«inZoi» heiter det nye livssimulerings-spelet som er i ferd med å ta spelverda med storm.
Bak det heile står selskapet Krafton og spelregissøren Kim Hyung-jun frå Sør-Korea, og forventningane har vore svært høge til spelet.
Han fortel om eit svært omfattande arbeid.
– No forstår eg kvifor så få selskap har prøvd å utvikle eit slikt spel, sa han i eit intervju med PC Gamer for nokre dagar sidan.
For millionar av spelarar har «The Sims» vore den rådande merkevara innan spel der alt skjer som «eit vanleg liv» i ei virtuell verd.
– «The Sims»-teamet fortener endelaus ros for dei utrulege prestasjonane sine, meiner Hyoung-jun.
Kim Hyung-jun på kontoret i Seongnam, Sør-Korea, dagen før lanseringa 28. mars.
Foto: JUNG YEON-JE / AFP / NTBTidlegversjon ute no
Men no går han og selskapet Krafton rett i strupen på Maxis og Electronic Arts (EA) som står bak dei fire Sims-spela som har kome hittil.
«inZoi» har førebels blitt lansert i ein tidlegversjon for PC, og det er venta at spelet vil kome til ulike spelkonsollar etter kvart.
Krafton lokkar også med gratis ekstrainnhald for dei som har lasta ned den første versjonen.
Spelet har alt toppa salslistene for nye spel både i Nord-Amerika og Asia, men det er framleis langt fram til «The Sims» sine salstal.
Scene frå «inZoi» som blei lansert 28. mars.
Foto: inzoi skjermdump– Beundring
Sidan starten i 2000 er det seld over 200 millionar kopiar av «The Sims», enten fysisk eller digitalt.
Men etter at «The Sims 4» blei lansert i 2014, har det vore stille rundt nye versjonar.
EA har planar om å halde fram, men førebels er det ikkje varsla noko lansering av eit nytt «Sims»-spel før i 2026.
Dermed ligg den simulerte verda open for Krafton og Kim Hyoung-jun.
Han takkar folka bak «The Sims».
– Som ein langvarig spelutviklar kan eg berre uttrykkje mi djupaste respekt og beundring for det dei har oppnådd i denne sjangeren, seier han til PC Gamer.
Utviklarar i aksjon hos Krafton kort tid før spelet skulle lanserast.
Foto: JUNG YEON-JE / AFP / NTBKoreansk daglegliv
Alt før lanseringa 28. mars toppa spelet ønskelistene på Steam og «inZoi» er det spelet frå Krafton som har nådd éin million sal raskast.
Kim Jung-tae er professor i dataspel ved Dongyang-universitet i Yeongju i Sør-Korea.
Han meiner at noko av årsaka til suksessen er den verdsomfattande interessa for koreansk kultur.
Spelet inneheld detaljerte gjenskapingar av koreanske gatelandskap, nærbutikkar, karaokerom og tradisjonelle restaurantar.
– Dei lar spelarane oppleve eit breitt utval av koreansk daglegliv, meiner professoren.
Hundre dagar er snart forbi. Bandet opptrer både for eit kresent k-pop-publikum og den britiske fiffen på ambassaden. Kan dei overbevise Hee Jun Yoon?
Publisert 09.04.2025, kl. 20.33