Allereie måndag gjekk yr.no ut med varsel om at det kunne kome is og snø på Vestlandet, i Midt-Noreg og delar av Nord-Noreg.
Varselet skulle vise seg å slå til.
Tysdag morgon vakna mange til islagde vegar. Vegtrafikksentralen i Vest la tidleg ut melding til bilistane om å vurdere å la bilen stå.
– Grunna låge temperaturar er det fare for særs glatte vegar i morgontimane. Det blir jobba med å salte på spesielt utsette strekningar, men grunna redusert vinterdrift vil fleire vegar kunne vere glatte og vi ber bilistar vurdere å la bilen stå dersom ein ikkje har vinterdekk.
Varselet om snø og is i store delar av landet, slo til.
Foto: yr.noTrafikkoperatør Andreas Rasmussen seier at vegane kan vere glatte på morgontimane, også i dei større byane som Bergen.
– Det er mykje glatte vegar. Vi har fått ein del tilbakemeldingar på E39. Nordover, spesielt i Åsane -området. Det er glatt og folk må ta det helt roleg og vurdere om de kan utsette reisa til det er litt mildare i vêret, rett og slett.
Mindre strøing
Gjennom vinteren står bilar med salt i beredskap når det er snø og is på morgonen. Det gjer det ikkje no, stadfestar Vegtrafikksentralen.
– Det står ikkje klare saltebilar i same antal som i vintersesongen. Ein del bilar har sommardekk, og ein del saltebilar er ikkje tilgjengelege, rett og slett.
Slik såg det ut i Ålesund sentrum, tysdag morgon.
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRKHan seier at beredskapen er betre i høgda, men at den er redusert i låglandet. Det skapar ekstra utfordringar når folk skal på jobb tysdag.
Han er tydeleg på at dei som har tenkt seg ut i trafikken i morgontimane bør ha vinterdekk.
– Dei som har sommardekk bør nok vurdere å utsette reisa.
Det er venta at det kanskje kan bli betre forhold utover dagen, men enn så lenge er det «kaldt og glatt».
Publisert 05.05.2026, kl. 06.10 Oppdatert 05.05.2026, kl. 06.52











English (US)