– Gjennom livet har eg lært at om du har det beste argumentet i ei sak, så stå på.
– For da vinn du som regel til slutt, seier Hallvard Viken (81).
Trass alderen står han framleis i kassa på suvenirbutikken som mora Audhild starta på femtitalet.
Inne på kontoret fortel fulle permar med avisutklipp om eit liv i opposisjon mot «snusk» og «syden-metodar» i reiselivsbransjen.
Og ingenting har skapt meir irritasjon enn returprovisjonsavtalane. Meir om desse under.
– Eg har sagt det sidan 80-talet: Nå er det på tide at regjeringa gjer slutt på denne uretten, som fører til enorme skattetap, seier han.
Han har gjentatt den same bodskapen i avisa Firda.
«Uretten» han siktar til er praksisen der utanlandske turguidar vinkar dei reisande inn på visse utsalsstader – i byte mot ein del av gevinsten.
Lukrativt for butikkane og serveringsstadene, som får lokalet fullt av kundar.
Og lukrativt for guiden, som får ein provisjon i retur for «jobben».
Kan føre til høgare prisar
Om partane har papira i orden, så er desse bytteavtalane heilt lovlege.
Altså ein klassisk vinn-vinn-situasjon?
Ikkje ifølge norske skattemyndigheiter, som ikkje får sin del av kaka.
Avtalane er også upopulære hos Konkurransetilsynet, Forbrukartilsynet og dei folkevalde:
- Fordi kjøparane berre får avgrensa tilgang til marknaden, som i sin tur kan føre til høgare prisar.
- Fordi avtalane er konkurransevridande og bryt med idealet om fri konkurranse på like vilkår.
- Fordi små og lokale bedrifter gjerne taper mot dei som kan tilby høgast returprovisjon.
På Stortinget har derfor dei folkevalde tatt til orde for å ramme inn gråsonepraksisen.
– Eg skjønner godt at dette er eit problem for verksemdene som ikkje vil vere med på det. Eg er open for regelverksendringar, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i 2018.
Foto: NTB– Ein svært urimeleg praksis
Nestleiar i SV, Marian Hussein, seier til NRK at tida er overmoden for å gjere noko med ein praksis «som er i ferd med å undergrave både konkurransen og skattesystemet i turistnæringa».
– Dei seriøse bedriftene som held seg innan regelverket taper, fellesskapen taper skatteinntekter og det organiserte arbeidslivet sin måte å lønne arbeidstakarar på blir undergraven, seier ho.
Direktør i NHO Service og Handel, Linda Vist, seier at praksisen med returprovisjon svekker tilliten til reiselivsnæringa.
– Mange opplever dette som ein svært urimeleg praksis, særleg fordi små bedrifter ofte taper mot dei som tilbyr høgast returprovisjon – uavhengig av kvalitet, service eller prisnivå.
– Samtidig får ikkje kundane dei beste oppfordringane.
I nettbrosjyren som Næringsdepartementet distribuerte i 2019, blir det slått fast at butikkeigarane «ikkje kan ta avgjerder eller inngå avtalar som skadar eller avgrensar konkurransen mellom bedriftene i bransjen din».
Foto: Håvard Nyhus / NRKI 2019 publiserte Nærings- og fiskeridepartementet ein brosjyre på norsk, engelsk og kinesisk for å motverke bruk av returprovisjon og sikre at aktørar i reiselivsnæringa følger norske lover og reglar.
Målet var å følge opp saka med fleire reguleringar, men så kom pandemien og kasta om på kva det var mest prekært å rydde opp i.
Linda Vist, direktør Bransjeforeningen Handel
Kvifor det ikkje er innført eit forbod ennå? Det er nok fleire årsaker til det. At det er avtalefridom, er tungtvegande. Samtidig er det truleg krevjande juridisk å avgrense dette utan at det går ut over andre næringar der provisjonar er praksisen. I tillegg vil det nok også vere svært ressurskrevjande å handheve eit slikt avgrensa forbod.
Ina Marie Sigurdsen
Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet
Eg er overraska over at Arbeiderpartiregjeringa sit heilt i ro og ikkje kjem med tiltak for å stoppe denne praksisen.
Ukjent
Ove Trellevik, stortingsrepresentant for Høgre
Den største taparen er forbrukaren som får manglande konkurranse blant butikkane, og blir «lagd fram» eit butikkalternativ. Utfordringa er avtalefridommen i næringslivet. Mange hegnar om dette prinsippet som isolert sett er godt, men som i grensetilfelle lagar utfordringar, som for eksempel i turistbransjen
Regjeringa: – Vert opplevd som ei utfordring
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, sende tidlegare i år eit skriftleg spørsmål til næringsminister Cecilie Myrseth.
Spørsmålet var om regjeringa vil gjere noko for å hindre praksisen der utanlandske turguidar lokkar dei reisande inn på visse utsalsstader.
Til svar skreiv Myrseth at ho er «kjend med at returprovisjonar vert opplevd som ei utfordring for nokre bedrifter» og at regjeringa vil utvikle ein rettleiar til reiselivsnæringa.
– Målet er å styrkje bransjen og gjere den meir fagleg og profesjonell, la ho til.
Statssekretær Vegard Grøslie Wennesland skriv i ein epost til NRK at han forstår frustrasjonen frå dei som opplever at reglane blir brotne.
– Det finst tydelege reglar for praktiseringa av returprovisjon. Lovlegheita av returprovisjon avheng av korleis ordninga med returprovisjon blir praktisert. Nærings- og fiskeridepartementet har laga eit informasjonsskriv om dette. Det er viktig at desse reglane blir følgt. Dersom ein ikkje gjer det, må saka meldast til politiet.
Til dette svarer Sande at tolmodet er slutt.
– Vi legg jo vekt på å verdien av ha eit ryddig arbeids- og næringsliv i alle andre samanhengar, seier han.
– Her går ein føre seg praksis som går ut over både dei reisande og dei næringsdrivande som ønskjer å drive ryddig.
– Svaret er lett: Innfør grundige kontrolltiltak i suvenirbransjen, og få slutt på uretten, seier Hallvard Viken.
Foto: Håvard Nyhus / NRKPublisert 03.10.2025, kl. 11.05