Frå oktober i fjor til år har prisane stege med 3,3 prosent, det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er ein nedgang frå 3,6 prosent i september.
SSB peikar på at nedgangen i tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen (KPI) i stor grad skuldast fall i straumprisane frå september til oktober.
– Innføringa av noregspris-ordninga har bidrege til lågare straumprisar i dei sørlege prisområda, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.
Matvareprisane steig med 0,6 prosent i oktober. Prisane er 6,2 prosent høgare enn på same tid i fjor, det bidrar til å halde det samla prisnivået oppe.
Blant matvarer som har stige mest i pris det siste året er kaffi, sukker, fersk torsk og sjokolade.









English (US)