Nytt amerikansk politisk besøk til Grønland: Kva betyr det?

1 day ago 8


To amerikanske Hercules-fly landa i hovudstaden på Grønland, Nuuk sundag kveld, melder Danmarks Radio.

Laurdag meldte den grønlandske avisa Sermitsiaq, at kona til den amerikanske visepresidenten J.D. Vance, Usha Vance skal besøke Grønland.

Kort tid seinare meldte DR og Berlingske i Danmark og på Grønland at Mike Waltz, den amerikanske nasjonale sikkerheitsrådgjevaren, òg skal til Grønland.

Mann i dress med sverd står foran kvinne i kjole. Ved side av dem står en kvinne til i kjole og en mann i dress.

Usha Vance saman med sin ektemann, Donald og Melania Trump under presidentinnsettinga i januar.

Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB

Dei viser til diplomatkjelder i Washington, men besøket til Waltz har ikkje blitt stadfesta av amerikanske styremakter.

The New York Times skriv at òg USAs energiminister, Chris Wright vere del av besøket.

– Besøket frå USA kan ikkje sjåast uavhengig av dei offentlege utsegna som har kome, sa den danske statsministeren Mette Frederiksen til DR sundag.

Den danske forskaren Flemming Splidsboel Hansen, ved Dansk Institut for Internationale Studier (DIIS), skildrar situasjonen slik overfor NRK:

Eg ser dette som ein type mjuk makt som skal verke nedbrytande.

Dette seier Usha Vance om besøket på Grønland.

Grønlandsk politikar meiner det viser mangel på respekt

– Vi ønskjer samarbeid med USA, men det må byggje på respekt for suverenitet og likeverd mellom folk og nasjonar, sa Frederiksen.

Ho understreka at dialogen om Grønland skal skje i tett samarbeid mellom den danske regjeringa og den grønlandske sjølvstyresmakta.

en mann som holder et flagg

Jens-Frederik Nielsen, leiar for Grønlands sentrum-høgreparti Demokraatit, snakkar med journalistar under ein demonstrasjon i Nuuk 15. mars 2025. Marsjen gjekk til det amerikanske konsulatet med slagordet «Grønland tilhøyrer det grønlandske folket».

Foto: CHRISTIAN KLINDT SOELBECK / AFP / NTB

Jens-Frederik Nielsen, leiar for partiet Demokraatit som vann parlamentsvalet på Grønland 11. mars, meiner tidspunktet er svært uheldig.

Det skjer midt under kommunalvalkampen og regjeringsforhandlingane.

– At dei likevel vel å kome til Grønland no, viser nok ein gong mangel på respekt for den grønlandske befolkninga, seier han til Sermitsiaq.

en gruppe mennesker som holder skilt og flagg

Demonstrasjon i hovudstaden Nuuk i mars 2025.

Foto: CHRISTIAN KLINDT SOELBECK / AFP / NTB

President Donald Trump har fleire gonger hevda at USA bør «overtake» Grønland, og sagt at øya er viktig for tryggleiken til USA.

Det har både Danmark og Grønland har avvist.

Interessa for Grønland gav Trump uttrykk for allereie under si fyrste presidentperiode.

Donald Trump om annektering av Grønland: – Vel, eg trur det vil skje.

Han har sagt at han ikkje ville utelukke bruk av makt for å få kontroll over øya. Noko som har utløyst sterke reaksjonar på Grønland.

Danmark kalla inn til krisemøte og tok saman med Grønland avstand frå Trumps utsegner, som dei kalla «uakseptable».

en stor folkemengde som holder bannere, skilt og flagg

«Grønland tilhøyrer Grønlands folk» var slagordet for demonstrasjonen.

Foto: CHRISTIAN KLINDT SOELBECK / AFP / NTB

Ung grønlendar: – Det er både tragisk og komisk

Line Pedersen Junge, er utdanna spesialpedagog og er frå Grønlands hovudstad, Nuuk.

Ho følgjer utviklinga rundt det amerikanske besøket tett, og reagerte med overrasking då ho las nyheita.

Junge er frå hovudstaden Nuuk.

Junge som i dag bur i Danmark, fortel at ho reagerte på korleis saka blei omtalt i danske medium, og meiner det blir snakka for mykje om Grønland – og for lite med grønlendarane.

– Det er både tragisk og komisk at Danmark fyrst har byrja å lytte til Grønlands eigne innbyggjarar etter at USA viste interesse, seier ho.

Line Pedersen Junge

Line Pedersen Junge, er utdanna spesialpedagog og jobbar i dag med Network Marketing. Ho er fødd og oppvaksen på Grønland.

Foto: Privat

Ho peikar likevel på at statsminister Frederiksen har bidradd til eit sterkare fokus på Grønlands interesser.

Dansk forskar: – Det er ein del av ein større strategi

Jyllands-Posten melder at Usha Vance sitt besøk er privat og uoffisielt. Besøket er stadfesta av Det kvite hus.

Ho og sonen hennar skal reise til Grønland, og skal mellom anna vere til stades ved det nasjonale hundesledeløpet «Avannaata Qimussersu» og besøke kulturelle og historiske stader, ifølgje AFP.

en hund som sitter i snøen

Ein sledehund frå Grønland.

Foto: OLIVIER MORIN / AFP / NTB

Flemming Splidsboel Hansen ved DIIS, meiner signala frå Washington ikkje er til å misforstå.

– Det sender eit klart signal om framleis juridisk interesse, seier han og meiner at besøket er ein del av ein større amerikansk strategi.

– Det er eit politisk mål bak dette, det er ein del av ein større strategi, seier han.

en mann med skjegg

Flemming Splidsboel Hansen, seniorforskar ved Dansk Institut for Internationale Studier (DIIS).

Foto: Inge Lynggaard Hansen / DIIS/KBH

Forskaren viser til Donald Trump Jr. sitt besøk til Nuuk, som han meiner var òg «planlagt og nøye tilrettelagt».

Situasjonen i Danmark no forklarar Splidsboel Hansen, er prega av skepsis og uro.

Han meiner dette har komplisert forholdet mellom landa, som eigentleg har vore nære allierte sidan andre verdskrigen.

en kvinne i blå kjole med svart hår som står på et podium og vinker

Usha Vance talar til republikanaranes landsmøte.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTB

Interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:

Publisert 23.03.2025, kl. 23.45 Oppdatert 23.03.2025, kl. 23.54

Read Entire Article