Natt til torsdag hagla det med kritikk frå gründer og multimilliardær Elon Musk på X. Der gjekk han hardt ut mot eigaren av KI-verksemda Open AI, Sam Altman.
– Dette er ein krangel som viser kor viktig det er for verdas rikaste menn å vere på innsida med Trump, seier rågjevar i tenkjetanken Civita, Eirik Løkke.
– For ein løgnar, skreiv Elon Musk om Altman i eitt av innlegga.
Konflikten spissar seg til etter det blei kjent at Sam Altman sitt Open AI blir éin av tre teknologiverksemder som er med i det store KI-prosjektet Stargate. Det lanserte den amerikanske presidenten Donald Trump tysdag denne veka.
Saman med SoftBank-sjef Masayoshi Son og Orcale-sjef Larry Ellison skal dei bygge ut ein stor infrastruktur av kunstig intelligens i USA.
Prislappen skal til slutt bli på 500 milliardar dollar, men dei har i første omgang plikta seg til ei investering på 100 milliardar dollar. Resten skal etter planen bli investert gjennom dei neste fire åra.
Kongen av KI
På X kritiserer Elon Musk dei tre Stargate-verksemdene for å ikkje ha nok pengar til å finansiere prosjektet. Teknologijournalist Aslak Øgrim Borgersrud held fast på at det viser nok ikkje heile biletet.
– Då Altman blei sjef i Open AI vann han kampen og blei kongen av kunstig intelligens. Då blei Elon Musk sett litt på sidelinja. Sidan har dei hatt ein ganske hard konflikt, seier Borgersrud.
USA-ekspert Eirik Løkke trur også at om Elon Musk hadde tenkt på dette først, kunne det ha vore han som fekk vere med å presentere Stargate.
Krangelen mellom Musk og Altman har røter frå då dei begge jobba med Open AI og har haldt på i fleire år. Då snakka Musk om at Open AI måtte vere open kjelde og ikkje for profitt, men Altman hadde andre ambisjonar. Han ynskte at det skulle vere kommersielt.
– Feil, som du heilt sikkert veit, svarte Altman etter at Musk hadde sagt dei ikkje har nok pengar til prosjektet.
Han inviterte også Musk til Texas for å sjå på utbygginga av det første datasenteret. Oracle-sjef Larry Ellison sa på pressekonferansen på tysdag at dette allereie er godt i gang.
Med Musk si auka makt meiner Løkke det blir særskilt interessant å sjå om Musk vil sleppe unna med å «trashe» Trump sitt prosjekt offentleg.
– Ved å gå mot Stargate, går Musk også mot Trump og hans prosjekt. Det vil eg ikkje tru han kan halde på med for lenge, seier Løkke.
Som å ta menneska til mars
Ifølgje Trump skal dei bygge tjue datasenter over heile USA. Til saman skal dei skape fleire enn 100 000 arbeidsplassar.
På ei presskonferanse torsdag blei Trump spurt om investorane har nok pengar.
– Eg håpar dei har det, svarte den amerikanske presidenten.
Trump la til at administrasjonen hans ikkje har planar om å investere i Stargate.
Det har vore ei stor satsing på KI dei siste åra, men det er ein svært maskinkrevjande retning av vitskapen.
– Det handlar mykje om størrelse. Å lage desse modellane krev store mengder datakraft. Om det er video, språkmodellar, bilete eller lyd så er det datakraft, seier Borgersrud.
Forskar og teknologirådgjevar Eirik Solheim peikar på tre ting som krevst for at eit stort prosjekt som Stargate skal gå av stabelen.
– Pengar, kunnskap og politiske vilje.
Borgersrud understrekar at Elon Musk har rett i at det er eit enormt, og dyrt, prosjekt.
– Det er få andre som har så mykje pengar å lempe ut av hatten. Dei pengane dei dyttar inn i dette prosjektet er på nivå med å sende menneske til mars, seier Borgersrud.
Publisert 26.01.2025, kl. 07.33