Over 200 tunnelar ikkje godkjende – utbetring blir stansa

2 hours ago 3


Planane var store for utbetring av Magnhildskartunnelen i Sogn og Fjordane.

Men prisen vart for høg. I august var det ikkje lenger lys i enden av tunnelen for prosjektet.

Prisen hamna 100 millionar kroner over den vedtatte ramma på 320 millionar.

– Då vi fekk inn tilboda frå entreprenørar i sommar, viste det seg at det ville bli mykje dyrare enn det vi hadde økonomi til. Vi måtte difor avlyse oppgraderinga, seier direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.

Tunnelen innfrir ikkje tunnelen regelverket for tryggleik. Det handlar mellom anna om høgde, branntryggleik, ventilasjon og lys.

Dina Lefdal i fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune har 45 tunnelar på lista over ikkje godkjende tunnelar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Over 200 tunnelar i Noreg innfrir ikkje krava til tryggleik fullt ut.

Berre i Vestland har fylkeskommunen 45 tunnelar på lista over ikkje godkjende tunnelar. Arbeidet er kostnadsrekna til 5,2 milliardar kroner.

– Formidable kostnader

Også i Nordland er utfordringane med tunnelar store. For å følgje regelverket må fylkeskommunen utbetre 27 tunnelar til ei samla kostnadsramme 7 milliardar kroner.

– Kostnadene er formidable. Også vi har hatt tunnelar der vi måtte avlyse utbetring fordi kostnadene er for høge, seier direktør for transport og infrastruktur i Nordland fylkeskommune, Odd Inge Bardal.

Brann i Gudvangatunnelen

I 2019 tok eit vogntog fyr i Gudvangatunnelen, men ingen vart skadde. Prisen for å reparere tunnelen vart på 10 millionar.

Foto: Voss Brannvesen

Han er uroa for at ytterlegare kostnadsauken i åra som kjem kan gjere det endå vanskelegare å få utbetra tunnelane.

– Uråd å få til

Fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, seier rett ut at det er uråd å ruste opp tunnelane med den økonomien fylkeskommunen har. 24 tunnelar må rustast opp til ein prislapp på 6,5 milliardar kroner.

Ole Jan Tønnesen

Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det handlar om at krava er omfattande og at vi har hatt ein stor prisauke på denne type arbeid, seier han.

Av økonomiske omsyn meiner Tønnesen ein må vurdere minimumsutbetring i kvar enkelt tunnel. Men det er usikkert om ein då vil innfri regelverket.

Har brukt 17,5 milliardar

Statens vegvesen har i dei siste 10 åra oppgradert 116 riksvegtunnelar. Kostnadene har vore på 17,5 milliardar kroner.

Tunneloppgradering.

Tunneloppgradering er svært kostbart.

Foto: Espen Børresen / Statens vegvesen

98 riksvegtunnelar står att som ikkje tilfredsstiller regelverket fullt ut. Fysisk utbetring går føre seg i rundt tolv av desse, og fleire tunnelar skal bli erstatta av heilt nye vegstrekningar i større utbyggingsprosjekt. Kva dette vil koste, er per i dag usikkert.

Det er heilt klart at Statens vegvesen undervurderte omfanget av arbeidet med oppgradering av tunnelar, mellom anna fordi mange av tunnelane var i dårlegare tilstand enn venta. Til dømes viste det seg at dreneringa i mange tunnelar var så dårleg at heile systemet måtte bytast ut, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Vegvesenet.

Utsett frist

Ein del av tunnelane i Noreg er omfatta av EU-reglar, mens norske politikarar har bestemt regler for andre tunnelar.

I hovudsak gjeld begge forskriftene for tunnelar på over 500 meter.

EU-reglene gjeld mange av tunnelane på hovudvegane. Disse reglene vart innført i 2007, og den opphavlege fristen for å oppgradere tunnelane gjekk ut i 2014.

EU sitt tilsynsorgan ESA gav Noreg dispensasjon fram til 2019, og landet har sidan fått påpakning for å ikkje ha oppfylt krava.

Utbetring av tunnelar på fylkesvegar må vere ferdig innan 2040.

Publisert 13.09.2025, kl. 07.53

Read Entire Article