Opprør i det demokratiske partiet – krev hardare kamp mot Trump

1 day ago 7


– AOC, AOC, AOC, ropte dei.

Ein kunne høyre brølet frå folkemengda i Denver fleire kvartal unna natt til laurdag.

På scena stod eit av partiets yngste stjerneskot, Alexandria Ocasio-Cortez (35), kongressrepresentanten frå New York.

En mengde mennesker

34.000 menneske møtte opp for å sjå Bernie Sanders og Alexandria Ocasio-Cortez i Denver fredag.

Foto: JASON CONNOLLY / AFP / NTB

Saman med henne stod Bernie Sanders (83), som er den lengstsitjande uavhengige representanten i Kongressen.

Det har vore opprør i det demokratiske partiet den siste tida. No reiser Ocasio-Cortez og Sanders rundt for å vekka kampviljen på venstresida.

34.000 menneske møtte opp denne dagen i Denver. Det er den største politiske samlinga i Denver sidan Obama i 2008, ifølgje Ocasio-Cortez sjølv.

Aldri har Bernie Sanders snakka framfor så mange menneske.

– Dette er den største folkemengda eg har sett på nokon av mine møte.

Demokrat stemte med Republikanarane

For litt over ei veke sidan unngjekk USA at statsapparatet måtte stengje.

Chuck Schumer, leiaren for Demokratane i senatet, stemte for republikanarane sitt budsjettforslag.

Å stemma over budsjettet er eitt av opposisjonspartiets viktigaste våpen, og fleire demokratar hadde ønskt at Schumer hadde kjempa hardare.

en kvinne som snakker inn i en mikrofon

AOC blir sett på som ei av dei tydelegaste stemmene på venstresida hos Demokratane.

Foto: JASON CONNOLLY / AFP / NTB

Blant dei største kritikarane var Ocasio-Cortez.

– Me treng eit demokratisk parti som kjempar hardare for oss. Dette handlar ikkje berre om republikanarane, seier ho på folkemøtet.

Natt til laurdag norsk tid var NRK til stades i Denver.

– Det er jungeltelegrafen og frustrasjonen folk deler, som har fått så mange til å ta turen hit, seier Sam Jarris (34).

en gruppe mennesker som poserer for kameraet

Desse tre frivillige har deltatt i organiseringa av folkemøta i Colorado. Christian Seale (23) til høgre.

Foto: Tove Bjørgaas / nrk

Dei tre unge aktivistane stiller seg bak Ocasio-Cortez. Dei sjølve har vore med på å samle folk for folkemøtet.

Christian Seale (23) trur budsjettvedtaket i Washington er årsaka til at så mange har møtt fram.

– Det er på tide at me lar stemmene våre bli høyrde. Dette er den makta leiarane i vårt eige parti treng å sjå, slik at dei skal kjempe hardare mot oligarkane som har teke over landet vårt, seier han.

– Sel landet vårt til verdas rikaste

Kongressrepresentanten Ocasio-Cortez blei invitert til delstatshovudstaden av senator Bernie Sanders, som no er ein uavhengig kandidat for delstaten Vermont.

Sanders har tidlegare stilt til val som demokratane sin presidentkandidat.

en gruppe mennesker som står på en scene med flagg foran en folkemengde

AOC blir sett på som ei av dei tydelegaste stemmene på venstresida hos Demokratane.

Foto: CHET STRANGE / AFP / NTB

Han har allereie vore på «Figthing Oligarchy»-turnéen sin ei stund. Då reiser dei til område der republikanarar vann med knapp margin under fjorårets presidentval.

Håpet er å vippe veljarane over på demokratisk side.

Sanders og Ocasio-Cortez meiner Donald Trump sin strategi er å splitte folk. At han forsøker å få folk til å tru at alle må vere si eiga lykkes smed, og at det ikkje nyttar å kjempe i mot.

– Ironisk nok er det dei mest splittande kreftene i landet som no fører folk saman, sa Ocasio-Cortez som sikta til den økonomiske eliten i USA.

Sanders og Ocasio-Cortez står på et podium med et mikrofonstativ foran seg. I bakgrunnen er et nakent tre, et stort bygg og folkemasser.

Bernie Sanders og Alexandria Ocasio-Cortez.

Foto: David Zalubowski / AP / NTB

Donald Trump har gitt nyklane til dei føderale styresmaktene til Elon Musk, meiner ho.

– Trump sel landet vårt stykkevis og delvis til verdas rikaste. Til gjengjeld støttar oligarkane Trumps politiske kampanjar og hans allierte, sa ho frå talarstolen.

«Eat the rich»

Medan Ocasio-Cortez snakka om sitt eige liv og jobben ho tidlegare hadde som servitør, heldt Sanders seg til kjende taktar.

– Me tillèt ikkje at USA blir eit oligarki. Landet vart er bygd av arbeidsfolk, og me kjem ikkje til å la eit knippe milliardærar styra regjeringa, sa Sanders frå talarstolen.

«Eat the rich», ropte nokon i publikum. «Et dei rike».

Sanders meiner Trumps pengepolitikk svekkjer dei fattige, og styrkar dei rikaste i landet.

– Men eg trur, av heile mitt hjarte, at om me står saman, klarer dei ikkje splitta oss. Om me handlar klokt og er villige til å gå utanfor eiga komfortsone, er det ingenting, absolutt ingenting, som kan stoppe oss.

På tide å handla

I folkemengda møter NRK også Cori Esbath som er fortvila over utviklinga i landet.

– Eg kjenner at nasjonen vår blir knust og riven frå kvarandre. Og eg kjenner me har dårleg tid på oss til å stoppa det.

Det uroar Esbath som seier ho er her for å få nye tips til korleis ho kan kjempe mot Trump.

en kvinne iført en hvit jakke

Cori Esbath er kunstnar og har laga jakkemerke i protest mot Trump og Elon Musk. No vil ha nye idear til korleis ho kan yte motstand.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Å samle 30.000 menneske er ein måte å gjere det på, trur Brian Hoechner. Han jobbar for dei føderale styresmaktene i Colorado, men trur han kjem til å miste jobben snart som mange andre har gjort.

For få dagar sidan signerte Trump til dømes ein presidentordre med mål om å avvikla utdanningsdepartementet.

– No må me handla, handla, handla. Me må vere dei som stoppar dette, seier Cori.

Fakta om presidentordrar i USA

  • Kva er ein presidentordre?

    I USA er ein presidentordre det same som ein instruks til statsapparatet, og kan bli samanlikna med ei forskrift frå regjeringa i Noreg.

    Ein president står fritt til å oppheve ordrar frå tidlegare presidentar.

  • Kvifor bruke presidentordrar?

    Presidenten kan signera og senda ut presidentordrar utan at det er gjort noko vedtak i Kongressen, som er den lovgjevande forsamlinga i landet.

    Det er ein måte å tvinga gjennom eigen politikk eller politiske vedtak på, i saker som presidenten ikkje klarar å få vedteke i Kongressen.

  • Er dei umoglege å overstyre?

    Nei. Fleire av presidentordrane Trump har signert har blitt stoppa, eller forsøkt stoppa, av domstolane. Sjølv om ein president signerer ein ordre, er det avgrensa kva han kan gjere.

    Eit fleirtal i Kongressen kan også hindra at ein ordre blir gjennomført, til dømes ved å fjerne nødvendig finansiering.

  • Eit utval presidentordrar frå Trump

    På 10 dagar signerte Trump fleire presidentordrar enn nokon annan president har gjort på sine fyrste 100 dagar i Det kvite hus. Totalt har han signer 93 ordrar, ifølgje styresmaktene.

    Eit utval kjende og mindre kjende ordrar:

    • 25 prosent toll på stål og aluminium

    • Avvikla kunnskapsdepartementet

    • Erklærte ei nasjonal energikrise og krise på grensa til Mexico

    • Fjerna mangfald- og inkluderingstiltak i regjeringa (DEI)

    • Utvida tilgangen til kunstig befrukting

    • Fjerna påbod om bruk av papirsugerør

    • Forlet Verdas helseorganisasjon og Parisavtalen

    • Endra namn på Mexicogolfen til Amerikagolfen

    • Benåda tiltalte etter storminga av Kongressen 6. januar

Brian har ei god kjensle i kroppen etter at møtet er ferdig.

– Trur du møte som dette utgjer ein forskjell?

– Eg trur det gjev folk håp. Det viser folk at dei ikkje er åleine.

Brian Hoechner

Brian Hoechner trur han snart vil miste jobben sin i staten.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Det siste Alexandria Ocasio-Cortez gjer før ho forlét scena i Denver var å be alle dei frammøtte om helse på ein dei ikkje kjenner i folkemengda.

– Eg vil at alle skal dra herifrå med ein ny kontakt. For no må me love at me skal ta vare på kvarandre på dei verste dagane og dele framgangen me har på dei beste.

To kvinner på Sanders-rally i Denver, CO

Desse to har ikkje møtt kvarandre før, men helser etter oppmodinga frå Alexandria Ocasio-Cortez.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 23.03.2025, kl. 13.52

Read Entire Article