I «Ølhunden Berit» møter vi Tom. Han er ein smart, men sint og frustrert kvinnehatar.
Han oppdagar at verda opnar seg for han, når han blir tvinga til å ikle seg kvinneklede.
I kveld vann serien pris i kategorien «Best Series Award» på filmfestivalen Serielizados i Barcelona.
Tidlegare har han vunne prisar i Canneseries.
– Vi er utruleg glade og takksame for at «Ølhunden Berit» blir så godt mottatt ute i verda.
– Det mest spennande er likevel mottakinga her heime, men ein sånn pris roar nervane litt, seier serieskapar Thomas Seeberg Torjussen.
Thomas Seeberg Torjussen er spent på mottakinga frå publikum.
I serien speler Anders Baasmo hovudrolla.
– Det er alltid givande å jobbe med gode og originale kvalitetsmanus med brodd, som har noko på hjartet og mykje å melde rundt menneske og samfunn, har Baasmo sagt til NRK.
I serien er Toms største hatobjekt feministar, og spesielt rammar dei stygge kommentarane hans den kjente og folkekjære standupkomikaren Live Stensvaag.
Ingrid Unnur Giæver speler standupkomikaren Live Stensvaag.
Foto: LUKAS SALNA / NRK TVNår trakasseringa får Live til å bryte saman på scena, deler ho kommentarane til Tom offentleg. Dette får indignerte hackarar til å avsløre identiteten hans og brette han ut i all offentlegheit.
– «Ølhunden Berit» opplevdes sterkt meiningsfullt å gjere, seier Baasmo.
Eg opplevde «Ølhunden Berit» som sterkt meiningsfull, seier Baasmo.
Foto: LUKAS SALNA / NRK TVNRK er også fornøgd med prisane.
– Det seier noko om kva kraft og kvalitet det er i norsk drama, seier Marianne Furevold-buland, redaksjonssjef drama i NRK.
– At «Ølhunden Berit» og Thomas Seeberg Torjussen igjen vinn ein gjæv internasjonal pris, viser kva for ein unik og formidabel dramaserie dette er.
Publisert 08.11.2025, kl. 22.36













English (US)