Tesla-gründer og eigar av plattforma X Elon Musk er i hardt vêr etter framferd hans på scena i forkant av presidentseremonien i USA måndag.
Musk pressa høgrehanda mot venstre bryst, før han strakk armen skrått ut i vêret. Så snudde han seg 180 gradar, før han gjentok den same rørsla.
– Det bidrar til å normalisere fascisme og nynazisme, seier Tore Wig til NRK.
Han er professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Uavhengig av kva Musks intensjon faktisk var, meiner Wig at framferda gir grunn til bekymring.
– Når ein så kjent person gjer dette, sender det eit signal om at slike haldningar er meir akseptable. Det kan mobilisere fleire til å støtte den ideologien, åtvarar Wig.
– Alle som bryr seg om demokrati og fridom, bør vere bekymra.
Tore Wig, professor ved Universitetet i Oslo.
Foto: NRK– Vegskilje
I talen sin gjekk Elon Musk høgt ut og sa blant anna at Trump sin valsiger ikkje er ein vanleg siger.
– Dette var eit vegskilje i menneskeleg sivilisasjon, sa Musk.
Han snakka også om tankane om å sende astronautar til Mars og kor fantastisk det vil vere å plante det flagget på ein annan planet for første gong.
– Eg ser fram til framtida, sa Musk medan han gestikulerte frå talarstolen.
Elon Musk er ein viktig støttespelar for Donald Trump, og skal styre Trumps nye effektiviseringsdepartement.
Foto: ReutersIntervjua AfD
Professor Wig peikar på at Musk dei siste månadene har vist stadig meir sympati for saker frå ytre høgre.
Musk har støtta det tyske ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD).
– Berre AfD kan redde Tyskland, skreiv han på X.
Han har òg intervjua partileiaren og skreve ein kronikk i Welt am Sonntag der han skulda tradisjonelle parti for å ha feila.
Det fekk Tysklands visekanslar Robert Habeck til å reagere. Han skulda Musk for å styrke krefter som undergrev demokratiske verdiar.
Elon Musk skriv: «Ærleg talt, dei treng betre skitne triks. «Alle er Hitler»-angrepet er sååå utbrukt.»
Faksimile: X.com / @elonmuskUt mot Scholz
Også statsminister Olaf Scholz seier tysdag at det er uakseptabelt å støtte det ekstreme høgre.
Det fekk Musk til å ty til X igjen:
«Shame on Oaf Schitz!», skreiv han over ein video frå økonomikonferansen i Davos der Scholz har vore deltakar.
Sidan Musk tok over X, har plattforma blitt skulda for å fremje høgreekstreme idear og konspirasjonsteoriar.
Det meiner professor Wig er eit farleg utviklingstrekk.
– Måten X fungerer på no, gjer at du blir meir eksponert for den typen tankegods. Eg trur han har begynt å tru på ein del av dei tinga han sjølv blir eksponert for.
Den tyske forbundskansleren Olaf Scholz på scena under «World economic forum» i Davos.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFP– Minner om nazihelsing
Kroppsspråkekspert Vidar Hansen meiner at Musk sin gest står fram som ein bevisst handling.
– Eg er jo litt overraska at han gjer det. Det er forbatt med ein nazihelsing.
Hansen peikar på fleire element i gesten som minner om ei nazistisk helsing:
– Handa går 45 grader ut og opp frå kroppen, med samla fingrar og handflata vend ned. Det er ofte gjort i eit bestemt tempo for å vise styrkje og makt.
Sjølv om gesten liknar sterkt på ein nazihelsing, kan ein ikkje vere heilt bastant i tolkinga, understrekar eksperten.
Elon Musk siktar høgt med si ny rolle i regjeringa til Donald Trump.
Foto: SAUL LOEB / AFP– Ikkje avskrive
Sigrid Rege Gårdsvoll er kommentator på nettsida Amerikansk politikk.
Ho peikar på at i rørsla rundt Donald Trump så har bruken av ulik symbolikk blitt brukt i mange samanhengar.
– I sitt form og vesen så var dette ei nazihelsing, og så er det ikkje sikkert at det var meint å skulle vere det, seier Gårdsvoll.
Ho meiner at vi ikkje skal overdramatisere dette.
– Men eg synest ikkje at vi skal avskrive dette som tilfeldig heller.
Interessert i utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:
Publisert 21.01.2025, kl. 18.26