Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e94a722419beb6b108245c356eb78644, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nyland sprang 6,7 kilometer (!) mot Brasil: – Vanskeleg å forklare - NorwayToday

Nyland sprang 6,7 kilometer (!) mot Brasil: – Vanskeleg å forklare

6 days ago 13


– At han kjem opp i seks kilometer ... Det er litt vanskeleg å forklare.

Det seier spelaransvarlege til landslaget Brede Hangeland om alle meterane Noregs målvakthelt Ørjan Nyland legg ned i VM.

Offisielle tal frå Fifa viser at Nyland ikkje berre står som ein vegg, han har registrert fascinerande mange meter i kvar einaste kamp han har stått:

Irak: 6255 meter
Senegal: 6223 meter
Elfenbeinskysten: 5741 meter
Brasil: 6732 meter

Ingen målvakter i VM-åttedelsfinalane så langt har vore i nærleiken av Nylands tal.

– Eksepsjonelt

Hangeland synest det er fascinerande å lese.

– Eg har sett GPS-målingar i mange år av mitt liv. Det er alltid litt overraskande å sjå kor mykje målvaktene bevegar seg, men over seks kilometer er eksepsjonelt. Fire eller kanskje fem kilometer er vanleg, seier Hangeland til NRK.

Nyland

STOR KAMP: Ørjan Nyland fekk 10 på børsen av NRK etter bragda mot Neymar og Brasil.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP,NTB

Han meiner Nylands snitt på over seks kilometer per kamp i VM så langt tyder på ei målvakt som er veldig aktiv i måten Noreg spelar på.

– Han lever veldig i kampen, flyttar seg frå side til side, framover og bakover. For vår spelestil er det veldig viktig å ha eit ettertrykk og ha forsvarsspelarane langt nok framme til å stoppe kontringane. Då skal Ørjan vere med langt ute på eigen halvdel. Det du sa der tyder på at han har gjort det, seier Hangeland.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Til samanlikning bikka Erling Braut Haaland ti kilometer for andre gong i VM. Han enda til slutt på 10,08 km mot Brasil, mens Martin Ødegaard igjen var den med høgast distansetal med 12,9 kilometer.

Dei to innbytarane Oscar Bobb og Andreas Schjelderup spelte berre 45 minutt, men enda på høvesvis 5834 og 5815 meter.

Slik forklarer han det

Målvakter både står og går mykje i løpet av ein kamp. Nyland sjølv svarer slik då NRK spør han om kor alle desse kilometrane kjem frå.

– Nei, det blir jo nokre vasspausar som vi må springe ut for. Nei da. Eg har vel eigentleg lege rundt det talet før. Det viser berre at ei målvakt bevegar seg òg, seier Nyland til NRK.

Han forklarer at ei målvakt, som mange kanskje tenker held seg mest innanfor sekstenmeteren heile kampen, i moderne fotball har langt fleire oppgåver.

– Vi treng å tilby eit alternativ til dei som er framfor. Eg må vere med når forsvaret «pushar» ut. Då må eg også «pushe» ut. Det er berre ein del av det, seier han.

Solbakken: – La meg fortelje ei historie

Landslagssjef Ståle Solbakken er ikkje like overraska av tala. Han har vore borti løpsglade burvaktarar før.

– La meg fortelje ei historie. Då eg var trenar i Köln, sprang målvakta mi, Stefan Reisinger, éin kilometer meir enn Lukas Podolski, seier Solbakken med eit smil.

Landslagssjefen, som beskriv Nylands VM til no som «tett på perfekt», meiner det er naturleg at sisteskansen noterer seg for høge tal på meter sprungen.

– Han vil jo vere bevegeleg og vere i gang heile tida. Han går opp til midten ofte. Og av og til spring han ut til sidelinja når vi har hjørnespark og skal ha litt info og sånne ting. Då kjem det jo automatisk 100 meter, om han spring ut til oss og tilbake, seier Solbakken.

Mot Brasil blei Nyland ein av dei aller største heltane.

Han varta opp med ei rekke fantastiske redningar og heldt Noreg inne i kampen med ei strålande strafferedning i første omgang.

– Eg kjente meg ganske trygg på at dersom det blei straffe, så kom eg til å redde. Eg klarte å ta éin av dei, og han var vel eigentleg den viktigaste òg, så er glad for det. Vi hadde gjort gode førebuingar, så det var herleg, seier Nyland til NRK.

– Stått i driten

Han blei beskriven som eit usikkert kort før VM på grunn av mangel på kamptrening, men har til dei grader motbevist kritikarane.

– Det er mykje hardt arbeid som ligg bak og tøffe timar aleine, og ikkje minst saman med familien min og kona som har stått som eit fjell oppi dette, og ungane mine som har støtta meg heile vegen. Dei har heile vegen hatt trua på meg. Så det å kunne stå her og få lønn for alt, etter all den driten eg har stått i, er skikkeleg herleg, seier Nyland.

Laurdag får Nyland ein ny sjanse. Då ventar England i kvartfinalen. Den blir spelt i Miami, med kampstart 23.00 norsk tid.

Publisert 07.07.2026, kl. 08.54

Read Entire Article