Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_3d402228b1b044e1701af151c316e4b7, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Oppgradert farevarsel: No kjem ekstremvêret «Amy til Sør-Noreg - NorwayToday

Oppgradert farevarsel: No kjem ekstremvêret «Amy til Sør-Noreg

4 days ago 2


Årets første hauststorm blir av det skikkelege slaget og årets første ekstremvêrvarsel.

Heile Sør-Noreg blir dekka av farevarsel medan «Amy» rasar frå seg. Austafjells er mest utsett, med opp mot 100 millimeter nedbør på 12 timar og vindkast på over 36 m/s frå søraust.

Hendinga vil mange stader vere blant dei kraftigaste dei siste 25 åra.

– Det blir gult, oransje eller raudt nivå. Det raude nivået vil vere på Skagerrak-kysten, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Orkan-restar

Det er restane frå orkanen «Humberto» i Karibia, som i Storbritannia har fått namnet «Amy». Dette blir også gjeldande når vind og nedbør treff sørlege delar av Noreg frå fredag kveld.

Nedbørskart Amy

Det er venta nedbør på raudt nivå for delar av Austlandet.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Spesielt austafjells, der det blir raudt farevarsel for kraftige vindkast og oransje og raudt farevarsel for nedbør. Vinden vil vere det kraftigaste natt til laurdag og laurdag morgon.

– Kysten av Skagerrak får dei kraftigaste vindkasta og veldig kraftig pålandsvind og bølgjer. I tillegg blir det ganske mykje nedbør sør på Austlandet, seier Fagerlid.

Raudt, oransje og gult

Truleg vil sjøvatn stue seg opp inn i Skagerrak. Det kan resultere i nytt farevarsel fredag.

– Mest truleg kjem det også farevarsel for høg vasstand også, men det er usikkert, sender vi ikkje i dag, seier statsmeteorologen.

Også Vest-, Sør- og delar av Midt-Noreg vil merke naturkreftene.

– Det oransje vil gjelde ein del av Austlandet, store delar av fjellet i Sør-Noreg, indre og midtre strok av Vestlandet og også sør i Trøndelag, seier Fagerlid.

Desse varsla er no send ut:

  • Raudt farevarsel for ekstremt kraftige vinkast langs kysten av Skagerrak.
  • Raudt farevarsel for ekstremt mykje regn i delar av Telemark og Vestfold.
  • Oransje farevarsel for svært kraftige vindkast i Rogaland, delar av Sør-Vestland, indre strøk og fjellet i Sør-Noreg, og delar av Søraustlandet.
  • Oransje farevarsel for svært mykje regn i deler av Agder, Telemark og Vestfold.
  • Gult farevarsel for jord- og flaumskredfare i Telemark.
  • Gult farevarsel for flaumfare for deler av Sørlandet- og Austlandet.
  • Gult farevarsel for kraftige vindkast for delar av Vestlandet, delar av Austlandet, delar av Trøndelag og delar av Nordland.

– Ikkje oppsøk vêret

I Agder har dei kalla inn fylkesberedskapsrådet fredag morgon.

Fungerande beredskapssjef i Agder, Trine Krossbekk, rår ho folk i dei mest utsette områda om å syte for oppladd mobilar og powerbankar, og ha klart alternative varmekjelder, lys og fyrstikker.

Ho ber folk reinse slukar så vatnet går der det skal, og å sikre lause gjenstandar. Hummarfiske som starta 1. oktober bør ein ikkje drive med.

– Ikkje oppsøk vêret. Og hald deg for det meste innandørs, seier ho.

– Det kan komme lause gjenstandar gjennom lufta, det kan falle tre over bilvegar og over viktig infrastruktur som straumkablar, seier ho.

I Vestland bemannar opp Bergen lufthamn Flesland i helga.

– Det er usikkert om det vil ha noko å seie for flytrafikken. Det kjem an på vindretninga, seier operativ sjef Øystein Skaar.

– Spesielt

Haustferien står for tur og mange har truleg sikta seg inn på hyttetur eller friluftsplaner i helga. Såleis treff sesongen første verkeleg storm på eit ugunstig tidspunkt – og uvanleg breitt.

– Det er spesielt at så store delar av Noreg blir påverka av uvêret. I og med at det er så store område og kraftig vind, er det litt av grunnen til at vi kallar det ekstremt vêr, seier Fagerlid.

en side i en bok

– Stormen påverkar veldig store landområde, og har veldig mykje vêr i seg – mange fenomen. Då er det greitt å gi det eitt namn, og det blir «Amy», seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Vakthavande meteorolog Marek Ratajczak ber folk sikre trampolinar, potteplantar og utemøblar.

– Alt som ikkje toler kraftig vind må ein no ta inn, eller taue fast på eit vis, seier han. Stormen kan også føre til snøfokk på fjellovergangar og ikkje minst på sjøen.

– Og om ein har ein båt ute på kaia, så kan det vere ein idé å bruke tida på å ta inn båten før stormen kjem, seier Fagerlid.

Ein hovudkonsekvens

Fagerlid ber folk vere budde på både trevelt og straumutfall.

– Akkurat no er det framleis mykje lauv på trea, og det gir større vindfang. Vi ventar at det kjem ein god del trenedfall under hendinga, og trenedfall kan fort treffe ei straumlinje som då vil ta straumen mange stader, seier Fagerlid og avsluttar:

– Det er kanskje den hovudkonsekvensen vi ser føre oss.

Publisert 02.10.2025, kl. 12.51 Oppdatert 02.10.2025, kl. 13.53

Read Entire Article