– Vi har bygd ein liten organisasjon, og nett det at vi er tett på, håpar eg skal vere ein suksessfaktor for økonomien vår.
Det seier leiar for VM i vektløfting, Stian Grimseth.
I desse dagar fyk han mellom treningsromma, VM-arenaen og kontoret. Alt skal settast i stand før meisterskapet går av stabelen i Førdehuset torsdag.
VM-arenaen ligg i Førdehuset i Sunnfjord kommune.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRKFolkefest blei fadese
Eit halvår tilbake var det ski-VM og folkefest Trondheim. Men meisterskapet, som var spådd at skulle hauste inn millionar av kroner, enda med å gå i minus.
Grimseth seier at han vil vere forsiktig med å kommentere det som skjedde i Trondheim, men bekymrar seg ikkje.
Store folkemengder kom til Granåsen under ski-VM i Trondheim 2025.
Foto: Lise Åserud / NTB– For oss har det har vore stramt, og vi har måtta jobbe med økonomi heile vegen. Det har vore krevjande, men vi har hatt fokus på at vi ikkje skal bruke pengar vi ikkje har.
Førre gong eit VM blei arrangert på vestlandet, var sykkel-VM i Bergen 2017. Arrangørane gjekk konkurs, og tapet låg på 55–60 millionar kroner.
Grimseth peiker på at ansvaret for vektløftar-VM ligg på veldig få hender.
Sjølv om dei har bortimot 600 frivillige i systema sine, er det tre stykk som har styrt det meste.
Resultatet er god kontroll på både utgifter og inntekter, meiner Grimseth.
Vidare fortel han at det offentlege har bidrege med rundt ein tredel av budsjettet på rundt 80 millionar kroner.
Det er staten og Vestland fylkeskommune som har spytta inn dei største summane.
Men til skilnad frå ski-VM, er vektløftar-VM ikkje eigd av det offentlege.
OL-vinnar, Solfrid Koanda, kjem til Førde denne veka. Biletet er tatt da ho tok EM-gull i 2024.
Foto: Skjerdump fra Weightlifting House TVUnder ski-VM eigde Trondheim kommune 10 % av arrangementet, og var derfor medansvarleg for det negative økonomiske resultatet.
Stor internasjonal interesse
Sjølv om vektløfting ikkje vekker den same nasjonale interessa som langrenn, er det ein større sport internasjonalt.
VM-presidenten håper på fullsette tribunar i Førdehuset.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRKIdretten har bortimot 190 medlemsland, og rundt 100 av dei kjem til Førde.
– Det er ein verdsidrett, utvilsamt. Sporten er veldig stor i Asia, Sør-Amerika ... og på Vestlandet, seier Grimseth.
9. oktober, dagen OL-dronninga Solfrid Koanda løftar, er allereie utseld. Da sit 1100 spente tilskodarar, og kong Harald på tribunane.
Likevel har ikkje arrangørane sett av meir enn 1,5 millionar kroner på billettinntekt. Håpet er at det vert meir, men ifølge budsjettet treng dei det ikkje for å gå i overskot.
Dei endar med 2 150 000 kroner i overskot om alt går etter budsjettet.
Ine Andersson representerer Noreg og Tambarskjelvar IL i VM.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRKVM på heimebane
– Det er jo sjølvsagt heilt fantastisk og noko heilt spesielt. Mitt første EM var i Førde, og no skal eg få oppleve VM på heimebane. Eg kan nesten ikkje beskrive med ord kor rått det er!
Det seier Ine Andersson. I hallen der ho trener, kryr det av spente vektløftarar som skal heie henne fram. Ho gjer dei siste førebuingane før meisterskapet torsdag.
– Det er ein utruleg stor jobb å lage eit sånt meisterskap i ein liten by. Så dei jobbar på spreng og har mange frivillige med seg.
Scena er forma som eit vikingskip. Biletet er tatt under bygginga av arenaen.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRKMagisk meisterskap
Stian Grimseth trur det vert eit unikt meisterskap. Arenaen skal likne eit vikingskip, og publikum sit tett på.
– Eg håpar det kan gi ein stoltheit for oss som bur her. Eg trur at publikum vil oppleve eit meir intimt meisterskap enn dei nokon gong har gjort.
– Og trur du det er mogleg å lage eit VM som ikkje går i underskot?
– Det er eg sikker på at det gjer. Vi har jobba hardt før, og eg er optimistisk til at vi har kontroll på det vi driv med.
NRK har vore i kontakt med både Idrettsforbundet og Skiforbundet. Ingen av dei vil kommentere saka.
Idrettsforbundet meiner at dei ikkje kan stå til ansvar for korkje ski-VM eller vektløftar-VM, sjølv om dei er ein paraplyorganisasjon for begge forbunda.
Publisert 01.10.2025, kl. 16.57