Politiet kan hente ut folk frå kyrkjeasyl med makt: – Trist at det blei slik

1 hour ago 1


I fleire hundre år har kyrkja vore ein heilag stad der ingen skulle gå inn og hente folk med makt. Sist veke blei tradisjonen broten då politifolk gjekk inn og henta Suel Kassembo frå kyrkjeasyl i Herøy kyrkje.

Det skjedde i fred og ro, og utan bruk av vald, men Kassembo hadde ikkje anna val enn å bli med ut frå kyrkja.

– Eg synest det er trist at det blei slik. Vi hadde håpt at det skulle ende annleis, men vi visste jo at det kunne skje, seier sokneprest Solfrid Leinebø Seljås.

Ho er sokneprest i Herøy kyrkje der Suel Kassembo har budd i to og eit halvt år og har hatt nærast dagleg kontakt med han.

No er det slutt.

Solfrid Leinebø Seljås.

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås hadde eit håp om at Kassembo skulle få sete i kyrkjeasyl lenger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Oppheva 30 år gamle instruksar

Det er tre år sidan dåverande justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) oppheva instruksane og retningslinjene som i 30 år har hindra politiet i å gå inn i kyrkjer for å hente ut kyrkjeasylantar med makt.

Det vekte sterke reaksjonar frå fleire hald.

Emilie Enger Mehl ser inn i kameraet

Dåverande justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) oppheva den tidlegare praksisen med at politiet ikkje kunne arrestere folk i kyrkjeasyl inne i kyrkjerommet.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Kort tid etter sa politimeisteren i Møre og Romsdal at han ikkje kom til å bruke makt før etter dialog.

Men onsdag 27. mai 2026 var tida inne, og Suel Kassembo blei henta ut frå Herøy kyrkje.

Suel kassembo

Kassembo vart henta av sivilt politi.

Fotografi: Arne Flatin / NRK

Siste utveg

Henrik Erhard Hermansen er generalsekretær i Noregs Kristne Råd. Han var tilfeldigvis i Herøy då uttransporteringa skjedde.

Han er sint og fortvilt, og meiner kyrkja si rolle for dei som treng vern no er rokka ved.

Kyrkja skal vere ein heilag stad, eit heilagt rom. Det er hit menneske søkjer for å kjenne seg trygge. Og for den som søkjer til kyrkjeasyl, så er det siste utveg når alt anna er prøvd, så dette gjer meg sint og fortvilt, seier han.

Han vil jobbe for at praksisen blir endra tilbake slik den var, og at politiet ikkje kan hente folk ut av kyrkjeasyl.

ein mann i skjorte i stol

Henrik Erhard Hermansen i Noregs Kristne Råd vil arbeide for å endre praksisen tilbake slik den var før, der politiet ikkje kunne bruke makt og hente kyrkjeasylantar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Skal vere likt for alle

Justisdepartementet meiner framleis at det var naudsynt å endre praksisen i 2023 for å sikre likebehandling for alle, og ikkje undergrave tilliten til asylsystemet.

Målet var å hindre nye tilfelle av langvarige kyrkjeasylantar.

Regjeringa har stor respekt for kyrkja sitt engasjement og omsorg for menneske i ein vanskeleg situasjon. Samstundes er det problematisk dersom opphald i ei kyrkje i seg sjølv skal kunne hindre uttransport etter rettskraftige vedtak, seier statssekretær Joakim Øren.

Mindre tillit

Ralph Meier er leiar ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda og har forska på nettopp kyrkjeasyl.

Han nølar med å slå fast at kyrkjeasylet no er avskaffa som institusjon, men seier situasjonen er endra.

– Tilliten eller tryggleiken vil kanskje vere dårlegare hos den personen som går inn i ei kyrkje, med tanke på «kan eg bli henta brått», som var litt annleis før, seier han.

En mann sitter ved et skrivebord med to dataskjermer.
Hyller med bøker og permer står ved siden av.
Utenfor vinduet sees grønne trær.
Mannens skrivebord er ryddig og har flere kontorrekvisita. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ralph Meier har forska på kyrkjeasyl.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Glad for at det skjedde skånsamt

Biskop Ingeborg Midttømme har engasjert seg i saka til Kassembo. Ho fekk vite kvelden før at han skulle bli henta, og hadde det frykteleg vondt.

Sjølv om ho er lei seg fordi han blei henta, er ho samstundes glad for at politiet gjorde det så skånsamt dei kunne.

– Dei kom ikkje på eit tidspunkt der det var gravferd, barn eller unge i kyrkja. Og dei kom utan uniform, seier Midttømme.

Ho meiner at då styresmaktene endra praksisen med uthenting av kyrkjeasylantar, var målet å ta bort moglegheita til å gå i kyrkjeasyl.

– Kyrkja si oppgåve er å skape eit trygt rom og vise medkjensle, men kyrkja er ingen overprøvande ankeinstans, seier biskopen.

Ingeborg Middtømme har på seg kvit jakke og prestekrage. Ho står framfor Stortinget, og i bakgrunnen kan ein sjå demonstrantar.

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, deltok på støttemarkering for Suel Kassembo i Oslo.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein ny kvardag i kyrkja

Tilbake i kyrkja blir det no stillare enn elles.

Han som har budd der skal ikkje tilbake.

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås har tidlegare vedgått at det har vore ein krevjande situasjon også for kyrkja med ein gjest buande over tid. Dei hadde likevel håpa på ein annleis slutt.

– Eg synest det er trist at ikkje kyrkjeasylet kunne få gjelde litt til, for vi trur at han var veldig nært å få amnesti, men vi må berre godta at slik vart det. Men vi føler veldig med Suel frå kyrkja si side, seier ho.

mørkt rom med ei seng

Rommet til Suel Kassembo i Herøy kyrkje står no tomt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Publisert 03.06.2026, kl. 16.05

Read Entire Article