PST meiner prorussiske hackarar står bak dams­abotasje

2 days ago 2


PST-sjef Beate Gangås trakk fram hendinga i Bremanger under ein presentasjon på Arendalsveka onsdag.

Det melder VG.

I presentasjonen fortalde ho at det i aukande grad blir gjennomført cyberoperasjonar mot mål i Vesten der hensikta er å forårsake merkbare eller synlege resultat.

– Det siste året har vi også sett ei endring i aktiviteten frå prorussiske cyberaktørar, seier Gangås.

– I april blei ein demning på Vestlandet utsett for ein slik operasjon. Hensikta med denne typen aksjonar er å bidrege til påverking, samt skape frykt eller uro i landets befolkning, seier Gangås ifølgje VG.

Etterforsking avdekka video

Det var 7. april at Breivika Breivika Eigedom, som er selskapet som eig dammen ved utløpet av Risavatnet, oppdaga ein uautorisert tilgang til eit panel som fjernstyrar ein av ventilane til dammen.

Ventilen blei opna til hundre prosent, og tilgangen varte i underkant av fire timar, sa teknisk leiar Bjarte Steinhovden til Energiteknikk etter hendinga.

Steinhovden ville ikkje spekulere i kven som sto bak hendinga, men meinte det truleg var eit for svakt passord som gjorde at uautoriserte fekk tilgang.

Saka vart meld til politiet og følgd opp av Kripos, før etterforskingsansvaret vart overtatt av PST.

Dei ville undersøke om hendinga vart utført på vegner av ein framand stat som ein del av ein påverknadsoperasjon, fortalde politiadvokat Niklas Hafsmoe i Politiets tryggingsteneste til NRK i juni i år.

Etterforskinga til Kripos avdekka mellom anna ein video av kontrollpanelet knytt til demningsanlegget.

Påtaleansvarlig Terje Nedrebø Michelsen i PST.

Politiadvokat i Kripos, Terje Nedrebø Michelsen.

Foto: Øyvind Bye Skille

Videoen hadde eit statisk vassmerke som namngir ei prorussisk cyberkriminell gruppe, og vart publisert av antekne gjerningspersonar på Telegram 7. april i år, ifølgje politiadvokat i Kripos, Terje Nedrebø Michelsen.

– Uføreseieleg

På Arendalsveka onsdag seier Gangås at slike operasjonar har eit mål om å gje merkbare eller synlege resultat.

– Dei vil ikkje nødvendigvis spreie øydelegging, men vise kva dei er i stand til, seier Gangås ifølgje VG.

Beate Gangås i dress

Arkivbiletet av Beate Gangås er frå PST si framlegging av trusselvurderinga for 2025

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Gangås skal ha uttalt under arrangementet at statlege aktørar bruker fleire ulike verkemiddel, mot spesifikke sårbarheiter i motstandarens samfunn.

– Det kan vere undergravingsverksemd, påverking, polarisering og fordekt etterretningsverksemd – verkemiddel som har til hensikt å svekke vår sikkerheit, men som ikkje kan definerast som krigshandlingar.

– Dette er verkemiddel og metodar som Russland nyttar for å påverke sikkerheitssituasjonen i andre land. Målet er å påverke det norske samfunnet, spreie uro og ustabilitet, samt kartlegge våre styrker og svakheiter, sa PST-sjefen ifølgje VG.

Ho beskreiv vidare situasjonen som uføreseieleg, og sa at det er stort sannsyn for at Russland utfører fleire aksjonar mot ulike mål i Europa.

Presentasjonen kom under eit arrangement med temaet «Hybnidangrep mot Noreg – er vi i krig?».

Gangås deltar på arrangementet saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik og etterretningssjef Nils Andreas Stenøsnes.

Etterretningssjefen opna med å avvise at Noreg er i krig, men uttalte at Putin at reknar Russland for å vere i varig konflikt med Vesten.

Publisert 13.08.2025, kl. 13.17 Oppdatert 13.08.2025, kl. 13.59

Read Entire Article