På ny er det politisk drama rundt pumpeprisen.
For vanlege bilistar kan prishoppa verke tilfeldige. Men bensinprisen er eigentleg eit fininnstilt urverk som speglar alt frå uro i Hormuzsundet til korleis vi finansierer den norske velferdsstaten.
Dette betaler du eigentleg for når du fyller tanken:
Innkjøpsprisen på råvare
Her er vi prisgitt råvarebørsane i London og New York. Når krigen i Midtausten skaper usikkerheit, eller OPEC-kartellet strammar grepet, slår det med ein gong ut på den norske pumpeprisen.
I tillegg kjem valutaeffekten: Råolje blir handla i dollar. Når den norske krona er svak, importerer vi i praksis inflasjon rett inn i drivstoffslangen, som ein slags usynleg tollmur.
Avgiftene: Skjerven til staten
Dette er «brytarane» som Stortinget kan skru på, og som dei slåst om. Avgiftene er i hovudsak tredelte:
- Vegbruksavgift: Ei avgift som skal dekke kostnadene for samfunnet for slitasje på veg, ulykker og støy. I 2026 utgjer denne 3,77 kroner per liter bensin og 2,28 kroner for diesel.
- CO2-avgift: Dette er staten sitt viktigaste verktøy for å få folk over på elbil. Det skal koste å forureine. Ifølge Klimameldinga skal denne trappast kraftig opp fram mot 2030.
- Meirverdiavgift (Moms): Staten legg 25 % moms på toppen av både produktprisen og dei andre avgiftene.
Bruttoavansen: Marginane
Dette er det selskapa sit igjen med. Det skal dekke transport, drift av stasjonar, lønn til dei tilsette og vedlikehald.
Så mykje betaler du for dei ulike komponentane
Ved «vanleg» oljepris på 70 dollar fatet, og ein like «vanleg» pumpepris på 21,25 kroner, betaler du så mykje for dei ulike komponentane per liter:
- Råvarepris 7,50 kroner (35 prosent av totalen)
- Faste avgifter 7,50 kroner
- Bruttoavanse 2,00 kroner
- Moms 4,25 kroner
Ved eit «høgpris-scenario», som i dag, fordeler kostnadane seg slik:
- Råvarepris 11,50 kroner (43 prosent av totalen)
- Faste avgifter 7,57 kroner
- Bruttoavanse 2, 00 kroner
- Moms 5,25 kroner
- Totalpris: 26,32 kroner
NRK
«Pumpe-indeksen»: Kor mykje bensin får du for ei timelønn?
1980: Ein gjennomsnittleg industriarbeidar måtte jobbe i ca. ni–ti minutt for å ha råd til éin liter bensin.
NRK
2010
Den same arbeidaren måtte jobbe i ca. 5–6 minutt.
Rolf Petter Olaisen / NRK
2026
Trass i prisar på 27–28 kroner, gjer lønnsveksten dei siste tiåra at vi framleis berre må jobbe i ca. 6–7 minutt for den same literen.
NRK
Dyrtid ved pumpene
Historisk sett har bensinprisen følgt den generelle prisveksten tett. Det som gjer 2026 unikt, er at drivstoffprisane nå stig raskare enn den generelle konsumprisindeksen (KPI). Vi har altså ei reell dyrtid ved pumpene som ikkje berre kjem av at «alt blir dyrare», men at energikostnadene drar frå resten av feltet.
Bensinprisen kan falle med 4,71 kroner
Då Trygve Slagsvold Vedum var gjest i Politisk kvarter torsdag morgon, varsla han at Senterpartiet vil støtte Høgre sitt forslag om å fjerne vegbruksavgifta mellombels fram til 1. september.
– Vi kjem til å stemme for forslaget om å kutte i vegbruksavgifta, og så legg vi fram fleire forslag, sa Sp-leiaren i studio.
Dersom vegbruksavgifta blir fjerna, anslår NAF at bensinprisen kan falle med 4,71 kroner og dieselen med 2,85 kroner (inkludert moms-effekten).
Vedum anslår at tiltaket vil koste staten rundt 5 milliardar kroner.
Til dette svarer leiar for finanskomiteen på Stortinget, Tuva Moflag (Ap) at Senterpartiet orkestrerer eit parlamentarisk bakhaldsangrep som truar den økonomiske stabiliteten.
– Om vi får fleirtal i dag som bruker 4 milliardar kroner på 24 timars varsel, så vil det vere eit brot på budsjettavtalen, seier ho
– Dette er ikkje ein ansvarleg måte å drive eit land på.
I USA kostar ein liten bensin rundt 12 kroner. Det høyrest lite ut for norske bilistar, men skaper overskrifter i USA. Prisane der har auka med nesten 30 % på éin månad på grunn av uroa i Midtausten, og debatten om «4-dollar-gas» er like heit i den amerikanske valkampen som bensinprisen er på Stortinget.
Foto: Brian Snyder / REUTERS,NTB– Eit helsikes kappløp for å markere seg
Mathias Fischer i tankesmia Initiativ vest kallar drivstoffdramaet eit «helsikes kappløp for å markere seg».
– Enten er dei høge drivstoffprisane eit kortvarig fenomen, og då er det unødvendig med tiltak, seier han.
– Eller så har prisane komne for å bli, og i så fall må ein finne ei heilskapleg og langsiktig løysing.
I det politiske spelet på Stortinget har søkelyset vore retta mot personbilar og transportnæringa på veg.
På same tid er marginane til fleire vestlandsbedrifter under press.
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum
Høgre har foreslått å fjerne heile vegbruksavgifta så raskt som mogleg og fram til 1. september i år. Torsdag endra partiet at kutta skal gjelde «Frå den tid departementet bestemmer», og ikkje 1. april som tidlegare varsla. Det opnar potensielt opp for at Ap kan trenere forslaget, altså dra ut forslaget slik at det kan behandlast i revidert statsbudsjett i mai.
Benyamin Farnam / NRK
Ingrid Liland, MDG
Det er trist å sjå at Senterpartiet vel kortsiktig dieselpopulisme saman med høgresida, framfor ansvarleg klima- og fordelingspolitikk med raudgrøn side.
Tom Balgaard / NRK
Lars Haltbrekken, SV
Folk går ei krevjande tid i møte, mange har allereie strekt økonomien til brestepunktet. Sjølv ei uendra rente blir opplevd tung når prisane er så høge som dei er nå, da er det klart at utsikter til auke gjer uroa større, da er det klart at vi politikarar må trygge folks økonomi.
Tom Balgaard / NRK
Henrik Asheim, Høgre
Først prøvde Ap å stanse forslag i Stortinget, så har dei skulda parti for ansvarsløyse og nå seier dei at dei ikkje vil følge opp. Arbeidarpartiet må sjølv ta ansvar for at dei har mista kontrollen. Støre-regjeringa manglar retning og landet manglar ei handlekraftig regjering.
Lars Martin Hunstad / NRK
Sylvi Listhaug, Frp
Med den sterke prisveksten på både mat og drivstoff, har Ap nå høve til å dempe prisveksten ved å stemme for Frps forslag om å fjerne vegbruksavgifta på drivstoff, fjerne CO2-avgifta på anleggs- og marinediesel og dessutan å halvere matmomsen.
Tor Arne Borge, administrerande direktør i Kystrederiene, seier at sjøtransporten er like avhengig av drivstoff som lastebilane, og blir ramma «minst like hardt»:
– Det held ikkje å berre rette tiltaka mot vegtransport. Realiteten er at drivstoffprisane har blitt så høge at det i periodar ikkje er lønnsamt å frakte gods langs kysten utan å velte kostnadene over på forbrukarane.
For ein vanleg bilist kan det svi å fylle tanken for 1500 kroner.
For ein reiar som Snorre Eidshaug, er tala av ein annan dimensjon.
– Bunkersprisen har auka med nærare 50 prosent på kort tid. For dei to skipa våre betyr det ein kostnadsauke på rundt 1,4 millionar kroner i månaden, seier han.
– Dersom dette fortset, må vi vurdere permitteringar.
Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
Publisert 26.03.2026, kl. 15.18











English (US)