Nytt studium skal styrke Forsvaret

1 month ago 17


– Verda rundt oss endrar seg veldig raskt, og vi må tilpasse oss i Forsvaret.

Rektor og sjef ved Forsvarets høgskole, Dag Aamoth, er oppglødd når han snakkar om vårens nyheit her på Krigsskulen på Linderud i Oslo.

No kan du nemleg søke på ein heilt ny bachelorgrad ved språk- og etterretningsskulen – i militær etterretning.

En gruppe menn i militæruniformer som går nedover en gate (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Rektor og sjef ved Forsvarets høgskole, Dag Aamoth (til venstre) og sjef for språk- og etterretningsskolen, Brynjar Ræstad.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Frå før av har Krigsskulen fleire studium, kor nokre også handlar litt om etterretning.

Men behovet er blitt eit anna, fortel sjefen sjølv.

– Vi ser at det også er eit behov for å utvikle meir spesielle bachelorløp, som plukkar opp både den utviklinga vi ser rundt oss i ein alvorleg sikkerheitssituasjon, og den utviklinga vi ser reint teknologisk, seier Aamoth.

  • en mann med hatt og briller (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Dag Aamoth

    • Rektor og sjef ved Forsvarets Høgskole

Spion-myte

I leiren på Linderud møter NRK éin av kadettane som studerer språk og etterretning.

Han er såkalla skjerma personell, som gjer at vi ikkje brukar namnet hans i denne saka.

Kadetten trur mange har feil inntrykk av kva etterretning eigentleg er.

Et par personer iført kamuflasjebukser (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Slike grønkledde blir det fleire av i leiren til hausten.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Det er mange mytar, folk tenker at du skal bli spion. Men vi veit jo at det handlar om noko mykje breiare enn det.

Enkelt forklart handlar etterretning om å forstå omverda, og bruke informasjonen sånn at dei som sit ved roret kan ta dei riktige avgjerdene.

For eksempel i ein krigssituasjon.

Det er viktigare enn nokon gong, trur rektoren.

et skilt ved veikanten (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Krigsskulen på Linderud i Oslo får enda fleire studentar etter sommaren.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Vi snakkar om det å vere eit etterretningsdrive forsvar. Da treng vi god kompetanse på det området, seier Aamoth.

Søker alle typar personar

Akkurat kor mange studentar det er plass til på det nye studiet, er gradert informasjon som skulen ikkje går ut med. Men rektoren seier det er «meir enn ei handfull».

Og du kan altså søke allereie no og fram til fristen 15. april.

Under utdanninga får du tenestetillegg (omtrent som ei lønn), og kost og losji dekka. I tillegg er du garantert jobb etterpå.

Det er ikkje krav til tidlegare militær erfaring, og du kan starte på utdanninga rett etter vidaregåande.

Og dei oppfordrar alle til å søke:

en mann i militæruniform sett bakfra (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Vi søker jo alle typar personar. Først og fremst dei som er motivert for ei livslang karriere i Forsvaret, seier sjefen for språk- og etterretningsskolen, Brynjar Ræstad.

Særleg leiareigenskapar kan vere ein fordel, seier Ræstad.

et par menn i uniform (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sjefane ser fram til hausten og nytt studium.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Men rektor Aamoth skyt inn:

– Eg trur vi mister kandidatar som tenkjer at nei, dette er for tøft for meg. Ta utfordringa, dette er jo noko som kjem undervegs.

Du treng med andre ord ikkje å føle deg som den fødde leiar frå start.

– Det er viktig at dei ikkje diskvalifiserer seg sjølve.

– Ei gulrot

Ræstad seier det er særleg éin ting studentane ved språk- og etterretningsskulen blir terpa på:

– Det vi gjennomsyrer vårt program med, er kritisk tenking. Spesielt no i møte med teknologi, der vi ser for eksempel kunstig intelligens, så må vi sørgje for at vi ikkje gjer feil inn mot dei avgjerdene vi skal støtte opp under.

En kadett som sitter ved et skrivebord med en bærbar PC (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det blir lange dagar med mykje skule for kadettane på Linderud.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Kadetten seier det er travle dagar på Krigsskulen. Men særleg éin ting gjev god motivasjon:

– Kvardagen består av mykje skule. Det er mykje samarbeid med kadettar og medstudentar. Men det er også veldig spennande, fordi du får ei slags gulrot i at du veit du får veldig bruk for det.

Publisert 06.04.2026, kl. 07.56 Oppdatert 07.04.2026, kl. 05.52

Read Entire Article