Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

5 hours ago 1


Medan tusenvis av cruiseturistar har beundra fjordane på Sunnmøre i sommar, har det føregått eit heilt spesielt arbeid under havoverflata.

Eit fjernstyrt undervassfartøy vart sendt ned på djupet for å kartlegge naturmangfaldet i verdsarvområda. Der blei det funne fleire korallrev, både i Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden.

– Det var uventa at vi fann såpass store område med kaldtvasskorallrev, spesielt i Geirangerfjorden, seier marinbiolog Christiane Todt frå Biota Naturkompetanse.

Området med korallrev dei har kartlagt i Geirangerfjorden er på om lag 10 dekar, men det kan potensielt vere 235 dekar.

Stort sjøtre Geirangerfjorden Augekorallrev Geirangerfjorden

Sjøtre og augekorallrev i Geirangerfjorden

Verka friske

Det finst to hovudtypar av korallrev. Dei tropiske som lever i grunt og varmt vatn, og dei som lever djupt og mørkt. Korallreva i verdsarvområdet ligg på 220–140 meters djupne.

Mange av korallartane som er dokumenterte i kartlegginga er sjeldne og lever på store djup.

Christiane Todt

Christiane Todt meiner korallrev er imponerande med sine komplekse byggverk laga av relativt enkle organismar.

Foto: privat

– Det spesielle er at korallane verka veldig friske og at dei veks godt, seier marinbiologen.

Ofte vert det funne berre restar av korallrev i indre fjordområde.

Forureina og botntråling utgjer stor risiko for å øydelegge korallreva, og Todt meiner difor det er viktig å kartlegge kvar dei finst, slik at dei kan bli beskytta.

Ikkje akkurat som i Australia

Elsa Ragni Yttredal, som er kunnskaps- og forskingskoordinator for Vestnorsk fjordlandskap, seier forskinga under havoverflata er viktig.

– Som nasjon er vi sett til å ta vare på verdsarvområdet. Då er det viktig for oss som skal hjelpe til å ta vare på det å vite kva som faktisk er der, seier Ytterdal.

Else Ragni Yttredal

Else Ragni Ytterdal synest funnet av korallar var spanande og artig.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho innrømmer at det ikkje er akkurat Great Barrier Reef som er funne, med sine enorme område med spektakulære og fargerike korallrev.

– Det er likevel artig. Det er jo vakre korallar med flotte fargar og former, seier Yttredal.

Trur det finst mykje meir

Ein som har sett video av funnet og gler seg over korallreva, er forskar Ørjan Sørstrønen Vabø ved Runde Forsking.

– Det viser berre at det er meir korallar på Sunnmøre enn det som er i dei offentlege databasane. Det er veldig viktig at vi får fram. Det er eit fantastisk funn, seier Vabø.

Han trur det finst mykje meir korallar i norske fjordar enn ein er klar over, og at med større innsats og meir midlar kunne ein ha kartlagt det betre.

Mykje av kartlegginga som blir gjort er det industrien som betalar for, før ein til dømes startar oppdrettsanlegg eller skal gjere utbyggingar. I 20 år har dessutan prosjektet Mareano samla kunnskap.

Sjøbusk Geirangerfjorden Kjøtkorallar Geirangerfjorden

Sjøbusk og Kjøtkorallar i Geirangerfjorden

Christiane Todt (Biota Naturkompetanse AS) og Christian Eikefjord (ROV AS)

Lære opp turistane

Korallreva er eit viktig oppvekstområde for både fiskar og andre organismar, som kan gøyme seg i hol og strukturar.

– Det kan ta tusenvis av år å bygge opp att eit korallrev som er øydelagt. Om det nokon gong blir bygd opp att, seier Vabø.

Han meiner at funnet av korallreva kan brukast meir i turismen. Ikkje at turistane skal dykke så djupt og oppleve reva sjølve, men at dei skal lære om kva som bur i dei vakre fjordane og at det er viktig å ta vare på.

Ørjan Sørstrønen Vabø, Forsker / Marinbiolog Runde Forsking

Ørjan Sørstrønen Vabø er forskar ved Runde Forsking. Han meiner det trengst meir pengar til å kartlegge korallar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert 20.10.2025, kl. 19.32

Read Entire Article