No kjem filmen om nasjonsbyggaren, med Odin Waage i hovudrolla.
Waage blei kjend for mange som GT i TV-serien «Rådebank» og sist i filmen om «Team Havnaa».
– Det var stort at Odin Waage ville spele hovudrolla, seier filmskapar Harald Flem til NRK.
Vi møter han på Fredfoss kulturpark i Vestfossen i Buskerud.
Her står dei gamle fabrikkbygningane som synlege bevis på det seriegrunderen og predikanten Hans Nielsen Hauge fekk til.
Hauge var 25 år gamal då han fekk det store kallet sitt om å reise rundt og frelste og å skape. Odin Waage var 25 år då han spelte inn filmen.
– Hauge var ein svært viktig person i norsk historie og vi har ønska å fortelje dette også til yngre målgrupper, seier filmskaparen.
«haugianarane» er eit måleri av Adolph Tidemand. Motivet viser ein lekpredikant frå haugianar-rørsla som forkynner i ei årestue.
Foto: NasjonalmuseetKjende skodespelarar
Ei rekke kjende skodespelarar spelar i filmen som er ein kombinasjon av drama og dokumentar.
I tillegg til Odin Wage, møter vi også Ingvild Syntropioa, Dagny Backer Johnsen, Per Christian Ellefsen og Erik Hivju.
Folka som samla seg rundt Hans Nielsen Hauge og ideane hans blei kalla haugianarar.
Kvinner fekk også ei langt friare rolle enn før gjennom etableringane som skjedde. Både som tilsette, predikantar og leiarar.
Det skjedde over 100 år før kvinner fekk røysterett.
Harald Flem har jobba med TV og film i mange år. Her er han på Fredfoss i Buskerud der Hans Nielsen Hauge starta ei stor papirmølle.
Foto: NRKFekk trøbbel
Papirmølla Fredfoss i Buskerud var ein av stadane der kvinner fekk langt meir tydelege roller.
– Det er ikkje berre i ein kristen kontekst, men også samfunnet elles, der han var veldig tydeleg på at kvinner også skulle ha ein plass, seier Flem.
Hans Nielsen Hauge fekk etter kvart mykje problem med presteskapet og dei dansk/norske styresmaktene.
Men trass i fengslingar og forsøk på knebling, heldt Hauge og rørsla hans ut.
Granskingar gjort av historikaren Ola Grytten syner at Hauge sjølv blir knytt til 30 bedriftsetableringar innan industri, skip og gardsbruk.
Per Christian Ellefsen i den nye filmen om Hans Nielsen Hauge.
Foto: Manymore FiAktive i dag
I åra frå 1799 til 1828 etablerte haugianarar så mange som 150 bedrifter som sysselsette fleire hundre personar.
Fleire «haugianske» bedrifter finst den dag i dag, som til dømes IT-selskapet Corporater i Stavanger.
– Eg reknar meg sjølv om ein vaskeekte hauginar, seier dagleg leiar Tor Inge Vasshus.
Han driv med nøysemd og han ønsker å bidra til samfunnet rundt seg – ikkje berre skape pengar.
– Det blir vel som ein motkultur til mykje i dagens samfunn, der alt handlar om å dyrke seg sjølv og meg og mitt, seier Vasshus.
Ingvild Syntropia i den nye filmen om Hans Nielsen Hauge.
Foto: hansnielsenhauge.noTran og bank
Hauge sørga blant anna sjølv for at Peter Møller kunne reise til København og utdanne seg til apotekar.
Han kom heim og etablerte Møllers Tran – som er kjend på godt og vondt av dei fleste også i dag.
– Så det kan du tenke på neste gong du tar deg ei teskei for mykje av det, humrar Harald Flem.
Han nemner også at Hauge var ein av dei som stod bak det moderne bankvesenet i Noreg.
Han påverka samfunnet i retning moderninsering, ikkje minst innan landbruket.
Hans Nielsen Hauge har fått sin eigen veg på Fredfoss.
Foto: NRKHåpar på lang levetid
Filmen om Hans Nielsen Hauge hadde nyleg premiere på norske kinoar, men filmskaparen vonar at filmen vil få ei lang levetid.
– Mykje av motivasjonen min for å lage filmen at den skal kunne leve mykje lenger enn berre på kino, seier filmskaparen.
Han tenker då på alt frå skuleverket til opplegg for konfirmantar.
– Eg håpar at den kan inspirere menneske til å gjere ei forandring, men også til å ha ei stoltheit i forhold til arven vår.
Fredfoss i Vestfossen er i dag i bruk som ein kulturpark og barnehage.
Foto: NRKPublisert 11.03.2025, kl. 05.30