Nytt elevliv i Lom - Jertru (17) lada opp med traktortreff

1 hour ago 3


  • Jotunheimen privatistskole startar opp i bygningen til nedlagte vgs. i Lom - to månader etter nedlegginga.
  • Fleire vidaregåande skular vart nedlagt i Innlandet frå sist skuleår - til store protestar frå kommunane rundt,
  • Jertru Skogen (17) blir ein av rundt 90 elevar - og einaste jente på vg1 bygg- og anleggsteknikk.
  • Skulen opnar måndag 18. august med 90 elevar etter å ha samla inn 65 millionar kroner.
  • Elevane må ta eksamen som privatistar, og får berre høve til å søke opptak til studiar i ordinær kvote.

17-åringen fyrer opp den grøne John Deere-traktoren sin på den årvisse traktorparaden i heimbygda Vågå.

Dagen før den store opningsdagen på den nye skulen, ladar ho opp bak rattet i den nyvaska, grøne traktoren - saman med venninna Anne Othilie (17).

Fleire hundre traktorentusiastar dundrar gjennom hovudgata så dieseldunst og motordur trumfar grillukt og søndagsprat.

Skulevegen, dei tre mila frå Vågå til Lom, vil ho køyre med traktoren, eller med ein UTV som ho også handterer med stor glede.

 Den årlege traktorparaden på Traktorrock i Vågå er eit høgdepunkt både lokalt og i traktormiljøet på Austlandet.TRAKTORFEST: Den årlege traktorparaden på Traktorrock i Vågå er eit høgdepunkt både lokalt og i traktormiljøet på Austlandet.

I siste skuleåret før skulen i Lom vart nedlagt til store protestar frå fleire lokalsamfunn, gjekk Jertru første året på studiespesialisering.

No startar ho på ein måte heilt på nytt - på første året på bygg- og anleggsteknikk på den nye privatistskulen.

65 millionar samla inn

Skulesatsinga som er støtta med over 65 millionar kroner frå næringsliv og lokalsamfunna berre på eit drygt halvår, startar opp med rundt 90 elevar måndag 18. august, reknar styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård med.

 Jertru Skogen går i retning av å bli bygg- og anleggsarbeidar i Lom. Venninna Anne Othilie Bakke går på privatskulen Create - og spesialiserer seg i musikk og song på Lillehammer.ULIKT SKULEVAL: Jertru Skogen går i retning av å bli bygg- og anleggsarbeidar i Lom. Venninna Anne Othilie Bakke går på privatskulen Create - og spesialiserer seg i musikk og song på Lillehammer.

– Kvifor vil du starte på nytt på yrkesfag på ein heilt ny skule, Jertru?

– Eg har mange av venene mine der. Dei held på ein måte fram på den nye skulen. Byggfag valde eg fordi eg var lei av ein skule med mange bøker og mykje teori, svarar Vågå-jenta medan duren frå traktorar overdøyver det meste i hovedgata i Vågåmo søndag ettermiddag.

Ho søkte seg også til andre skular i Innlandet fylke.

– Eg måtte nesten det for å sikre meg skuleplass. Men eg var støtt sikker på at eg skulle gå i Lom.

Traktorrock

– Korleis blir det å vere jenteelev blant alle gutane?

– Nei, eg trur det skal gå fint. Eg blir sikkert litt lei av dei. Men det skal gå bra, seier Jertru til VG.

Ho er litt sliten søndag etter at det vart litt festing på Traktorrock - og seint i seng natt til søndag.

Faren hennar heime i Vågå driv som entreprenør. Ho forsikrar at han ikkje har drive noko form for press for at ho skal ta bygg- og anleggsteknikk.

– Kva tenker du om desse skulenedleggingane som skapte så mykje bråk sist vinter og vår?

– Nei, altså, det er verkeleg dumt då, at dei har lagt ned så mange skular. Det blir jo litt langt for folk å køyre. Dersom ikkje Jotunheimen skule vart starta, så hadde eg måtte reise heilt til Vinstra. Herregud, det er langt dit, utbryt Jertru.

Kunne du tenkt deg å køyre traktor til skulen?aJa, lett!bNei, aldricKanskje!

Tinga plass i fjor

Venninna Anne Othilie Bakke har vald ein heilt annan retning. Ho spesialiserer seg i musikk med song som instrument på ein privatskule på Lillehammer.

Men søndag storgleda ho seg til å sitje på med Jertru i traktorparaden. Ho tinga plass i fjor.

– No har eg sett på dette i mange år. Det har støtt vore ein draum å bli med. So no utnyttar eg ho Jertru litt når ho har traktorlappen, seier Anne Othilie med eit flir.

 Jon Sigurd Forberg drikk brus av fleire flasker medan Fiat-traktoren sluker diesel under traktorparaden i Vågå.VÆSKEINNTAK: Jon Sigurd Forberg drikk brus av fleire flasker medan Fiat-traktoren sluker diesel under traktorparaden i Vågå.

Bak dei i kolonna kjem Jon Sigurd Forberg (16) frå Skjåk i ein Fiat 6590, 1986-modell.

Også han skal starte på Jotunheimen privatistskule i Lom på måndag.

Heilt frå han som seksåring sat på fanget til bestefar i traktorhytta, har han «køyrd» traktor.

At det også for han vart bygg- og anleggsteknikk kom nok ikkje overraskande på nokon.

– Halvtimes skuleveg med traktor

Jon Sigurd kjem frå gard, og er van med å jobbe heime på garden. Vegen er ikkje lang korkje til anleggsarbeid med store maskiner - eller til skulen i Lom.

– Eg brukar nok 20 minuttar med buss og ein halvtime med traktor, seier unge Forberg.

 Jon Sigurd Forberg framfor sin Fiat 6590, 86-modell.NESTEN VETERAN: Jon Sigurd Forberg framfor sin Fiat 6590, 86-modell.

Han og Jertru Skogen har ikkje planar om høgare utdanning, i alle høve enno. Men for dei elevane på Jotunheimen privatistskule som vil ta høgare utdanning, så kan det by på visse problem.

– Urettferdig ulempe

Elevane på Jotunheimen får ikkje førstegongsvitnemål, og må ta eksamen som privatistar i Lom.

Skulen er enno ikkje offentleg godkjend som privatskule med offentleg stønad.

– Det er for elevane ved Jotunheimen privatistskule ei urettferdig ulempe å kun få lov å søke opptak til studiar i ordinær kvote. Elevane ved privatistskulen har følgt undervisning som alle andre elevar og har ein minst like krevjande veg til vitnemålet sitt som elevar i den offentlege skulen, seier styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård ved Jotunheimen privatistskule.

– Det er då eit paradoks at dei vert nekta å søke opptak til høgare utdanning i den mest fordelaktige kvota. Dette er etter vår meining ikkje å legge best mogleg til rette for alle elevar, seier styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård til VG.

 Ein kjend bonde og politikar frå Stange i Innlandet såg ut til å like seg i traktorkolonna. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er på valkampturne i heimfylket.VALGKAMPTRAKTOR: Ein kjend bonde og politikar frå Stange i Innlandet såg ut til å like seg i traktorkolonna. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er på valkampturne i heimfylket.
Read Entire Article