– Eg kan nesten ikkje ta kollektivt. Eg kan ikkje gå ut om natta. Eg prøver å ikkje bevege meg rundt aleine. Eg har alltid nokon med meg.
Arina Aamir sit i bystyret i Oslo for Høgre.
Ho var femten år da ho for første gong engasjerte seg i den offentlege debatten og tok til motmæle mot folk ho kallar høgreekstremistar og islamofobar.
Sidan da har ho opplevd hets og trugslar. Så mykje at ho går med valdsalarm.
Hatmeldingar som Aamir har mottatt dei siste vekene.
Faksimile: InstagramHatmeldingar som Aamir har mottatt dei siste vekene.
Faksimile: InstagramHatmeldingar som Aamir har mottatt dei siste vekene.
Faksimile: InstagramHatmeldingar som Aamir har mottatt dei siste vekene.
Faksimile: Instagram
– Det handlar om at «eg synest du burde bli hengt», «du fortener å døy», at dei vil få meg bort, utslette meg.
Det tar på å fortelje om meldingane, og Aamir tørkar ei tåre.
Ho fortel at ho har blitt paranoid dei siste åra.
– Eg ser rundt meg heile tida og er klar til å utløyse alarmen kvar gong eg ser nokon som liknar på dei i den gruppa som hetsar meg.
Ho seier at ho har vore open om at ho har hatt politivern, men ikkje om kva type tiltak ho har hatt.
– Men fordi han torde å fortelje, inspirerte han meg til å gjere det same.
AUF-leiar Gaute Skjervø da han stilte opp i «Debatten» sist tysdag. I etterkant har han opplevd mykje hets.
Foto: NRKMelde til politiet
Det var etter «Debatten» på NRK tysdag at hatmeldingane mot AUF-leiar Gaute Skjervø tok seg opp.
Også Aamir deltok for å diskutere utsegna frå ein tidlegare Frp-rådgivar om at pakistanarar er såkalla «minusvariantar».
Fleire reagerte på kommentarane i sosiale medium, som mellom anna handla om terroren 22. juli og ytringar som at Skjervø burde «bli plassert i Apparat Welhaven».
I dag fortalde han til VG at han har valdsalarm.
I alt er det ti enkelthendingar som AUF har meldt til politiet, seier generalsekretær i AUF Jan Halvor Vaag Endrerud til NRK
AUF sin generalsekretær meiner at trugslane mot Skjervø er så alvorlege at det er nødvendig å melde det til politiet.
Foto: NTB8BIM)y– Omfanget og alvoret dei siste dagane har gjort det nødvendig å melde. Når det er snakk om vald og trugslar om vald, så er det ein sak for politiet heller enn oss som ungdomsorganisasjon.
Han seier at det er ubehageleg for dei rundt å vere vitne til kva som skjer.
– AUF har 22. juli som ein del av historia vår. Og nettopp derfor handlar det her om meir enn kva berre Gaute opplever no. Det handlar om kva trugslar og hat er i ferd med å gjere med demokratiet vårt. Og derfor seier vi at dette godtar vi ikkje lenger.
Skjervø ønska ikkje å stille til intervju med NRK i kveld.
Må slå ring om dei unge
Også statsminister Jonas Gahr Støre reagerer på hatet som både Skjervø og Aamir mottar.
– Eg blir opprørt. Det er alvorleg at dei unge ikkje er trygge når dei ytrar seg, sa Støre i «Dagsrevyen» i kveld.
Han tok ein pause frå fotballkamp på Ullevaal stadion for å ta eit oppgjer med trakasseringa.
Også andre politikarar må slå ring om dei unge, meiner han.
– Måten vi som politikarar snakkar på får betydning for korleis ordskiftet er. Det er viktig at vi tar ansvar.
Han legg til at det er viktig å ha kontakt med dei som har nettstadene der hetsinga skjer.
– Dei må ha eit ansvar for å rydde i kommentarfelta sine og ikkje sleppe til slike ytringar. Dette er hatprat og det er ikkje lov i Noreg.
Hets som Skjervø opplevde etter at han var med på «Debatten» tysdag. Endrerud vil ikkje svare på om det er nokre av desse meldingane AUF har meld til politiet.
Illustrasjon: Daniil Thorkild Ryvænge / NRKSkal ikkje gi seg
Da NRK intervjua Skjervø onsdag kveld sa han at han blir utmatta, men at han ikkje skal gi seg.
Han er redd andre unge ikkje vil gå inn i politikken i frykt for kva som møter dei.
– Det her vil eg seie er blåsyre for demokratiet. Det er etsande på folk si vilje til å engasjere seg. Det kjem til å føre til at mange ikkje orkar.
Han håpar at ikkje politiske motstandarar begynner å mislike kvarandre grunna ulike meiningar.
– Derfor vil eg oppfordre alle dei som spreier hat andre vegen mot dei eg er mest ueinig med politisk, om å slutte med det. Netthets og hat høyrer ikkje heime i eit sunt demokrati.
– Eg kjem ikkje til å gi meg, sjølv om det har kosta enormt mykje, seier Aamir.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKHeller ikkje Aamir har tenkt til å teie, sjølv om det er vanskeleg å stå i hatet.
– Det beste motsvaret mot hetsen og trugslane er å ikkje gi seg. Eg kjem ikkje til å gi meg, sjølv om det har kosta enormt mykje.
No lagar ho podkast der ho møter dei som har truga og kritisert henne.
– Nokon av dei har vore ganske ekstreme i karakteristikkane av meg. Men når ein set seg ned og snakkar med kvarandre, så skjøner ein at ein kanskje ikkje er så ueinige som vi trudde.
– Det som er litt artig er at folk ikkje tør å vere like harde når vi møtest ansikt til ansikt.
Publisert 10.05.2026, kl. 09.44












English (US)