Me oppdaterer saka.
Ole Sæter var tilbake på Lerkendal, ikkje som Rosenborg-spelar, men for Vålerenga.
Men det blei kort tid på graset i Trondheim.
– Huff a meg! sa TV2s Øyvind Alsaker.
Dryge ti min etter han blei bytt inn, datt han i ein duell i feltet, og blei liggande.
– Sæter blir sjekka for nakken. Det ville vore ein veldig trist retur til sin gamle heimebane om han må gi seg her, sa Alsaker.
Sæter blei liggande nokre minutt før han blei tatt ut på båre.
I BAKKEN ETTER DUELL: Ole Sæter blei liggane etter ein duell på hjørnespark framfor eige mål.
Foto: Ole Martin Wold / NTBEtter kampen blei han sendt til sjukehus.
– Eg kjenner meg grei. Det er mest skuffelse, seier han til TV2 på veg inn i ambulansen.
– Han fekk ein sleng på nakken. Det er viktig å vere grundig her, sa Simen Stamsø Møller i TV 2 si sending. Han heldt fram:
– Det var ekle bilde. Han bevega på armar og bein, avslutta han.
– Det er ingen artige bilde å sjå, sa RBK-trenar Alfred Johansson til TV2 etter kampen.
– Det er ei kjedeleg sak. Me veit ikkje heilt kva som har skjedd, seier Vålerenga-trenar Geir Bakke.
TIL SJUKEHUS: Ole Sæter blei sendt til sjukehus etter kampen.
Foto: Ole Martin Wold / NTB«Lov å vise respekt»
Den tidlegare Rosenborg-spelaren blei bytt inn etter 60 minutt spelt. Då leia Vålerenga 1-0. Sæter datt i bakken 12 minutt etter.
TV2-eksperten reagerer på kva han såg på tribunen i det Sæter var på veg ut av banen.
– Så er det lov å vise litt respekt og klappe han av banen, kom igjen då, sa Møller.
TILBAKE I BLÅTT: Tidlegare Rosenborg-spelar Ole Sæter tilbake på Lerkendal.
Foto: Ole Martin Wold / NTBRosenborg-kritikk
Allereie før avspark i andre serierunde var Rosenborgs trufaste i «Kjernen» tydelege på at dei hadde forventningar til laget sitt.
«På tide å vakne», lydde Kjernens bodskap.
Men det gjekk inn det eine øyret og ut det andre. Etter ein mållaus første omgang skåra Carl Lange for Vålerenga.
KLAR BESKJED: Rosenborg-supporterane bad spelarane vakne.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Det er ei draumeskåring som kjem heilt ut av det blå, sa Møller.
Derfrå fortsette Rosenborg-nedturen med nokre katastrofale minutt. Ivan Näsberg dobla leiinga for hovudstadslaget.
– Eg ser eit lag som spelar på den måten me vil. Men me er ikkje skarpe nok i avgjerande moment. Me køyrer på bra i periodar, men får ikkje brukt det overtaket til å skape store sjansar, seier RBK-trenaren og held fram:
– Dei skårar, det gjer ikkje vi. Og det er den skarpheita eg snakkar om.
Publisert 22.03.2026, kl. 16.10 Oppdatert 22.03.2026, kl. 16.56












English (US)