– Langrenn har blitt ein relativt kostbar idrett som krev mykje utstyr. Ski blir berre dyrare og dyrare, seier Tildheim Andersen.
Han har vunne verdscuprenn og kome seg på landslaget i langrenn – utan spesielle økonomiske midlar frå familien i ryggen som ungdom.
– Fram til junioralder hadde eg eitt par konkurranseski i klassisk og skøyting, og eg vann junior-NM som 17-åring med eitt par ski, seier landslagsløparen.
Familien måtte ta vanskelege val då Iver var ung juniorløpar, og han hugsar spesielt godt eitt av dei.
Men det kan sjå ut som det blir færre løparar som Iver.
Ei NRK-undersøking har tatt føre seg foreldra på landslaga i dei nordiske greinene.
Og undersøkinga viser at foreldra på langrennslandslaget, tente i snitt 1,5 gonger så mykje som fylkessnittet, det året borna var 15 år.
På rekruttlandslaget er forskjellane endå større.
Tildheim Andersen kallar tala NRK legg fram, for «absolutt ein liten tankevekkar».
Tente 1,5 gongar så mykje
Langrenn er rekna som Norge sin nasjonalidrett, sjølv om medlemstala går ned.
Økonomi skal ikkje vere ein barriere for deltaking i idretten, er målet til idrettsforbundet.
Men kor lett er det eigentleg for alle som ønskjer det å satse på langrenn i dag?
Kan familieøkonomi vere ein barriere for nokre av dei som ønskjer å satse?
I vinter skal VM i nordiske greiner arrangerast i Trondheim.
NRK har derfor undersøkt inntektene til foreldra på landslaga i langrenn, kombinert og hopp.
Vi har undersøkt snittinntekta til foreldra på årets langrennslandslag det året utøvaren fylte 15 år, og samanlikna dette med fylket dei budde i. Undersøkinga NRK har gjort, er basert på søk i skattelistene
Funna viser at foreldra til 16 av 21 utøvarar på langrennslandslaget, hadde høgare inntekt enn gjennomsnittet i fylket.
Til saman tente dei 1,5 gonger så mykje som snittet av 35–65-åringar i sitt fylke.
Halvparten tente det doble
Vidare hadde foreldra til 9 av 10 utøvarar på rekruttlandslaget i langrenn høgare inntekt enn gjennomsnittet i fylket sitt det året borna deira var 15 år.
Og ikkje berre det:
Halvparten av rekruttlangrennsforeldra hadde dobbelt så stor inntekt som fylkessnittet.
NRK har også undersøkt foreldra til landslagsutøvarane i hopp og kombinert, men det er langrennsforeldra som er «rikast»:
Måtte droppe treningsleir
Iver Tildheim Andersen vaks opp med foreldre som var lærarar i skule og barnehage.
Inntektene deira i nedre sjikt i NRK-undersøkinga.
– Foreldra mine støtta meg og kjøpte utstyr til meg. Men dei signaliserte til meg at det var dyrt. Det er litt urovekkande at dei med vanleg inntekt, synest langrenn er ein dyr idrett å drive med, seier landslagsløparen.
Som førsteårs junior tok ikkje familien seg råd til at Iver fekk bli med Rustad IL på treningsleir i Ramsau i Austerrike.
– Det vart for dyrt med omsyn til det satsingsnivået eg hadde då. I staden vart det haustferie på fjellet med faren min, seier Tildheim Andersen.
– Element i mange idrettar
I langrennsmiljøet ser dei fleste NRK har snakka med, ikkje på økonomi som avgjerande for å lykkast.
Og dei trur heller ikkje langrenn skil seg ut frå andre idrettar.
– Økonomi er eit element i dei fleste idrettar, også langrenn. Uansett kva du driv med, så kostar det noko, seier langrennspappa John Harald Amundsen, som representerer ein av dei 16 familiane som ligg over snittet i undersøkinga.
Låge langrennskostnader
Amundsen har sonen Harald på seniorlandslaget og dottera Hedda på rekruttlandslaget.
Han fortel at dei ikkje hadde høge utgifter på langrenn, då borna var yngre.
– Økonomi var ikkje noko vi prata mykje om. Vi hadde låge kostnader på langrenn. Harald og Hedda hadde eit par klassiskski og eit par skøyteski kvar, fortel pappa Amundsen.
Han seier at utgiftene dei hadde på fotball, var høgare enn det dei vi hadde på langrenn.
– Særleg for Harald. Utgiftene var ikkje så høge på dei to døtrene våre som spelte fotball. Men utgiftene totalt på fotball gjekk nok langt utover det vi brukte på langrenn, seier John Harald Amundsen.
– Er det tilfeldig at ni av ti foreldrepar for langrennsrekruttane hadde foreldre med høgare inntekter enn gjennomsnittet?
– Eg vil ikkje spekulere i det. Det kan vere tilfeldig. Eg trur at dersom de hadde gjort same undersøkinga for eksempel orientering og friidrett, ville de nok sett mykje av det same. Det handlar om kva du prioriterer, seier Amundsen.
Og utdjupar:
– Vi reiste for eksempel nesten aldri til Syden. For vår del har vi fått utruleg mykje glede i klubben og i det utvida langrennsmiljøet. Vi har aldri talt kor mykje vi har brukt på langrenn, men vi har fått utruleg mykje igjen som familie.
Geir Olsen / NTB
– Meir jag no
Dottera til John Harald, rekruttløpar Hedda Østberg Amundsen, seier at økonomi ikkje var noko tema heime hos familien då ho var yngre og begynte å satse på ski.
– Det er kanskje meir jag etter utstyr no enn det var. Då eg heldt på tenkte eg eigentleg ikkje så mykje på om ein måtte ha dei stavane eller dei skia. Så lenge eg hadde eit par ski og nokre stavar og eg kunne gå, så var det bra nok.
NTB
– Du må ha viljen
Rekruttløpar Nora Sanness innser at langrenn er ein idrett som krev ein del ressursar.
– Det er kanskje litt synd at det er litt press på at ein skal ha bra utstyr kontra for eksempel løping, som gjer at ein kanskje er litt avhengig av hjelp heimafrå, i alle fall i startfasen. Men det er jo eksempel på at folk klarer det utan også, seier Nora Sanness.
NTB
– Bruk låneordningane
Anne Kjersti Kalvå håper unge utøvarar kan nytte seg av låneordningar i lokale idrettslag for å kunne drive med den idretten dei vil, uavhengig av økonomi.
– Ein må ikkje alltid ha det nyaste og beste, for det brukte kan vere bra nok det også. Så oppsøk gjerne bytehelger dersom ein treng utstyr til ein billeg penge, eller sal i klubbane, eller kva som helst, for det kostar å drive med idrett.
Delte med søstera
Hedda sin tvillingbror Harald Østberg Amundsen trur funna NRK har gjort, hadde vist endå større sprik om vi også undersøkte alpinlandslaget, men vedgår at det er snakk om eit alvorleg tema.
I likskap med Iver Tildheim Andersen meiner han å sjå eit overdrive utstyrsfokus blant dei yngre.
– Då eg var yngre hadde eg ikkje så mykje utstyr som eg ser mange barn på stadion her har. Det er alt frå Oakley-briller til dei beste stavane og skorne, og det hadde ikkje eg då eg var yngre. Eg hadde kombiski og eg delte utstyr med søstera mi, fortel Østberg Amundsen, som vart intervjua under den nasjonale opninga på Beitostølen.
– Openbert at klasseskiljet aukar
Skiforbundet skriv til NRK at dei meiner det ikkje er grunnlag for å slå fast at foreldra si inntekt er årsaka til at utøvarar har halde fram med langrenn – og til slutt kvalifisert seg på landslag.
– Vi meiner at referansen knytt til fylkessnittet det aktuelle året, ikkje gir grunnlag for å hevde at økonomi er ein føresetnad for å lykkast, seier Espen Graff, som er pressesjef og uttalar seg på vegner av skiforbundet.
NRK-kommentator Jan Petter Saltvedt meiner derimot at tala i den ferske undersøkinga, viser at det er mykje vanskelegare å lykkast som langrennsløpar i Norge, utan gode finansielle ressursar i ryggen.
– Det er heilt openbert at klasseskiljet aukar. Eg trur forbundet har vore bekymra lenge, seier Saltvedt.
Det er ikkje skiforbundet einig i.
– Det meiner vi han ikkje har grunnlag for å slå fast. Ser vi på dei beste og største langrennsprofilane dei siste åra, så har fleire av dei ein bakgrunn der finansielle ressursar ikkje har hatt betydning eller er avgjerande.
Likevel ser skiforbundet at økonomi er ein barriere for fleire, og at dei er djupt bekymra for dei auka kostnadane, ikkje minst til utstyr.
– Vi ønskjer å få fram at dyrt utstyr ikkje er nødvendig for å delta i langrenn, og halde fram det gode arbeidet med bytehelger og anna utstyr. Det finst også støtteordningar som kan bidra positivt, seier Espen Graff.
– Krev foreldre med ressursar
Jan Petter Saltvedt kjenner til at skiforbundet ei stund har prøvd ut diverse tiltak, som skibyte, utlån, smørepool og anna.
– Men dei har ikkje klart å fjerne klasseskiljet, som heilt openbert aukar – når ein tenker på dyre ski-par, kostbar smurning og utgifter til reiser og treningssamlingar, seier Saltvedt, og viser vidare til endra klima:
– Færre og færre stader har stabil vinter så lenge ein skulle ønske. Derfor må folk også flytte seg for å finne ønska forhold. Slikt krev veldig ofte foreldre med ressursar innan både pengar og tid, meiner Saltvedt.
– Kan gå glipp av talent
Iver Tildheim Andersen erkjenner at han sjølv var oppteken av utstyr då han var ung, ofte til foreldra si fortviling.
Trass i at utgiftene i ungdommen måtte haldast nede, så kom langrennsløparen frå Rustad IL seg til verdstoppen.
Men Tildheim Andersen meiner det er fare for at Norge har gått glipp av andre langrennstalent, på grunn av økonomi.
– Eg ser jo at det er dei som er best rusta økonomisk, kjem kanskje lettast til det. Men ein skal uansett ikkje gi opp.
Og legg til:
– Eg trur på ingen måte du må ha ti par ski når du er 15 år. Du har gode føresetnader for å lykkast med eitt par. Hentar du for mykje på gode ski tidleg, kan du få deg ein på trynet når du blir eldre.
Publisert 21.01.2025, kl. 20.11