– Då han begynte på vidaregåande gjekk det astronomiske mengder med mat.
Det seier Arne Eitrem, far til mannen som var den første skøyteløparen i historia under seks minutt på 5000 meter, Sander Eitrem.
«Den norske matpakken» er for dei fleste av oss to grove brødskiver med pålegg. Men om du er toppidrettsutøvar, så held ikkje det.
Snautt to meter høge Eitrem har eit enormt behov for mat, og er så å seie alltid svolten.
– Det du et er jo brennstoffet ditt. Det er det vi får av energi, seier han.
Særleg er det viktig i periodar med mykje mengdetrening, som sommaren.
– Vi et utruleg mykje kvar einaste dag, også på trening. Du kjenner eigentleg at du et heile tida. Det er enorme mengder vi får i oss, spesielt på sommaren når vi trenar som mest. Vi et jo tre–fire gonger så mykje som eit normalt menneske, seier Eitrem, som blei første norske OL-vinnar for menn på 5000 meter sidan Johann Olav Koss.
GUTEN SOM BLEI STOR: Skøyteløpar Sander Eitrem har vakse godt frå foreldra i høgda. Her frå barndommen, saman med far Arne Eitrem og mor Hege Mølstad.
Foto: PrivatHøgt matbudsjett
Skøyteløparen frå Skreia på Toten, startar dagen med eit måltid som kunne dekt mykje av dagsbehovet for mange av oss.
– Frukost er som regel tre brødskiver med egg, ost og skinke og litt tomat på. Så får eg i meg éin til to skiver med syltetøy, og så gjerne eit glas med litt sukker, som jus eller sjokolademjølk, seier Eitrem.
Den enorme appetitten kostar også pengar. Ganske mykje pengar.
For nokre år tilbake anslo 23-åringen at han brukte 9000 kroner på mat i månaden. Då var ingenting av maten sponsa.
Sander Eitrem fortalde i 2022 om kor mykje pengar det gjekk på mat.
– Det kan godt hende det ligg på same nivået no, altså, fortel Eitrem smilande.
No har sambuaren og kjærasten Aurora Løvås, som også er landslagsløpar i skøyter, ein sponsoravtale med ein produsent av sportsernæring, ein avtale som også Eitrem dreg nytte av. Derfor har han mindre utgifter på akkurat det no enn før.
Han var 15 år då han flytta frå heimstaden Skreia for å gå på Wang toppidrettsgymnas på Hamar. Mor og far finansierte både hybel og mat.
– I periodar var det nesten 10.000 kroner på mat i månaden, seier far lattermildt.
Fram til i fjor, og Sander var 22 år, så fortsette mor og far med dei finansielle bidraga. Det var først for rundt eitt år sidan at dei ikkje har bidrege til husleige og andre utgifter.
Arne Eitrem fortel at han er heldig med ein god jobb i oljebransjen, men at han også har tatt på seg ekstrajobbar for å ha høve til å bidra både til Sanders skøytesatsing, men også for dei to søskena hans.
– Eg køyrde buss i eitt og eit halvt år, òg. På eitt år hadde eg 970 timar med bussjobbing i tillegg til heiltidsjobben, seier Arne Eitrem.
– Handlar eigentlege berre om å få i seg nok
Men det er appetitten dette først og fremst handlar om. Heilt sidan han begynte å gå på skøyter, har appetitten vore enorm, kan faren fortelje.
Skøyteløparar kan kallast vanemenneske. På isen går dei gjentatte 400 meter lange rundar, berre med venstresvingar, utan å bli spesielt lei.
Det same gjeld også i matvegen for 23-åringen.
For om ikkje frukosten er gjentakande, så er middagen i alle fall det.
– Pasta og pesto med kylling går det utruleg mykje av. Eg blir ikkje lei det heller, seier Eitrem og gliser breitt.
Så går han laus på dagens andre treningsøkt, før det skal kastast innpå med meir mat.
– Så er det tilbake for å ete seg «forderva» på meir ris og kylling igjen. Det handlar eigentleg berre om å få i seg nok, fortel Eitrem.
Tel ikkje kaloriar
Han har aldri vore opptatt av å telje kaloriar.
– Eg kjenner eg har fått eit veldig godt forhold til kva ting inneheld. For min del tar det litt for mykje krefter og energi å måle opp mat og slikt. Eg går på vekta kvar einaste dag, så eg får ein indikasjon på om eg får i meg for lite eller mykje.
Det hender seg også at 23-åringen drar på middagsbesøk hos faren.
– Kjøper eg då éin kilo med mørbradbiff, og lagar litt peparsaus, bakte poteter eller pommes frites, så går det ein kilo med kjøtt. Det er ikkje noko problem, det blir borte, seier faren.
– Då deler de det vel jamt?
– Eg er som ei lita mus som har ete i eitt hjørne. Resten et han, seier Arne Eitrem, og legg vekt på at det alltid er hyggeleg med sonen på middag.
Så kva har eigentleg appetitten kosta foreldra sidan han flytta heimanfrå som 15-åring?
Rundt 108.000 kroner i året.
Eller 756.000 kroner fordelte over sju år.
Publisert 27.02.2026, kl. 06.02 Oppdatert 27.02.2026, kl. 06.38











English (US)