Venezia, september 2024
Mona Fastvold og ektemannen Brady Corbet anar ikkje kva respons dei kan vente seg når dei går inn i den historiske Sala Grande-kinoen i den italienske festivalbyen for å vise fram filmen sin.
«The Brutalist», som Mona har skrive manus til, er i hovudkonkurransen på den prestisjefylte filmfestivalen og kan vinne den gjævaste prisen, Gulløva.
Halvegs ut i verdspremieren byrjar dei første tilbakemeldingane å tikke inn. Dei er kritiske. Mona tenker at det går mot endå fleire motbakkar.
Ingen har villa kjøpe den tre og ein halv time lange filmen, og den vidare skjebnen er høgst usikker. Kom nokon fleire i det heile tatt til å få sjå verket som Mona og Brady har brukt åtte år av livet sitt på å lage?
Tre månader seinare er Mona Fastvold og filmteamet på plass i London for å introdusere filmen «The Brutalist» for Europa.
På ein stram stol framfor eit blått lerret er Fastvold lyssett og installert for ein dag med presseintervju i den britiske hovudstaden.
Fordi ho er norsk, krangla vi oss til eit ti minutt langt intervju over Zoom. Det er fire minutt meir enn det dei andre, ca. 100 journalistane som skal snakke med henne, får. Så travel og ettertrakta er Mona i dag.
Mona Fastvold har skrive manuset til «The Brutalist» saman med partnaren Brady Corbet, som også har regi på filmen. Og den har store stjerner som Adrien Brody, Felicity Jones og Guy Pearce på rollelista.
LONDON: Brady Corbet, Felicity Jones, Adrien Brody, Guy Pearce og Mona Fastvold drog til London i januar for å lansere filmen til det britiske publikummet.
Foto: Scott Garfitt / APTrykket på Mona Fastvold og resten av gjengen bak «The Brutalist» har hardna kraftig til.
Alt før Noregspremieren har han vunne høgthengande prisar under filmfestivalen i Venezia, Golden Globes og British Academy Film Awards (Bafta).
Før jul byrja Oscar-summinga å svirre. Og i januar blei summinga reell med ti nominasjonar. Det er utan sidestykke i norsk filmsamanheng. Og Mona er nominert til prisen for beste manus saman med mannen Brady Corbet.
Men vi skal altså ikkje lenger tilbake enn til den italienske filmfestivalen i september før utsiktene til filmen såg heilt annleis ut.
– Det er gambling kvar gong
Mona Fastvold er ein norsk filmregissør, manusforfattar og skodespelar, med utdanning frå New York. Ho hadde små roller i blant anna Hotel Cæsar, i enkelte teateroppsetjingar og amerikanske filmar på tidleg 2000-talet.
På vegen mot filmbransjen hadde ho suksess med å lage musikkvideoar. Blant dei er videoen ho laga til eksmannen Sondre Lerche sin «Go Right Ahead», som med god hjelp av magasinet Rolling Stone blei ein hit på nettet.
Nå er Mona Fastvold godt etablert i det amerikanske filmmiljøet og har base i New York saman med mannen Brady Corbet og dottera deira Ada James.
STATUETT: Mona Fastvold, Brady Corbet og dottera Ada James under den 82. Golden Globes i januar. Der vann «The Brutalist» den gjeve prisen for beste dramafilm og Corbet vann prisen for beste regi.
Foto: AFPFilmparet blei introdusert gjennom ein felles skodespelar-ven då Mona først kom til New York, og har sidan arbeidd i tett tospann. Alt i 2011 byrja dei å skrive filmmanus saman.
Når dei to går i gang med ei historie, snakkar dei så mykje om henne og veit kor ho er på veg og kan intuitivt plukke opp der den andre har avslutta.
– Vi har utvikla ein symbiotisk prosess. Vi skriv ved sida av kvarandre. Nokre gonger skriv Brady til langt på natt, medan eg vaknar tidleg, opnar datamaskinen og fortset der han slutta.
På paret si felles merittliste er filmar som «Søvngjengeren», «The Childhood of a Leader», «Vox Lux» med Natalie Portman og «The World to Come».
Mona forklarer sjølv:
– Alle filmane står på skuldrene til kvarandre, og vi jobbar tett på alle produksjonane. Vi er medprodusentar for kvarandre. Vi regisserer second unit for kvarandre, og vi skriv saman.
Og apropos skrivinga, så er det ikkje berre skrivemetoden til paret som er litt utanom det vanlege. Ifølge Mona er også det dei skriv om litt sært og smalt. Difor er ho innforstått med at prosjekta deira ikkje er for alle.
– Ein veit aldri om det er ei stor gruppe som er interessert i den veldig smale tingen som du er interessert i. Samstundes må ein berre sette i gang og utforske dei tinga ein er trekt mot. Vi må gamble kvar gong, om det funkar eller ikkje.
Blir trekt mot fortida
«The Brutalist» starta med ei gjensidig interesse for arkitektur.
Bestefaren til Mona heitte Erik Fastvold og var arkitekt i Noreg i etterkrigstida, mens Brady har ein onkel som er arkitekt i USA.
– Eg trur interessa mi for arkitektur kjem frå bestefar. Han viste oss arkitektur og snakka om byggestil og teknikk i oppveksten. Det har også påverka min entusiasme for filmteknikk, å tenke på korleis ein arrangerer eit rom og korleis ein bruker lys. Eg trur det er mykje som overlappar der.
Filmparet delte fascinasjonen for brutalistisk arkitektur og betydninga den hadde i tida etter andre verdskrigen. Til Hollywood Reporter sa Brady Corbet at brutalistisk arkitektur representerer noko folk ikkje forstår og som dei ønskjer å rive ned og rive bort.
– I etterkrigstida var brutalistiske bygg moderne og framande. For mange kunne det verke provoserande og skremmande at slike bygg blei plassert midt i samfunnet, på same måte som ein immigrant som kjem til USA etter krigen, seier Mona.
Historia om arkitekten László Toth, som kjem til Amerika, er eit såkalla episk drama. Ho spenner over tre tiår, ho er storslått og varer i neste tre og ein halv time.
Alle filmane paret lagar, er historiske, og etterkrigstida var nok ein historisk periode paret ville utforske.
– På eit eller anna vis forsøker vi å forstå korleis vi enda opp der vi er nå. Det er enklare for meg å utforske fortida enn det som skjer akkurat nå. Det blir for nærme.
– Uengasjerande og pompøs
Men historia om den ungarske arkitekten, som er ein Holocaust-overlevande jøde, slo ikkje an hos dei som sit på pengesekken.
Blant dei som ikkje let seg overtyde av manuset til «The Brutalist», var Norsk filminstitutt, der Fastvold søkte om filmstøtte i 2021.
Ifølge Aftenposten vurderte NFI prosjektet som sterkt, men for tradisjonelt og uoriginalt opp mot dei andre søkarane.
NFI skreiv i sitt avslag at «filmen har høye kunstneriske ambisjoner, men dessverre så oppleves historien ikke-engasjerende og kanskje noe pompøs».
– Folk har ulik smak, og dei synest ikkje manuset var noko godt. Sånn er det berre. Og dei var i godt selskap om å meine det. Dei var ikkje åleine i sitt avslag.
Mona Fastvold har aldri hatt eit mål om å lage feelgood-filmar eller «escapes», som ho kallar det. Ho vil lage filmar som skapar diskusjon, noko som betyr at ein lagar ting som folk er ueinige om.
Men sjølv om det inneber at folk ikkje står i kø for å støtte filmen økonomisk, så kastar ikkje paret prosjekta på bålet av den grunn. Resultatet blir berre at dei må lage sine ambisiøse filmprosjekt på langt lågare budsjett enn det tilsvarande filmar kostar.
Under Bafta gjekk ein tilsynelatande overraska Brady Corbet opp på scena for å ta imot prisen for beste regi. Han fortalde at dei ikkje har tent ei krone på filmen så langt.
INNSPELING: Regissør Brady Corbet under innspelinga av «The Brutalist» i Ungarn.
Foto: Marius CaptareEpisk drama på sparebluss
Åtte friksjonsfylte år tok det frå frøet blei sådd til filmen var ferdig. Mange spør seg korleis det er mogleg å lage ein så ambisiøs historisk film, som er så lang, på eit så lågt budsjett. Totalsummen kom på 10 millionar dollar, som er ein fjerdedel av det han opphavleg var budsjettert til.
Filminnspelinga skulle eigentleg starte i 2020, men blei utsett gong på gong på grunn av pandemien.
For Mona og Brady blei det krevjande å behalde visjonen for filmen med eit stramt budsjett, stadige utsettingar og eit tett tidsskjema for filminnspelinga.
Men dei var fast bestemt på å lage han. Når innspelingsdatoen og rollebesetninga endeleg var på plass, bestemte dei seg for å køyre på.
Etter fleire forseinkingar starta endeleg innspelinga i den ungarske hovudstaden Budapest i mars 2023 og varte i berre 34 dagar. Til samanlikning brukte Martin Scorsese 99 dagar på den like lange filmen «Killers of the Flower Moon».
– Korleis er det mogleg?
– Det handlar om å planlegge, planlegge og planlegge. Veldig, veldig godt. Og å halde deg til planen. Viss du har bestemt deg for at det er slik du ønskjer å filme, så er det sånn det blir. Flyttar du kameraet 10 cm, så funkar det ikkje. Du har berre råd til å lage to vegger eller éin vegg med tak og golv. Og ein må vere veldig bestemt på korleis ein skal filme det.
Sjølve innspelinga fann stad i Ungarn, der produksjonen kunne gjenskape bygningar til ein lågare pris enn i USA.
Dessutan har Mona Fastvold, etter mange års erfaring i bransjen, blitt betre og betre på å forstå budsjetta på filmane sine. Ho har oppdaga at dei kreative vala ligg i å forstå kva ein brukar pengar på. Det er også slik ein kan lage film til ein låg pris.
– Jo meir du veit om linsekamera, kor mykje det kostar å filme på film, korleis du best utnyttar dagen, kva som er viktig for deg og kva val du helst skal ta. Alle desse tinga gjer at du kan ha meir kontroll over ditt kreative uttrykk.
250–300 menneske jobba på filmen. Trass lågare lønn enn det folk vanlegvis får betalt for å jobbe på denne typen filmar, ønskte dei likevel å vere ein del av prosjektet, fordi dei trur på filmen.
Det same gjorde dei private investorane som gjekk inn i prosjektet med finansiering. Og produsentar, som var behjelpelege med å lage ein god plan, mønstra på.
– Vi føler eit enormt ansvar for dei som jobba på filmen. Dei jobba hardt og fekk lite betalt. Vi kjenner eit ansvar for å ha ein delvis kommersiell suksess. I alle fall nok til at folk kan få glede av det.
I DET BLÅ: 16 personar i filmteamet bak «The Brutalist» under filmfestivalen i Venezia i september 2024. Framtida til filmen var endå uviss.
Foto: Giulia Parmigiani / Giulia ParmigianiVendepunktet
Lengda på filmen skulle vise seg å bli det neste store puslespelet for filmen.
Ein film på tre og ein halv time med ein 15 minutt lang pause er utfordrande for ein distributør. Lenge var det ingen som ville kjøpe distribusjonsrettane til filmen i USA.
Heilt fram til berre eit par veker før filmfestivalen i Venezia, fekk paret beskjed om at dei burde prøve å klippe han ned.
Paret forsøkte fleire gonger å gjere han kortare, men det var ikkje mogleg. Det var sånn historia var meint å bli fortalt, og dei var sikre på at dette var riktig lengde.
– Vi sto på vårt. Heldigvis gjorde vi det.
Tilbake til elddåpen i Sala Grande-kinoen i Venezia i september byrjar den tre og ein halv time lange premierevisninga og gå mot slutten. Kritiske tilbakemeldingar er snudd til hyllest.
Då Mona Fastvold, Brady Corbet og dei meir enn tusen andre som sit i salen ser rulleteksten gå over lerretet bryt jubelen laus. Applausen vil ingen ende ta og varer i 13 heile minutt. Nokre dagar seinare vinn Brady Corbet Sølvløva, prisen for beste regi.
Etter den overveldande og noko uventa mottakinga i Venezia blei det konkurranse om dei amerikanske distribusjonsrettane til filmen. Og det amerikanske selskapet A24 gjekk sigrande ut.
Når Mona Fastvold snakkar med folk etter å ha vist filmen, kjem ho i møte med folk som føler at filmen er enormt aktuell.
Håpet til Mona er at dei ved å fortelje ei historie på denne måten om ein innvandrar i Amerika, kan minne folk på at dette er historia til nesten alle som bur her.
– Filmen får nå mykje merksemd på ein meir kommersiell måte enn det vi hadde venta oss. Forhåpentlegvis gjer det at han rekk ut til folk som ikkje tenker heilt likt som oss. Og kanskje kan han få dei til å tenke litt annleis. Det hadde jo vore fantastisk.
Første søndag i mars samlast eliten i filmbransjen til Oscar-seremoni i Dolby Theatre i Hollywood. Då er Oscar-nominerte Mona og mannen Brady blant dei som sit i salen.
– Korleis førebur du deg til ein mogleg Oscar-pris?
– Ja ... uff. Det må eg tenke på, så klart. Det er veldig skummelt. Eg er ikkje noko glad i å snakke framfor ei stor gruppe menneske. Det blir vinn-vinn for meg uansett. Viss ikkje vi får han, så slepp eg å snakke. Viss vi får han, så må eg tore å gjere det.
Hei!
Hei! Takk for at du las heilt hit. Meiner du noko, eller lurer på noko, send meg gjerne ein e-post!
Publisert 02.03.2025, kl. 19.59