– Det er eit forferdeleg ruskevêr overalt, konstaterer Leif Helge Fjellro i Vegtrafikksentralen Vest.
Over 100 vegar er stengde grunna herjingane til «Amy».
I hovudsak er det velta tre som er årsaka, men også knekte lyktestolpar og straumkablar som heng ned i vegen, skaper utfordringar.
Nokre stader har det også gått ras.
Fleire bilar har fått hard medfart i Bergen etter at fleire tre datt over ende.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKI Bergen har det nettopp kome inn melding om fleire tre som har velta over fleire parkerte bilar i Rollandslia. Politiet er på veg. I Fiolveien i same by er fleire tre i ferd med å velte over parkerte bilar.
Bil treft av steinar
Gjennom heile gårsdagen og natta har det rent inn meldingar hos Vegtrafikksentralen Vest.
Men nokre stader avventar entreprenørane å rydde vegane til vêret roar seg. Årsaka er at det kan vere fare for liv og helse.
Dette gjeld mellom anna på E39 Lavik til Årberg ved Sande.
Her blir det gjort ei ny vurdering klokka 11.00.
Fleire stader har det også gått ras.
I Hardangervegen litt før Grimeneset blei ein bil treft av eit steinras i natt. Sjåføren kom uskadde frå hendinga, men vegen er stengt. Geolog er på staden.
Fv. 49 Austrepollen til Nordrepollen i Kvinnherad blei i natt stengt på grunn av tre og steinar i vegen.
På E16 Gudvangen i Sogn køyrde ein sjåfør på steinar som hadde rasa ned i vegbana. Bilen punkterte, men sjåføren kom seg heilskinna unna.
Nokre vegar opnar etter kvart som dei blir rydda, men så kjem det inn melding om stadig nye, fortel Fjellro i Vegtrafikksentralen.
Her kan du sjå Statens vegvesen si oversikt over kva vegar som er stengde per no.
Sognefjellet er per no den einaste fjellovergangen som er stengt.
Ferjetrafikken er også fleire stader råka av «Amy». Helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen blei innstilt i går.
Ber folk halde seg heime
Vegtrafikksentralen trur ikkje situasjonen vil roe seg med det første.
– Utover dagen er det venta mykje regn og nedbør, så det kan også kome endå meir ras, seier Fjellro.
Oppmodinga frå Vegtrafikksentralen er klar:
– La bilen stå, med mindre du må ut å køyre, seier han.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) er også klar i sin tale og ber folk halde seg heime.
Publisert 04.10.2025, kl. 08.12 Oppdatert 04.10.2025, kl. 08.53