Over 300 diskvalifikasjonar på fem år: – I framtida må det vere meir

6 hours ago 3


281. Det er talet på diskvalifikasjonar NRK har funne for hopparar frå alle nasjonar, menn og kvinner, i verdscupen og under OL og VM, for ureglementerte dressar dei siste fem sesongane.

I tillegg er det 35 diskvalifikasjonar til anna utstyr og seks som står utan eit klart definert regelbrot. Totalt betyr det 322 diskvalifikasjonar på fem sesongar knytte til utstyr.

– Det er eit høgt tal, men det er ikkje eit nummer som overraskar meg. Det er veldig vanleg å ha éin, to eller tre diskvalifiseringar i ein konkurranse. Det er ein del av idretten, seier amerikanske Kevin Bickner.

Noreg tronar øvst

USA er nummer to på lista over nasjonane med flest diskvalifikasjonar dei siste fem sesongane i NRKs kartlegging, med totalt 30 diskvalifikasjonar.

Aller øvst ligg Noreg med 36, blant anna takka vere årets VM.

Der stod Noreg for fem av dei sju diskvalifikasjonane til meisterskapen i hopp, inkludert diskvalifiseringane av Johann André Forfang og Marius Lindvik som utløyste hoppskandalen som har prega den siste veka.

NRK spurde fleire hopprofilar om dei over 300 diskvalifiseringane for alle nasjonar under kvalifiseringa i Vikersund fredag.

– Eg tenker at det er ganske mange, men av og til er det også nødvendig. Ein diskvalifikasjon betyr at utstyrskontrolløren gjer ein god jobb og er nøye. Eg trur det alltid har vore og alltid vil vere ein del av idretten vår. Vi kan kanskje endre noko med reglane, men det vil alltid vere ein del av idretten vår, seier polske Maciej Kot.

– I ei ideell verd ville det ikkje vore nokon diskvalifikasjonar og alle hadde konkurrert i likt utstyr. Det ville vore ideelt, for kvar einaste diskvalifikasjon er dårleg for idretten, for utøvaren og laget. Men eg trur ikkje det er mogleg, for vi er berre menneske og menneske gjer feil, seier Kot vidare.

– Vi prøver å vere på grensa med utstyret. Om ikkje blir ein forbigått. Av og til trur du kanskje at dressen er trygg og så åt du kanskje ikkje nok til lunsj, seier Bickner.

– Må vere meir

Slovenske Timi Zajc, som blei nummer tre i kvalifiseringa med eit hopp på 230 meter, trekker først litt på skuldrene når han høyrer talet. Før han svarer:

– Eg trur at i framtida må det vere meir diskvalifikasjonar.

– Meir? Er det ikkje nok nå?

– Eg veit ikkje, men vi ser at det er nokon dressar som ikkje er i samsvar med reglane nå, seier Zajc – som blei verdsmeister i storbakken i Planica i 2023.

Polens trenar: – Ein del av skihopping

Trenar for det polske landslaget, Thomas Thurnbichler, synest det er eit tal som er «okey», tatt i betraktning talet på utøvarar som har vore i aksjon og tidsperioden.

– Det er ein del av det vi gjer. Vi prøver å vere på grensa, seier han, og fortset:

– Alle vi som er med her, veit at det kan komme ein diskvalifikasjon. For dei utøvarane er det ikkje hyggeleg i den augeblinken, men eg trur ikkje det er ein einaste hoppar her som ikkje har blitt diska. Det er ein del av skihopping, og det er ikkje eit problem, meiner han.

Thomas Thurnbichler

TRENAR: Austerrikske Thomas Thurnbichler er trenar for det polske landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Bør FIS gjere noko for å få ein sport der ein ikkje har så mange diskvalifikasjonar?

– Det bør vere målet at vi har så få diskvalifikasjonar som mogleg. Dette trur eg blir ein del av neste prosessen ein skal diskutere, seier trenaren.

– Vanskeleg å seie

Fredrik Villumstad var den einaste norske herrehopparen som tok seg til finaleomgangen i Holmenkollen torsdag og kom seg også vidare frå kvalifiseringa i Vikersund fredag.

– Eg skal love deg at du ikkje vinn 100-meteren i sprint om du er heilt sikker på at du ikkje tjuvstartar. Da gidd du ikkje å stille opp. Det er slik i all idrett. Nokon har det på utstyrsfronten. Andre på timing. Det varierer frå sport til sport, men slik er det, seier han.

Synest du hopp har fått ufortent mykje kritikk dei siste dagane?

– Ja, eg kjenner litt på det, seier han etter nokre sekunds tenkepause.

Om dei over 300 diskvalifikasjonane, svarer han:

– Eg har null oppfatning om korleis vi kan samanlikne det, og om det er eit høgt eller lågt tal. I Formel 1 er det diskvalifikasjonar òg, men der har du 20 førarar og 24 løp. Det er klart at vi vil ha eit høgare tal, men om det er større eller mindre relativt sett, det er vanskeleg å seie.

Også i kombinert har ein sett mange diskvalifikasjonar, sist i Holmenkollen fredag:

Trur hoppskandalen kan få positiv effekt

I den norske leiren har sportssjef Jan-Erik Aalbu verkeleg stått i søkelyset dei siste dagane.

– Ingen diskvalifikasjonar er bra for hoppsporten, seier han.

– Dette har vore veldig vanleg. Kvar einaste helg er det stort sett éin eller to diskvalifikasjonar. Det seier vel også litt om at FIS og alle andre medlemsnasjonar må sjå på reglementet, meiner Aalbu.

I nemnde FIS er Sandro Pertile rennsjef for hopp.

– Jobben vår er å sørge for å halde oppe grensa gjennom våre kontrollar. Om vi har diskvalifikasjonar, så er det fordi nokon prøver å gå over grensa. Det er ei individuell avgjerd å bryte reglane og da må alle akseptere konsekvensane, seier Pertile.

– Trur du heile situasjonen med det norske laget kan føre til ei betre framtid for skihopping?

– Absolutt, svarer han kontant og smilande.

Men er dei siste dagars hoppskandale eit problem for norsk skihopping eller den internasjonale hoppsporten? Vi spør den mangedobbelte OL- og VM-vinnaren Kamil Stoch.

– Kven er suspendert, spør han humrande.

– Nordmennene.

– Ja, men nordmennene er utøvarar, ikkje sant? Skihopparar. Så dette er eit problem for oss alle.

Publisert 15.03.2025, kl. 10.40

Read Entire Article