Professor: – Uansvarleg å kutte renta no

19 hours ago 2


Sjølv om det har gått sakte, så har prisutviklinga i Noreg stort sett vore på veg i rett retning, mot ein prisvekst på kring 2 prosent årleg.

Det er der Noregs Bank ønskjer at den skal ligge, og i januar var prisveksten på 2,3 prosent.

Men måndag kom tala for februar, som peiker i ei anna retning.

I februar gjorde prisveksten eit for mange overraskande kraftig hopp, og landa på 3,6 prosent, samanlikna med februar i fjor.

Fleire av dei store analytikarmiljø, blant dei i DNB og Nordea, rykka ut og sa at eit rentekutt i mars berre var å gløyme.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

– Overraske marknaden

Økonomiprofessor ved University of Minnesota og Universitetet i Oslo, Kjetil Storesletten, går hakket lenger:

– Det er uansvarleg å kutte renta no, seier Storesletten.

Han meiner det kan gå på truverdet til sentralbanken laust om dei vel å kutte renta i mars.

– Det vil styrke forventningane om at banken ikkje har kontroll, og svekke trua på at ein verkeleg ønskjer å få prisveksten ned til 2 prosent, seier Storesletten.

Økonomiprofessoren har tidlegare teke til orde for at sentralbanken heller bør setje opp renta. Det bodskapet gjentek han no.

– Vi ønskjer også å styrke krona. Ein måte på å gjere det på, er å overraske marknaden og heller sette opp renta i mars, seier Storesletten.

Sjekk hva det koster

Fra danske kroner

Til norske kroner

156,47

Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 10.03.2025

Meiner rentekuttet må utsetjast

Økonomiprofessor Hilde Bjørnland ved Høyskolen BI er ikkje like skarp i ordbruken, men meiner også det kan vere lurt å avlyse det lenge kommuniserte rentekuttet i mars.

– Det går framleis godt i norsk økonomi, og arbeidsløysa er låg. Vi har eksplosive statsbudsjett, og det er utsikter til auka handelskrig. Alt dette kan peike i retning av at prisveksten ikkje kjem så raskt ned.

– Difor kan det vere grunn til å utsetje rentekuttet dei har planlagt i mars, seier Bjørnland.

Hilde Bjørnland i dress

Det er ikkje behov for å setje ned renta med det aller første, meiner økonomiprofessor Hilde Bjørnland.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

For ein kan jo også spørje seg kva det gjer med sentralbanken si truverd om dei ikkje kutter renta no i mars, når dei har signalisert det såpass lenge?

– Det er noko med at når ein har annonsert det, så må ein jo seie kva ein gjer av det rentekuttet. Eg meiner ikkje ein skal kansellere det heilt, men ein må skyve det ut i tid, seier Bjørnland.

– Prioriter tydelegare

Og apropos det Bjørnland kallar eksplosive budsjett. Tysdag startar regjeringa arbeidet med statsbudsjettet for neste år.

Korleis politikarane brukar pengar over statsbudsjettet betyr også noko for renta. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har fleire gongar vore oppteken av at regjeringa skal føre ein ansvarleg pengebruk, nettopp for å bidra til at renta kan kome ned.

to menn i dress

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg samlar troppane på Klækken hotell for å kaste auga på tala for neste års statsbudsjett.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

No er det varsla store summar til å ruste opp det norske forsvaret, og i førre veke vart alle partia på Stortinget samde om å auke støtta til Ukraina.

Fleire har stilt spørsmål om kor det er politikarane no skal kutte.

Til politikarane som samlar seg på Klækken hotell på Ringerike tysdag, har Bjørnland følgjande beskjed:

– Regjeringa bør ta innover seg at tida med låge renter og ekspansive budsjett er over.

– Prioriter tydelegare, er oppmodinga til Bjørnland.

Publisert 11.03.2025, kl. 06.50

Read Entire Article