Stemnesjefen for Bislett Games, Steinar Hoen, ønsker at Karsten Warholm og co. skal springe 300 meter hekk framfor den normale distansen på 400 meter.
Om han får det som han vil, så kan det allereie denne sesongen bli minst eitt løp i Diamond League på 300 meter.
– Allereie i oktober sende vi inn ein søknad til arbeidsgruppa i Diamond League, som jobbar med slike førespurnader, om å springe 400 meter hekk i Oslo og deretter 300 meter hekk i Stockholm tre dagar etter, seier Steinar Hoen til NRK.
Han er tydeleg på at det kan gjere rivaliseringa morosamare å følge med på. Hoen fortel at det også blir jobba med å få inn 200 meter hekk.
– Om ein har ganske like startfelt i dei to stemna, hadde det vore morosamt å sjå kven som er raskast på begge distansane. Det er null problem å springe 300 meter hekk. Det er gjort før og eg håpar det kan testast ut, fortset han.
INNOVATIV: Stemnesjefen for Bislett Games, Steinar Hoen, ønsker ei endring på Diamond League-programmet.
Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen / NTBRestituerer raskare
Trenar Leif Olav Alnes seier at både han og eleven Karsten Warholm hyllar tiltaket og ønsker eit nytt format velkommen.
Etter det NRK forstår, så har Team Warholm ønskt å få til endringa i lang tid.
– Det vil eg ikkje avvise, seier Alnes lattermildt.
POSITIV: Karsten Warholm og Leif Olav Alnes er open for å prøve noko nytt.
Foto: Jane RasmussenNRK veit at Diamond League-opninga i Kina 26. april, kor Warholm skal delta også har søkt om å arrangere 300 meter hekk i staden for 400 meter. Det ser Alnes lyst på.
– Det kan skje allereie i Kina, og det er ei fin opning på sesongen for vår del.
Alnes ser få negative sider ved å kutte distansen 100 meter. Heller tvert om.
– Det er mykje kortare restitusjonstid. Ein kjem i mål med mykje mindre laktat enn ein gjer på ein heil runde. Eg meiner det er ei klok avgjerd å gjere det til ei offisiell øving, fortset han.
– Mindre belastande
I motsetning til 400 meter hekk, blir det ikkje operert med ein verdsrekord på 300 meter hekk. Bestenoteringa i verda på distansen 300 meter hekk er det Karsten Warholm som har, frå Bislett i 2021.
Den gongen sprang han på 33,26 sekund. Eit nytt format vil ikkje forandre på treningsopplegget til duoen.
– Nei, det vil det ikkje. Einaste forskjellen ved å springe 300 meter er at dei flyttar starten 100 meter fram, fjernar dei tre første hekkane og at det er 50 meter til første hekk i staden for 45 meter. Det betyr at det er to steg meir enn i ein vanleg konkurranse, seier Alnes.
Om den vante distansen på 400 meter blir korta ned, meiner Alnes at Warholm kan delta i enda fleire konkurransar i løpet av ein sesong.
– Ja, det kan han. Det opnar for det fordi det er mindre belastande. Hekk er ein veldig belastande øving. Det er ofte dei siste hekkane det går gale på, for da er ein meir køyrt. Om ein spring ein 300 meter, spring ein over sju hekkar i staden for ti.
NRK-ekspert er ikkje overtydd
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal er skeptisk til forandringa som er foreslått.
– Dei må gjerne teste det, men eg er sikker på utfallet. At det ikkje kjem til å bli eit «løft» for interessa sjølv om ein legg inn ein 300-meter innimellom, seier Rodal.
– Publikum har ingen forhold til tidene på ein 300 meter hekk. Dei kan gjerne relatere mot verdsrekorden på distansen, men ikkje så mykje meir enn det, så eg er skeptisk, fortset han.
SKEPTISK: Vebjørn Rodal vil heller sjå dei beste konkurrere på 400 meter hekk framfor å korte ned distansen.
Foto: Sigmund Sagberg Andersen/NRKRodal kjøper heller ikkje heilt argumentet med at det blir for mykje belastning om hekkeløparane konkurrerer på 400-meterdistansen to gonger i løpet av same veke.
– Hekk er vel i utgangspunktet ikkje meir belastande enn andre øvingar i internasjonal friidrett, der vi ser at utøvarar konkurrerer så å seie kvar veke. Hadde eg vore stemnearrangør, så ville eg heller ha prøvd og fått dei beste til å møtast oftare på den offisielle distansen.
Men den olympiske meisteren på 800-meteren frå Atlanta i 1996 svartmålar ikkje prosjektet heilt.
– Det som kan tale for er at dei beste kanskje møtest litt oftare. Når det er sagt, så er det nok ikkje lengda på distansen som avgjer om Rai Benjamin tar ein ekstra tur over dammen for å møte dei beste. Det handlar nok meir om størrelsen på premiekonvolutten.
Publisert 12.02.2025, kl. 17.55