– Eg har gått til psykolog då. Ganske hyppig. For det er så mange tusen tankar i hovudet før eit renn og under eit renn. Spesielt negative, for min del, fortel langrennsløparen til NRK.
Den colombiansk-fødde utøvaren er klar for sitt andre Paralympics med det norske flagget på brystet.
39-åringen har tidigare snakka opent til NRK om den medfødde skaden i ryggen, som dreiv ho til eteforstyrring og rus, etter at ho vart adoptert til Noreg som 6-åring.
Sjølv om idretten vart ein veg ut av lidingane, så er langrennsløparen framleis streng mot seg sjølv.
Det toppa seg under VM på heimebane i Trondheim i fjor, der parautøvarane for første gong fekk delta i same meisterskap som dei funksjonsfriske.
Det som skulle bli ein folkefest vart eit mareritt for 39-åringen.
I innspurten på sprint-kvalifiseringa valt ho feil trase, måtte snu og gå tilbake for å finne rett spor.
Under finalen dagen etter var heller ikkje hovudet på rett plass.
Her staka ho seg ut frå start fleire sekund før ho skulle. Noko som enda med disk.
– Ja, eg kan ofte miste hovudet. Så eg er jo litt vimsete. Men eg hadde ikkje trudd at eg skulle bli så vimsete, minnast ho med eit smil eit år seinare og legg til;
– Nei, då var eg faktisk veldig skuffa over meg sjølv. Då det gjekk føre seg, så var eg veldig lei meg.
Samanliknar seg sjølv med Heidi Weng
I dag ser ho tilbake på tabbane i Trondheim og ler av dei.
Det gjere ho også av møte med Heidi Weng etter konkurransen i VM-løypene i Trondheim.
– Eg var litt frekk, då. Eg prøvde eigentleg berre å vere morosam, men eg skjønte det etterpå, at det var litt teit, seier ho og tek seg til andletet og ler høgt med sin smittande latter.
LANGRENN: Indira Liseth på trening før avreise til Italia og sitt andre Paralympics i karrieren.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKWeng, som sjølv har gjort mange tabbar i sporet, lurte eigentleg på kva som hadde skjedd med bergensaren i løypa.
Svaret kom kontant frå 39-åringen:
«Eg tok ein liten Heidi Weng»
«Og ho berre:»
«Jaha?»
Heidi Weng trekker på smilebandet, då ho blir minna på episoden eitt år seinare.
NRK møter ho etter at ho har gått inn til sin første verdscupsiger på fire år i svenske Falun.
– Eg kjenner Indira og kanskje man kan vere eit førebilete? Det er mogeleg å surre rundt og det går for det, svarar ho og ler.
FØREBILETE: Heidi Weng, her med bronsemedaljen frå OL, meiner ho er eit bevis på at man kan vere vimsete og likevel nå toppen.
Foto: AFPMen episoden i Trondheim er langt frå eineståande for Liseth.
– Trenarane må jo hjelpe meg med å telje rundar. Og så av og til, ja, så har eg gløymt stavane mine. Så kan eg ta pannebandet mitt opp ned. Det er sånne teite ting.
Har vore tøft
Trass i at ho i dag spøkar med episoden, så har den også vore vanskeleg.
Det siste året har Liseth jobbe tett med psykolog for å snu sin eigen tankegang etter det som skjedde i Trondheim.
– Eg har rett og slett prøvd å jobbe med sjølvtilliten og sjølvbildet. Så eg håpar jo det at det blir mykje betre no i forhold til det det var i VM.
Samtalane har vore nyttige, men også vanskelege for bergenskvinna.
Ho fortel at det har gitt ho svar på ting som ho eigentleg ikkje visste om seg sjølv.
Men noko av det viktigaste ho har lært er å ikkje tenke på kva ho trur andre meiner er best for ho, men kva som er best for ho sjølv.
– Nei, det er ikkje lett i det heile tatt. Så det jobbar vi med enno. Å ta små skritt i staden for å gjere éin ting til eit stor nederlag, forklarar Liseth.
Første renn for Indira Liseth er sprint tysdag 10. mars. Rennet kan du sjå på NRK1 eller i NRK TV frå 09:30.
Publisert 07.03.2026, kl. 16.32












English (US)