Frå natt til måndag er det sendt ut oransje farevarsel for snø i Agder, som held fram ut til tirsdag morgon
– Heilt lokalt kan det bli opp mot 40 centimenter snø i løpet av 24 timar, det seier vakthavande meteorolog, Pernille Borander.
I tillegg er det eit større område i Agder, som så vidt når Telemark, som får snø, men på gult nivå.
Lågtrykket som kjem har òg med seg mildluft etter kvart, så seinare måndag vil snø bli til sludd vest i Agder.
– Viss du vil nyte snøen, må du gjere det i dag, seier Borander.
Det er òg farevarsel for snøfokk i heile fjellet i Sør-Noreg. Det kan fort bli kolonnekøyring eller stengde vegar.
Det er òg sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast vestlandet, som i tillegg treff delar av Møre og Romsdal og Trøndelag.
– På vestlandet gjeld det å følge med, og det er fint å ha ein plan. Her vil variasjonane vere veldig store lokalt, og det kan skje at ein mistar straumen om tre bles ned over høgspentmaster og vegar.









English (US)