OL-håpet skal bli far for første gong: – Trur han blir verdas finaste pappa

2 weeks ago 13


Sjå kvalifiseringa i Big Air snøbrett på NRK3 og i NRK TV i kveld frå kl. 19.25.

Mons Røisland smiler godt når han møter NRK i OL-landsbyen i Livigno.

Torsdag startar OL for han og resten av snøbrettkøyrarane med kvalifisering i Big Air – øvinga han tok sølv på i 2022. Denne gongen ønsker han det edlaste av metalla:

– Eg må jo vere grådig nok til å seie at eg har ein sølvmedalje frå før. Og eg har veldig lyst til å prøve å oppgradere han, smiler Røisland.

en mann med caps smiler foran OL-ringene

«GRÅDIG»: Slik beskriv Mons Røisland seg sjølv i jakta på eit gull i sitt siste OL.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Skal bli far

Men det er ikkje berre OL-stemninga som bidrar til at bærumsguten er i strålande humør. Om kort tid skal han også bli far for første gong.

– Det stemmer! Julie er gravid, og ho er på veg hit no, faktisk. Ho skal vere her ei vekes tid, så det blir veldig hyggeleg og stas, seier Røisland.

Bilde

GRAVID OG OL-KLAR: Røislands kjærast Julie Angelil har termin om halvannan månad, men rekk ein tur til OL for å støtte kjærasten før den tid.

Foto: Privat

Bærumsguten og Julie Angelil forlova seg sommaren 2025 etter ni år som kjærastar. No skal dei snart få ein son.

Ho er ikkje høggravid då om ho tek turen ned hit?

– Nei, men det er litt sånn i grenseland no, trur eg. Eg trur det er halvannan månad til. Det er derfor ho ikkje skal vere her så lenge, før det blir for seint, smiler han.

To personer står sammen i snødekte omgivelser. Den ene har på seg en lys jakke og solbriller, mens den andre er iført en svart jakke og en lue med mønster. I bakgrunnen ses snødekte fjell og flere bygninger, inklusive tre- og murhus. Veien er dekket av snø, og det står en sykkel synlig nær en av bygningene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SEKS VEKER TIL TERMIN: Julie Angelil rekk å sjå kjærasten Mons Røisland konkurrere i Big Air før ho reiser heim igjen til Noreg.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Torsdag morgon er heile familien til Røisland og kjærasten på plass i Livigno.

– Eg har det veldig fint. Ein søv jo litt dårleg når ein er 33–34 veker på veg, men det er veldig fint å vere her. Reiseforbodet startar i veke 36, så eg har to gode veker til, smiler Angelil til NRK og legg med eit smil til at ho har fått grønt lys frå legen.

Mons Røisland og forloveden Julie Angelil smiler i Livigno.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Korleis ser du på det å bli far for første gong?

– Det blir veldig kult. Eg gler meg. Det blir stas, det er spesielt. Eg kjenner meg som eit barn sjølv. Men eg trur det er litt av det som er det positive for min del òg. Eg trur eg kjem til å ha det veldig gøy og nyte den prosessen, reflekterer Røisland.

Smilet går nesten rundt for Angelil når ho får spørsmål om korleis Røisland blir som far:

– Eg trur han blir verdas finaste pappa. Han er leiken og likevel alvorleg og flink til å ta ting på alvor.

Gruppen på seks personer står samlet utenfor en hytte med treverk og steinfasade. De er kledd i vinterklær og smiler mot kamera. Omgivelsene er snødekte, og det er tydelig vinter. Bakgrunnen viser en del av hytten med grønne vindusluker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FAMILIEN RØISLAND: Familien er på plass for å heie på Mons Røisland i OL. Fra venstre: Morten Røisland, Mons Røisland, Julie Angelil, Sophie Angelil, Ulla Røisland, T.C. Høiseth.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Paret forlova seg som nemnt i fjor sommar, men med ein baby på veg blir det ei lita stund til dei to blir ektefellar.

– Alt skjedde litt på ein gong utan at det heilt var planen. Så vi har ikkje begynt å planlegge bryllaupet, for det blei litt mykje på ein gong, ler Angelil før Røisland skyt inn:

– Ein ting av gongen!

– Vi håpar på bryllaup i 2027 eller 2028, samanfattar Angelil.

Foto: Ksenia Novikova/NRK

Blant dei eldste

Med dei 29 åra sine er Røisland blant dei eldste som står på start til Big Air. Over fleire år på toppnivå har han opplevd ei rekke skadar – blant anna ein alvorleg skulderskade som gjorde at han forsvann ut av OL i 2018 før slopestyle-finalen.

Bærumsguten er klar på at leikane i Livigno blir hans siste OL.

Foto: Ksenia Novikova/NRK

– Henger det litt saman at du skal bli far for første gong og at dette blir ditt siste OL og at du skal passe meir på kroppen?

– Dette høyrest egoistisk ut no, men nei, det har eg ikkje tenkt på. Det er ikkje noko samanheng der, ler Røisland før han fortset:

– Sjølvsagt dansar du litt på knivseggen av skadar om du skal vere i toppen på snøbrett, men sånn er det i sporten vår, og det har ein på ein måte akseptert, avsluttar Røisland.

Røisland skal saman med lagkameratane Marcus Kleveland og Øyvind Kirkhus i aksjon i kvalifiseringa i Big Air der 12 av 30 utøvarar går til finalen laurdag. Kvalifiseringa ser du på NRK3 og i NRK TV frå kl. 19.25 torsdag.

Tre personer står side om side på snødekt bakke, iført fargerike skiutstyr. Den ene har på seg en oransje jakke, den andre en hvit jakke, og den tredje en blå. Bak dem sees skiheiser og trær, som gir kontekst til en utendørs vintersportsetting. Det er klart dagslys og en blå himmel.

NOREGS OL-TROPP: Frå venstre, Øyvind Kirkhus, Marcus Kleveland og Mons Røisland.

Foto: Christian Bjønness / Christian Bjønness

Publisert 05.02.2026, kl. 13.06 Oppdatert 05.02.2026, kl. 13.53

Read Entire Article