På Spar i Flatanger reklamerer dei med 30 prosent avslag på is.
Men i frysedisken er det tomt.
– Det er direkte flaut. Og det er jo ein skandale, seier butikksjef Lise Sørgaard.
Dei to siste vekene har ho måtte klare seg med manglande leveransar av frysevarer. Leveringsproblema kjem av tekniske problem på eit av Asko sine fryselager i Trondheim.
Namdalsavisa omtalte leveringsproblema til Spar Flatanger først.
Sørgaard har berre fått nokre få pakker med is frå Asko dei siste vekene. Dei blei raskt riven bort.
Foto: Privat– Veldig mykje tapt sal
Trøndelag har dei siste vekene vore prega av ein lang periode med sol og høge temperaturar. Da er etterspurnaden etter frysevarer stor.
– Eg har hengt opp plakatar på fryseboksane, men det ser jo heilt forferdeleg ut, seier Sørgaard.
Ho fortel at omtrent annankvar kunde som er innom spør etter reker. Varer som pølsebrød, hamburgarbrød og isbitar må kundane også finne andre stadar.
– Også steiker vi mykje brød sjølv. Wienerbrød, bagettar, bollar. Alt dette er jo på frys.
– Så det er jo veldig mykje tapt sal for oss.
Sørgaard fortel at ho enno ikkje har rekna på kor mykje leveringsproblema har kosta i tapt omsetning.
Ho seier det er ein veldig kjedeleg situasjon å stå i.
– Eg vil ikkje henge ut ein samarbeidspartnar, men det har gjort veldig mykje skade. Både for oss og for mange andre.
Mange av kundane spør etter reker, fortel Sørgaard.
Foto: Privat– Veldig beklageleg
Kommunikasjonssjef i Asko, Linda Fleischer, fortel at dei har hatt problem med eit nytt fryselager i Trondheim.
– Vi fekk eit nytt fryselager no i vår som vi gradvis har fylt med frysevarer no fram mot sommaren.
Dei siste to vekene har dei hatt problem med lageret, fortel Fleischer. Ho seier dei no har funne feilen og har sett inn tiltak.
– Frå og med i dag så begynner vi alle fall å få køyrt ut litt meir normale leveransar til kundane våre.
Samstundes vil det ta tid før ein har henta inn etterslepet, seier Flesicher.
Asko sitt fryselager i Trondheim har hatt problem med leveringa.
Foto: Knut Bløtekjær / NRKAsko har omkring 2000 kundar i Midt-Noreg. Kor mange av dei som er råka har ikkje Fleischer oversikt over.
At leveringsproblema kjem midt i ei lang periode med godt vêr er beklageleg, fortel Fleischer.
– Det er sjølvsagt ikkje ein heldig situasjon, verken for våre kundar eller oss sjølv. Så det er jo utruleg kjedeleg.
– Kjem altfor seint
Torsdag er det meldt om nok ein dag med høge temperaturar i Trøndelag. Inn mot helga forventar derimot meteorologane eit vêromslag.
På Spar i Flatanger har dei fått beskjed frå Asko om at det kjem ein leveranse med frysevarer til helga.
– Det kjem altfor seint, seier Sørgaard.
– Hadde vi visst om utfordringane litt før, så kunne vi ha ordna oss med andre leverandørar.
Publisert 23.07.2025, kl. 21.04 Oppdatert 24.07.2025, kl. 01.19