Fredag kveld drog politiet heim til Arne Bye sin bustad.
Der gjennomførte dei nok ei ransaking av huset til den tidlegare fastlegen og kommuneoverlegen i Frosta kommune.
– Me fekk informasjon i går som verka som at det var mogelege ting som kan ha betydning som bevis.
Det seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK. Han er påtaleansvarleg for dei 13 nye sakene mot Bye.
– Det er ting som i seg sjølv eller gjennom at dei inneheld informasjon kan opplyse saka.
Arne Bye er varetektsfengsla og var ikkje til stades under ransakinga.
Etterforskar 13 nye saker
Politiadvokaten vil ikkje kommentere kva slags ting dei har tatt i beslag eller kva det var som førte til ransakinga.
– Me held fram med etterforske de nye politimeldingane på vanleg måte, seier han om vegen vidare.
– Og så vil me gå gjennom det beslaget som er tatt for å sjå om det er noko som kan belyse nokre av dei sakene som er under etterforsking.
Politiet etterforskar fleire nye saker mot den tidlegare fastlegen og kommuneoverlegen. I løpet av rettssaka har ytterlegare 13 personar meldt til politiet Bye.
Rettssaka mot Bye gjekk for Trøndelag tingrett frå 5. november til 19. februar og dagen rettssaka var ferdig blei Bye arrestert av politiet. Han sit nå i varetekt.
Dom er venta i første halvdel av juni.
Det var Adresseavisen som meldte om den nye ransakinga først.
Publisert 01.03.2025, kl. 11.22 Oppdatert 01.03.2025, kl. 11.34