Påske kan bety nokre kjærkomne feriedagar midt mellom jul og sommar, for mange i Noreg.
Dagar som kan nytast på ein kafé i vårsola. Med gudstenester i ei kyrkje.
På ei hytte utan innlagd vatn høgt til fjells. Eller på jobb, mot nokre ekstra kroner på kontoen.
Men veit du eigentleg kvifor desse fridagane kjem dumpande ned kvart år?
Korleis kan du til dømes vite om påska blir tidleg eller sein?
Ta påsketesten!
1/10 Kvifor feirar vi påske?
Korleis du vel å feire påska di er jo heilt opp til deg, men her spør vi etter den eigentlege grunnen til at vi har påske. To av svara er rette.
2/10 Korleis veit vi når påska er?
Påska landar på ulike datoar kvart einaste år. Første påskedag har ei nøkkelrolle. Det er den dagen som avgjer når påska er.
3/10 Kvifor vert påskeveka kalla «den stille veka»?
«Den stille veka» er veka frå palmesøndag til påskeaftan.
4/10 Kva betyr ordet påske?
Påske kjem frå det hebraiske ordet «pesach», men her vil vi vite kva det betyr på norsk.
5/10 Kva er greia med å ete lam i påska?
Kvifor akkurat lam vart ein påskerett er det kanskje ikkje alle som veit. Eller? To av alternativa er rette.
6/10 Skjærtorsdag vart Jesus sin siste kveld med gjengen (disiplane). Kva trur du han gjorde?
Kva ville du ha brukt tida på, på din aller siste dag på jorda? Mens du tenker, kan du jo gjette kva Jesus gjorde.
7/10 Kvifor vaska Jesus disiplanes føter den siste kvelden han levde?
På Jesus si tid var det vanleg at folk gjekk i sandalar på støvete vegar. Når dei kom inn i eit hus var det vanleg at tenaren med lågast status i huset, vaska gjestanes føter.
8/10 Kvifor heiter fredagen i påska langfredag?
Langfredag er den dagen da Jesus vart hengt på korset, ifølge Det nye testamentet.
9/10 Kva er eit «Judaskyss»?
Uttrykket er oppkalla etter disippelen Judas, ein av Jesus sine næraste vener.
10/10 Kva er så spesielt med første påskedag?
Første påskedag er den viktigaste dagen i kristen tru. Den blir feira med glede som ein motpol til den mørke langfredagen. Men kva er det som feirast?
Ditt resultat
Du må svare på alle spørsmålene først.
Alt dette er historie. Og det er tru.
I dag er det mellom 5 og 15 prosent av oss som feirar påska primært på grunn av det kristne bodskapet, alt etter korleis ein definerer «feirar».
Men fri på dei heilage dagane, det gjeld framleis, for oss alle.
Publisert 17.04.2025, kl. 11.50