Det var natt til laurdag 1. november at ein mann i tjueåra blei slått ned på Torget i Bergen. Hendinga skjedde på fortauet ved busstoppet ved 7-eleven og Scruffy Murphys.
Politiet ser alvorleg på saka. Mannen blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus etter hendinga. Den fornærma er framleis innlagd og politiet har vore i kontakt med han, men har foreløpig ikkje fått gjennomført eit formelt avhøyr.
Politiet vil ha kontakt med dei som måtte ha infomasjon i denne saka.
Fornærma er framleis innlagt
– Videoen av hendinga blir frigitt i samråd med den fornærma, seier kommunikasjonsdirektør Arne Lutro i Vest politidistrikt.
Videoen viser ein ung mann med mørkt hår, mørk boblejakke med hette, blå jeans og kvite og svarte Nike-sko.
Den fornærma blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus etter hendinga og er framleis innlagt, men ikkje livstruande skadd. Politiet har ennå ikkje fått avhøyrt han formelt.
Vitneavhøyr
– Vi veit ikkje så veldig mykje. Kva som har utløyst denne valdsepisoden har vi førebels ikkje noko formeining om, seier påtaleansvarleg Mari Emilie Haaland Axelsen til NRK.
Politiet opplyser at dei har gjennomført ei rekke vitneavhøyr og sikra fleire overvakingsvideoar frå området.
Dersom gjerningspersonen ikkje blir identifisert, vil politiet vurdere å offentleggjere ein usladda versjon av videoen.
Publisert 05.11.2025, kl. 15.36






English (US)