DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Arbeidarar i pulvermatindustrien kan puste inn store mengder partiklar og protein.
Her arbeider ein operatør i eit kaffibrenneri, med luftprøveutstyr frå STAMI. (Foto: STAMI)
At eksponering for eit kreftframkallande stoff kan vere ugunstig for helsa, er logisk for alle.
Det er nok mindre sjølvsagt at ein også kan ta skade av å bli eksponert for matvarer.
Manglar kunnskap frå næringsmiddelindustrien
Det kan vere ein av grunnane til at helseeffektane av å produsere næringsmiddel har fått mindre merksemd enn eksponering for kjemiske stoff som vi veit er farlege.
Det meiner Christine Darbakk, forskar på STAMI. Ho har nyleg forsvart sin doktorgrad om støveksponering i næringsmiddelindustrien.
– Dei siste åra har ein blitt meir merksame på at næringsmiddel i støvform kan føre til allergiske reaksjonar, yrkesastma og rhinitt. Det er betennelse i slimhinna i nasen. Med unntak av bakeri, manglar vi studiar som vurderer eksponeringar i denne bransjen, seier ho.
Døme på bestanddelar i støvet som kan gi helseeffektar, er allergen, endotoksinar frå bakteriar og mykotoksin frå sopp.
Kva svevar i lufta?
Darbakk sitt dorktorgradsarbeid teiknar eit tydeleg bilete: Tilsette i pulvermatindustrien blir utsette for høge konsentrasjonar av aerosolar som kan pustast inn. Aerosolar er ørsmå partiklar eller dropar som svevar i lufta.
Dei blir også utsette for luftborne protein og partiklar som kan utløyse betennelsesreaksjonar i kroppen.
I den første studien vart tilsette ved ein norsk fabrikk utstyrt med personleg prøvetakingsutstyr som målte støvnivået gjennom heile arbeidsdagen.
Forskarane tok også prøver under visse oppgåver. Resultata viste konsentrasjonane av aerosolar kunne variere mykje, men at enkelte arbeidsoperasjonar ga svært høge verdiar.
– Vi såg spesielt høge konsentrasjonar av aerosolar hos dei som arbeider med manuell veging og tilsetting av pulver, seier Darbakk.
For arbeidarane betyr det at lungene blir utsette for partiklar som ikkje berre legg seg i nasen og halsen, men også kan trenge langt ned i luftvegane.
Over tid kan det gi luftvegsplager og auka risiko for sjukdom.
Prøvetakarar kan gi ulike tal
Den andre studien sammenlikna to ulike typar prøvetakarar. Dei fanga opp partiklane som kan pustast inn.
Begge vart brukt i ulike typer matproduksjon. Forskarane såg desse resultata opp mot kvarandre.
Forskarane fann at instrumenta ga litt ulike tal for støvmengd og innhald av protein, men at skilnadane var relativt små.
Likevel er det viktig å vere klar over at metoden ein veljer, kan påverke tala. Når ein skal vurdere risiko og utforme tiltak, er det avgjerande at måledata gir eit realistisk bilde.
– Ved å kombinere måling av støv og protein får vi eit meir presist bilde av kva eksponeringar som eigentleg påverkar helsa, seier Darbakk.
Når immunsystemet reagerer
I den tredje studien gjekk forskarane frå måleinstrumenta til laboratoriet. Dei samla støvprøver frå ulike fabrikkar og utsette immunceller for partiklane.
Fleire av prøvene sette i gang ein produksjon av betennelsessignal, som kroppen normalt skil ut ved infeksjon eller irritasjon.
Det var tydeleg at nokre typar partiklar var meir aktive enn andre. Mengda støv spelte ei rolle, men også kva partiklane besto av.
Dermed er det ikkje berre mengda som avgjer risikoen, men også dei biologiske eigenskapane til støvet.
– Det er viktig at vi ikkje ser på støv som éin homogen masse. Dei biologiske eigenskapane kan gjere stor forskjell, seier Darbakk.
Ikke alle protein er farlege
Den fjerde studien tok for seg eksponering for såkalla løyselege protein. Det betyr at dei er løyselege i vatn eller saltvatn.
Darbakk understrekar vidare at sjølv om ikkje alle protein er farlege, veit ein framleis lite om korleis dei påverkar kroppen når dei blir pusta inn.
– Sidan eksponering under matproduksjon kan medføre helsefare, kan måling av løyselege protein gi viktig informasjon om partikkelbelastninga i arbeidsmiljøet, seier ho.
Forskarane undersøkte kor mykje partiklar som kan pustast inn og løyselege protein som finst i ulike miljø kor mat produserast.
Studien hadde også som mål å utvikle betre metodar for å trekkje ut og måle protein i ulike typar mat.
Fabrikker som lagar sjokolade og snacks hadde lågare eksponering
Forskarane fann ein positiv samanheng mellom mengda partiklar som kan pustast inn og mengda løyselege protein. Men styrken på samanhengen varierte mellom ulike produksjonsmiljø.
Analysen viste tydelege skilnadar mellom ulike typar produksjon: Fabrikkar som lagar sjokolade, konfekt, snacks, nøtter og chips hadde lågare eksponering for løyselege protein enn bakeri.
Arbeidsoppgåver som måling, knusing, veging og blanding var derimot knytt til mykje høgare konsentrasjonar av løyselege protein.
– Dette peikar på behovet for målretta tiltak for å redusere eksponeringa i slike oppgåver, seier Darbakk.
Referansar:
Christine Darbakk mfl.: Assessment of Occupational Exposure to Inhalable Aerosols in an Instant Powdered Food Manufacturing Plant in Norway. Saf Health Work, 2024.
Christine Darbakk mfl.: Inflammatory responses of inhalable aerosols from powder food industry in THP-1 cells. Annals of Work Exposures and Health, 2025.
Christine Darbakk mfl.: Field comparison of inhalable air samplers for the determination of occupational exposure to inhalable aerosols and soluble proteins in food production. Journal of Occupational and Environmental Hygiene, 2025.
Christine Darbakk mfl.: An assessment of occupational exposure to inhalable aerosols and airborne proteins in food manufacturing plants. Journal of Occupational and Environmental Hygiene, 2025.
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

4 hours ago
1












English (US)