksygenkonsentrator som gjer det lettare for kroppen å ta opp oksygen.
– Eg kan ikkje puste skikkeleg. Med det same eg anstrenger meg, går eg tom for oksygen. Eg går allereie tom no som eg snakkar, seier han til Reuters.
Han var på veg heim for å lade batteria då straumen gjekk, og venta ved inngangen til naboane kom heim. Dei bar han opp trappene til leilegheita.
Heile kvelden sat Casais og tenkte: når går eg tom for oksygen?
– Den er meint for naudstilfelle, ikkje ti eller tolv timar, seier han om tanken i ryggsekken.
I mange timar sat Jose Maria Casais i heimen sin med berre ei lommelykt.
Foto: Nacho Doce / Reuters / NTBOvernatta på stasjonsgolvet
Folk som hadde billettar ut frå Barcelona stasjon i går, har enda opp med å overnatte der inne, melder BBC.
Kringkastaren har møtt ei kvinne ved namn Ariani, som seier ho kom til stasjonen med den ti år gamle dottera si klokka 20 måndag kveld.
Tysdag føremiddag venta dei framleis på svar, fordi passasjerar som har tysdagsbillettar frå før blir prioriterte. Dei skulle eigentleg reist til Madrid i går.
– Folk som hadde tog klokka fem hadde sove heime, dukka opp nydusja, og fekk reise rett av garde, seier Ariani.
Fleire valde å vente på stasjonsgolvet i Barcelona natt til tysdag.
Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB– Vi sov på golvet som hundar.
Andre som BBC har møtt på staden seier at hotella i nærleiken er fulle alle saman, og at dei berre har fått ein liter vatn av stasjonstilsette.
Tysdag ettermiddag gjekk jernbanetransporten framleis halvparten så raskt som vanleg, melder avisa El País.
Samferdsleministeren i Spania varslar at hurtig- og langdistansetenester vil opne opp att gradvis.
Tysdag er mange spanske togstasjonar fullpakka av ventande passasjerar. Her i Barcelona.
Foto: Emilio Morenatti / AP / NTBÅtte regionar i unntakstilstand
Spanias statsminister Pedro Sánchez kunngjorde seint måndag at åtte av landets 17 regionar var under unntakstilstand som følge av straumbrotet.
Styresmaktene i desse regionane bad om dette sjølve. Det gav regjeringa høve til å koordinere kriseresponsen, og å mobilisere militæret dersom det var nødvendig.
Alberto Núnez Feijóo leiar Spanias største opposisjonsparti, Partido Popular (PP). Han meiner at Sanchez reagerte altfor seint.
– For PP finst det meir enn nok grunnar til at regjeringa burde ha erklært unntakstilstand på eige initiativ, og ikkje først etter førespurnadane, seier han til TV-kanalen Telecinco.
Alberto Núnez Feijóo, leiar av opposisjonspartiet PP i Spania, er kritisk til korleis regjeringa har handtert straumbrotet.
Foto: Paul White / AP / NTB– Dersom eit straum- og kommunikasjonsbrot som det vi har opplevd ikkje er nok til å utløyse ein umiddelbar nasjonal unntakstilstand, kva må eigentleg til?
Skal granske årsaka
Den spanske regjeringa har oppretta ein kommisjon for å granske årsakene til det omfattande straumbrotet.
Det seier Sánchez tysdag, og legger til at ingen moglege årsaker førebels er utelukka.
– Vi skal setje i verk alle nødvendige tiltak for å sikre at dette ikkje skjer igjen, held han fram.
Samtidig avviser han at overproduksjon av fornybar energi var årsaka. Sánchez seier at teknikarar framleis arbeider med å slå fast kva som har skjedd.
Regjeringa i Spania lovar at dei SK
Foto: Nacho Doce / Reuters / NTBSpania sin straumnettoperatør REE sa tidlegare tysdag at ei foreløpig vurdering nærast hadde utelukka at eit dataangrep står bak for straumbrotet i Spania og Portugal.
Europakommisjonen seier tysdag at de vil ta lærdom av hendinga måndag, når konklusjonane er klare.
– I tett samarbeid med nasjonale straumnettoperatørar vil Brussel sjå nøye på årsakene til straumbrotet, kor godt EU var førebudd, og kva for erfaringar ein kan trekke frå ei slik hending, seier hovudtalsperson Paula Pinho.
Publisert 29.04.2025, kl. 20.27