«Overdose» kreatin fekk skulda – professor stiller seg undrande

1 hour ago 3


– Eg har aldri kjend meg slik tidlegare, og det kjentest ut som eg hadde skjelvingar.

Det er orda til golfspelar Ben Griffin etter PGA-turneringa i Maryland i USA i helga.

Tidlegare på dagen søndag hadde dei observante sjåarane kanskje lagt merke til at Griffin starta golfrunden særs svakt. På det første holet enda han tre over par – han bomma rett og slett skikkeleg på fleire korte slag på rad.

Så følgde han opp med å spele dei to neste hola høvesvis to og eitt slag over par.

Grunnen?

en mann som holder en golfkølle

FRUSTRERT: Ben Griffin var tydeleg frustrert over det som skjedde på starten av konkurransen søndag.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

Ifølge Griffin ei «overdose» av kosttilskotet kreatin.

– Eg svelgja ved eit uhell ein av dei store klumpane (med kreatin) i vassflaska mi. Eg har aldri fått i meg så mykje kreatin før. Eg inhalerte i utgangspunktet berre ein snøball, fortalde Griffin.

Han fortel at grunnen til «uhellet» var at han var på slutten av sitt parti med kreatinpulver og at pulveret hadde vore nede i behaldaren i ein månad og difor hadde klumpa seg.

Griffin seier at han har teke kreatin på golfbana før, og at det da har gått heilt fint.

Denne gongen vart det, ifølgje Griffin, for mykje.

Professor: – Høyrest litt utruleg ut

Historia til Griffin har gått verda rundt og fått mykje merksemd.

NRK tek kontakt med professor Truls Raastad ved Noregs idrettshøgskole. Han er ekspert på idrettsernæring.

Ifølge PGA-touren fortel Griffin at han vanlegvis tek ca. 15 milligram med kreatin dagleg. Amerikanaren trur nok at «snøballen» han fekk i seg søndag nok var noko større.

Raastad stiller seg likevel undrande til at det var nettopp kreatin som skal ha gjeve Griffin dei store skjelvingane på golfbana.

– Eg har ikkje høyrd om liknande symptom, seier Raastad.

en mann med skjegg

PROFESSOR: Truls Raastad er professor ved institutt for fysisk prestasjonsevne ved Noregs Idrettshøgskole. Han har ein doktorgradi idrettsfysiologi.

Foto: NIH

–Har kreatin ein slik verknad at det kan gje skjelvingar og urolegheit i kroppen?

– Ikkje når du tek dei normale dosane. Ein normal dose når du går på kreatin er jo cirka fem gram om dagen. Dei fleste har ikkje noko særleg bieffekt når dei tek det.

Raastad meiner at det kanskje dreier seg om eit litt anna verkestoff som kan ha gjeve Griffin urolegheitene i kroppen.

– Viss ein tek for mykje koffein, så får ein jo typisk skjelvingar. Og det kan jo heilt klart ha ein negativ effekt på ein slik presisjonsidrett som golf er.

Raastad påpeikar at han sjølvsagt ikkje veit kva kreatinpulver Ben Griffin vanlegvis tek, men han fortel at den vanlegaste ingrediensen i såkalla «før-trening-pulver» er kreatin og koffein.

Friidrettsutøvar: – Presterer betre

Episoden frå golfverda har gått som ein farsott i amerikanske medium. Det er kanskje ikkje så rart, både fordi det er oppsiktsvekkjande, men kanskje også fordi bruken av kreatin har blitt veldig vanleg.

bilde av googlesøk av nyhetssaker om ben griffin

MERKSEMD: Kreatin-episoden til Griffin har fått stor merksemd verda rundt.

Foto: NRK

Bruken i Noreg har eksplodert og både åtvaringar og utgreiingar har det vore mange av.

Blant norske toppidrettsutøvarar har også kosttilskotet vorte noko daglegdags.

– Eg brukar det sjølv kvar morgon, og eg veit om mange som gjer det. Det har vorte ein trend.

Det seier friidrettsutøvarar Håvard Bentdal Ingvaldsen til NRK.

Håvard Bentdal Ingvaldsen

KREATIN-BRUKAR: Friidrettsutøvar Håvard Bentdal Ingvaldsen

Han har den norske rekorden på 400 meter og har vore så god som nummer seks i VM på distansen attende i 2023.

– Kvifor brukar du det?

– Det er for å få eit litt ekstra kosttilskot, som gjer at eg kjenner at eg presterer betre på trening, og får eit litt ekstra tilskot som eg kjenner eg ikkje får i resten av det eg et.

Han meiner likevel at dei som ikkje driv toppidrett har så stor nytte av kreatin.

– Eg har ikkje så trua på at dei som ikkje er på så høgt nivå vil merke så stor forskjell, seier Ingvaldsen.

Professor Truls Raastad er einig med Ingvaldsen.

– I utgangspunktet så meiner eg at vanlege folk stort sett ikkje treng kreatin. Ein får mange av dei effektane som ein ynskjer med kreatin med trening. Det tek berre litt lenger tid, seier Raastad.

Tek du kreatin som kosttilskot?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Veldig stolt

For verdas 17. beste golfselar Griffin sin del så fekk han kontroll på kroppen etter kvart i konkurransen.

Caddien hans tok grep og tvang han til å drikke ei heil flaske med vatn, og på hol sju, åtte og ni varta han opp med tre birdiar på rad.

en mann som svinger en golfkølle

GRIFFIN: Etter at Griffin fekk kontroll på kroppen gjekk det betre.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

– Eg er veldig stolt av måten eg kom meg tilbake på, seier Griffin.

Til slutt enda Griffin på tolvteplass i turneringa i Maryland, USA. Viktor Hovland spelte også i turneringa og vart nummer sju.

Denne veka er både Griffin og Hovland blant dei 30 spelarane som speler siste turnering i sluttspelet på PGA-touren.

Hei!

Hei! Har du tips til noko du tykkjer eg burde skrive om? Send meg gjerne eit tips. 

Kampen ble stanset i flere minutter 01:22

Publisert 20.08.2025, kl. 13.42 Oppdatert 20.08.2025, kl. 13.42

Read Entire Article