– Det er med ei stor sorg vi må kunngjere at vår kjære Ozzy Osbourne gjekk bort i dag tidleg. Han var saman med familien og omgitt av kjærleik, står det i ei melding frå familien, melder Sky News.
Osbourne blei 76 år gammal, og lèt etter seg barn, barnebarn og kona Sharon.
Dei siste åra hadde store helseproblem, og hadde blant anna Parkinsons sjukdom.
Det melder Sky News som viser til ei utsegn frå familien hans. Osbourne blei 76 år gammal.
– Ein av dei tøffaste og villaste
Ozzy Osbourne slo igjennom på 1970-talet med heavy metal-gruppa Black Sabbath, før han hadde stor suksess som soloartist.
Han blei kalla for «The Prince of Darkness», og fekk stor merksemd då han beit hovudet av ei flaggermus under ein konsert.
Han sa etterpå at han trudde det var ei leike, før han forstod ho var ekte, og blei sendt til sjukehus for å få vaksine mot rabies.
METAL-PIONER: Ozzy Osbourne opptrer på Ozzfest 2016 på San Manuel Amphitheater i Los Angeles, California.
Foto: FRAZER HARRISON / AFP / NTBMØRKETS PRINS: Osbourne fikk kallenavnet "The Prince of Darkness" og "Godfather of Heavy Metal" av fansen.
Foto: Scanpix Sweden / Reuters / NTBTILBAKEBLIKK: En ung Ozzy Osbourne.
Foto: DOUGLAS PIZAC / AP / NTBGJENNOMBRUDD: Osbourne fikk sitt gjennombrudd som vokalist i bandet Black Sabbath i 1970.
Foto: Sony Music / Bergen LiveGRAMMY-GJENGANGERE: Black Sabbath's Tony Iommi, Ozzy Osbourne og Geezer Butler.
Foto: JOE KLAMAR / AfpMANGEFASETTERT: Senere oppnådde Osbourne stor suksess som soloartist og som TV-personlighet med «The Osbournes».
Foto: Chris Pizzello / AP / NTBBLE 76 ÅR: Osbourne hadde de siste årene hatt flere utfordringer med sin helse, blant annet med parkinsons sykdom.
Foto: ANDY BUCHANAN / AFP / NTB
Han var ein føregangsmann innan sjangeren, og hadde store hits som «Paranoid», «War Pigs» og «Iron Man».
– Han var ein av dei aller tøffaste og aller villaste, ein av dei største innan rocken. Saman med Black Sabbath fann han opp det vi likar å kalle heavy metal på 70-talet, seier musikkjournalist og programleiar i NRK, Totto Mjelde.
Han meiner arven etter Osbourne står fjellstøtt.
– Han vil først og fremst bli huska for ein enorm katalog med musikk, både med Black Sabbath og som soloartist.
Tok avskjed
I byrjinga av juli blei han gjenforeina med Black Sabbath på Villa Park i Birmingham.
Over 40.000 tilskodarar hadde møtt for å takke av ei 55 år lang karriere. I tillegg følgde fleire millionar fans konserten på stream.
– Det er godt å vere på denne scena, sa 76-åringen under konserten, ifølge Sky News.
Tusenvis av fans tok farvel med Ozzy Osbourne under konserten i Birmingham 5. juli i år.
Foto: SACHIN RAVIKUMAR / Reuters / NTBBlant dei som følgde den siste konserten på nett, var programleiar i NRK, Thomas Felberg.
– Han legg igjen ei stor arv med Black Sabbath som sjølve fundamentet. Og konserten var ei veldig verdig avslutning. Men det er rart at han er borte, seier han.
Ei rekke andre band og artistar, som Steven Tyler, Slayer og Metallica, spelte også på konserten, som samla inn over 2 milliardar kroner, som blei donert til ei rekke veldedige formål, blant anna Cure Parkinsons og barnesjukehus.
– Alle banda opp gratis til inntekt for gode formål. Ingen av dei hadde eksistert utan Ozzy Osbourne og resten av Black Sabbath, seier Mjelde.
– Mørkets fyrste
Gitarist Ronni Le Tekrø seier Ozzy Osbourne har hatt mykje å seie for han, og har møtt Osbourne fleire gongar.
Han spelte blant anna med TNT som supportband for Osbourne, og møtte han ved fleire høve då.
Ozzy Osbourne var eitt av forbilda til Ronni Le Tekrø. Her er han under Gullruten i 2008.
Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB– Han levde i si eiga verd, men han var ein vennleg person. Han sa hei til folk, og var til stades på eit vis.
– Kva vil han bli huska for?
– The Prince of Darkness. Han var ein stadfortredar for dei vonde kreftene på jorda. Black Sabbath og det okkulte rundt bandet, påverka mange generasjonar. Sjølv om vi tidleg forstod at Black Sabbath var eit teater, seier han til NRK.
Også TNT-vokalist Tony Harnell minnest Osbourne tysdag kveld.
– Ozzy var ein ekte original. Unik og ærleg i alt han gjorde. Han var den første og den siste helten i ein sjanger han var med å skape. Utan Ozzy og Sabbath, hadde det ikkje vore noko metal, skriv han i ei utsegn.
Ein arbeidarklassegut
Den tunge musikken og uttrykket på scena, gjorde at Osbourne blei eit ynda mål for religiøse og konservative grupper.
Dei var uroa for at rocken skulle ha negativ innverknad på dei unge.
Folk har lagt ned blomster på stjerna til Ozzy Osbourne på Hollywood Walk of Fame.
Foto: PATRICK T. FALLON / AFP / NTBMen i sjølvbiografien som kom i 2010, avviste Osbourne at han var ein djeveldyrkar.
– Eg har gjort nokre dårlege ting i livet mitt. Men eg er ikkje djevelen. Eg er berre John Osbourne, ein arbeidsklassegut frå Aston som slutta jobben på fabrikken for å ha det gøy.
Reality-stjerne
På starten av 2000-talet nådde Ozzy Osbourne ut til nye publikum då han blei reality-kjendis i MTV-serien «The Osbournes».
Frå 2002 og gjennom fire sesongar følgde eit TV-team Osbourne og familien i dagleglivet, gjennom oppturar og nedturar. Serien var ein stor suksess.
Familien Osbourne på raud løpar før Emmy-utdelinga i 2002.
Foto: LAURA RAUCH / AP / NTBOsbourne har spelt ei rekke konsertar i Noreg, både som soloartist og med Black Sabbath.
Den siste konserten han gjorde i Noreg, var Tons of Rock i Halden i 2018.
Publisert 22.07.2025, kl. 20.09 Oppdatert 22.07.2025, kl. 23.36