I ein fjordarm av Sognefjorden ligg fabrikken som lagar trykk som blir brukte på nokre av verdas mest kjende fotballdrakter.
Med nye stjernespelarar på Liverpool og seriestart på fredag, har fabrikken hatt ekstremt hektiske dagar den siste tida.
– Desse må vere på Anfield i morgon, seier dagleg leiar Mikkel Frodahl ved Avery Dennison NTP i Gaupne, og peikar på eit ark med namn på stjernespelarar på.
Ein av dei tilsette som trykker ark med Mohamed Salah sitt namn og draktnummer.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKEit populært namn.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKPå fabrikken lagar dei det som skal trykkjast på draktene, kutter det i rett størrelse og sender det av garde.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKFabrikken har om lag 200 tilsette og er ein av dei største arbeidsplassane i Luster kommune.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
Liverpool-draget: Wirtz toppar Salah
Fabrikken har nokre av verdas største fotballklubbar, som Real Madrid og landslaget til Spania, som kundar. Liverpool er ein av klubbane dei har tettast dialog med.
Det er spesielt éin spelar som har skapt ekstra trykk i maskinene. Nr. 7.
Ifølgje Frodahl er det nysigneringa Florian Wirtz, henta frå Bayer Leverkusen for godt over éin milliard kroner, som tronar øvst på ønskjelista til Liverpool-supporterane.
– Han har verkeleg slått an. Faktisk trykkjer vi fleire Wirtz-drakter no enn vi gjorde med Mohamed Salah då han var på sitt mest populære, fortel han.
I tillegg til Wirtz, er det dei velkjende Liverpool-spelarane, Virgil van Dijk og Mohamed Salah som det går mest av.
Mikkel Frodahl er stolt over at dei jobbar med store internasjonale merkevarer i Gaupne.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKTorsdag formiddag blir den siste produksjonen gjort ferdig, før leveransen går ut døra på ettermiddagen.
Målet er at pakkane når fram til Liverpool fredag formiddag slik at hyllene på Anfield er fulle med rykande ferske draktnummer og namn før kampstart.
– Det er morosamt at vi får tilliten til produsere dette her, så tett opp mot sesongstart. Det er ein viktig del av omsetninga vår, seier Frodahl.
Stolt av arbeidet
Fleire av dei tilsette har stor fotballinteresse, noko som gir ekstra engasjement.
– Det blir ekstra spennande å sjå kampane og vite at ein har vore med å trykkje ut tala og nummera, seier fabrikkmedarbeidar Christer Askeland Hunderi til NRK.
Fabrikkmedarbeidar Christer Askeland Hunderi er Arsenalsupporter, men syns likevel det er stas å trykke for Liverpool.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKAvery Dennison NTP produserer for kjende merker som Nike, Adidas og Umbro. Frå fabrikken i Gaupne går leveransar til både Premier Leauge-klubbar og supporterbutikkar over heile verda.
Med sine om lag 200 tilsette er det den største private arbeidsgivaren i Luster kommune. Eigarane er amerikanske.
– Det er ikkje noko sjølvfølge at ein får jobbe med internasjonale merkevarer inst i ein fjord i Vestland fylke. Difor synest vi det er veldig stas at akkurat vi får jobbe med dette, seier Frodahl.
Fabrikken har produsert fleire hundretusen ark med namn, tal og logoar til kundane sine den siste tida.
Kryssar fingrane for leveranse
For å sikre at leveransane kjem fram i tide før fredagens Premier League-start, har fabrikken bemanna opp og prioritert produksjonen til Liverpool.
– Er du stressa for at de ikkje skal bli ferdig?
– Det er ein del vi må følgje med på, spesielt transporten. Eg følgjer med på flyrutene frå Sogndal lufthamn, Haukåsen, ganske ofte, at dei går når dei skal.
Sjølv om dei fabrikktilsette har mykje å gjere, prøver dei å halde hovudet kaldt.
– Vi veit det er mykje som skal bli ferdig i tide, men gjengen verkar derimot ikkje å vere stressa. Dei som jobbar her veit kva dei driv med og er fullt klar over ansvaret og tidsfristen, seier Frodahl.
Publisert 14.08.2025, kl. 20.02 Oppdatert 14.08.2025, kl. 20.19