Same dag som statsrådane frå Senterpartiet pakka saman sakene sine og forlét regjeringa, sende dei ut ein gladbeskjed til folket på den vesle øya på nordvestlandet.
Dei fekk grønt lys til å forlate storkommunen Ålesund.
Men ikkje meir enn tre dagar etter at Arbeidarpartiet hadde inntatt Kommunal- og distriktsdepartementet, vil dei gjere om på vedtaket.
- Kommunelegen vil at sjuke eldre skal flytte frå denne øya om vinteren.
Samanslåing og skilsmisse
119 kommunar blei til 47 under regjeringa Solberg si kommunereform i 2020.
Ei av kommunane som då blei ein del av Ålesund, var Sandøy kommune, med fleire enn 800 øyer og skjer, ytst i Romsdalsfjorden.
Fleirtalet av innbyggjarane på dei aller ytste, nordlegaste øyene har kjempa om å kome seg ut av sunnmørskommunen i fleire år. Dei vil vere romsdalingar.
Det er eit godt stykke frå øya lengst i nord til kommunesenteret Ålesund.
Om ein treff perfekt på ferja, som går tre til fem gongar om dagen, tek det tre timar å køyre mellom Ona og Ålesund.
– På tide å bli ferdige med oppsplittingar
Den ferske kommunal- og distriktsministeren, Kjersti Stenseng frå Arbeidarpartiet, er tydeleg på at det no er slutt på grensejusteringar. Ho vil sjå framover.
– No er det på tide å bli ferdig med reversering, oppsplitting og grensejustering og bruke tid og krefter på å gi innbyggjarane gode tenester.
Men er det ikkje ei slags reversering av reverseringa du gjer no?
– Det kan du godt seie. Men først og fremst så er det å seie nei til å starte ein ny reverseringsprosess.
Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng vil ikkje ha nokon fleire grensejusteringar.
Foto: Peter Svaar / NRKKva har du å seie til innbyggjarane som følte dei hadde fått igjen identiteten sin ved å tilhøyre Aukra?
– Eg har stor forståing for at det er ulike meiningar om det, og at det er gode argument for at dei ville til Aukra. Eg har lytta til dei ulike vurderingane som er gjort, men eg meiner det er heilt riktig å setje ein stoppar for å starte reverseringsprosessar.
Stenseng legg vekt på at Ålesund kommune har vore under omstilling i mange år. Først ved at fem kommunar blei til ei, så ved at ei av dei fekk bryte ut igjen.
– No må dei få fred og ro til å bruke tida si på det ei kommune skal bruke tid på.
- Her må øyfolket lære å sløkke brann sjølv – kan ta ein time for brannvesenet å kome fram.
Publisert 07.02.2025, kl. 11.59 Oppdatert 07.02.2025, kl. 12.04