Alle jenter får i dag tilbod om gratis vaksine mot livmorhalskreft gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
No syner heilt nye tal frå Livmorhalsprogrammet ved Folkehelseinstituttet at vaksineringa har svært god effekt og hindrar celleforandringar i livmorhalsen.
I aldersgruppa 25–27 år har det dei siste fem åra vore ei halvering i talet på kvinner som vert behandla for celleforandringar i livmorhalsen.
Dei er dei første som fekk vaksinen gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
Overlege ved UNN, Sveinung Sørbye, seier tala er svært gode og at dei viser at dagens vaksine verkar mot dei to virusa som kan gje alvorleg kreft.
Overlege ved UNN, Sveinung Sørbye, seier tala er svært gode, men meiner ein annan vaksine hadde gitt meir effekt.
Foto: Aurora BergHan meiner derimot at endå færre hadde fått celleforandringar om ein hadde valt ein annan vaksine.
– Vaksinen verkar mot dei to typane som er dekte av vaksinen, altså HPV-type 16 og 18. Der har han god effekt, men har liten effekt mot andre typar.
Han meiner at ein annan vaksine, Gardasil 9, ville føre til at endå færre fekk celleforandringar.
– No har vi rundt 50 prosent reduksjon, og vi kan oppnå 80 prosent reduksjon.
– Også Livmorhalsprogrammet til Folkehelseinstituttet meiner tala er svært gode, seier seniorrådgjevar i Kreftregisteret Birgit Engesæter.
Livmorhalsprogrammet meiner tala ein svært gode, seier seniorrådgjevar i Kreftregisteret Birgit Engesæter.
Foto: Kreftregisteret / NRK– Desse tala ser vi veldig positivt på. Vi knyter dette i stor grad til ein effekt av HPV-vaksinen, fordi kvinnene som no er mellom 25 og 27 år, fekk tilbod om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet.
Stadig fleire kjøper vaksinen sjølv
Langt frå alle stolar på at vaksinen dei får tilbod om gratis er effektiv nok, og dei betaler fleire tusen kroner av eiga lomme for ein annan vaksine som dei kjøper på norske apotek.
Gardasil 9 er vaksinen som mellom anna vert tilbode i Sverige og Danmark.
NRK har tidlegare fortalt at debatten om kva for vaksine Noreg skal tilby jenter og kvinner, har vekt stort engasjement.
Helsepersonell, politikarar og kvinneorganisasjonar har i lengre tid sagt at Noreg ikkje har den beste vaksinen.
Nye tal viser at stadig fleire kjøper vaksinen på apoteket sjølv.
Tal frå Apotekforeningen viser ein auke hittil i år på 38 prosent frå same periode i fjor.
I fjor vart det selt 23.300 pakkar fram til september. I år er det same salet på 31.600 pakkar.
Det betyr at det er selt nesten like mange pakkar til no i år som i heile fjor.
Var vaksinerte – fekk celleforandringar
Elisabeth Maria Erdahl er 32 år og vart vaksinert med Cervarix då ho var 18 år gamal.
Elisabeth Maria Erdahl fekk også påvist alvorleg celleforandring sjølv om ho er vaksinert.
Foto: privatDå ho vart 25 år og gjekk til ein rutinekontroll, hadde ho alvorlege celleforandringar.
– Eg blei jo litt redd, for eg var jo redd for kreft og at celleforandringane hadde blitt så alvorlege at det hadde gått til kreft. Hadde eg venta lenger, så kunne det blitt det.
Elisabeth Maria blei operert og sjekkar seg jamleg.
Også Marte Rolfsnes Bjørkheim, som er 29 år, blei vaksinert i 2017 med vaksinen som vert tilbode gjennom det norske vaksinasjonsprogrammet.
Marte Rolfsnes Bjørkheim må sjekke seg for celleforandring fleire gonger i året.
Foto: privatOgså ho fekk påvist alvorlege celleforandringar.
Ho hadde andre HPV-virus enn dei som Cervarix beskyttar direkte mot.
Cervarix er den vaksinen som vert brukt i barnevaksinasjonsprogrammet.
Ho seier at fleire av venninnene hennar har opplevd det same.
Norske styresmakter har tidlegare sagt til NRK at Cervarix kryssbeskyttar mot fleire virus enn dei to farlegaste HPV-virusa.
Men vaksinen beskytta ikkje Marte mot alvorlege celleforandringar.
– Du er redd for kreft, du er redd for fertiliteten. Du kan jo smitte partnar med HPV. Du har utruleg mange bekymringar, og så opplever eg at det blir sett veldig lett på.
Ho seier det er lett å få panikk når ein tenker på dette.
Marte har operert livmorhalstappen to gonger for å fjerne celleforandringar.
Ho tek prøver fleire gonger i året for å vere sikker på at det ikkje er fleire endringar.
Overlege Sørbye seier nokre trur det er for seint å ta HPV-vaksine dersom ein alt er smitta eller har celleforandringar.
Fleire studiar viser likevel at kvinner som blir behandla med konisering, har lågare risiko for positiv HPV-test ved oppfølging dersom dei har tatt HPV-vaksine.
Noreg vurderer ny vaksine
Noreg er eitt av tre land i Europa som brukar Cervarix i barnevaksinasjonsprogrammet, saman med Nederland og Finland.
I Nederland vurderer dei no om dei skal byte vaksine. Eit utval skal levere ein rapport om ein månad.
Også i Noreg har helseministeren bedt Folkehelseinstituttet og Direktoratet for medisinske produkt om å vurdere om barnevaksinasjonsprogrammet bør utvidast til å også kunne dekkje andre HPV-variantar og kjønnsvorter.
DMP seier til NRK at det pågåande oppdraget om å oppdatere tilrådinga om bruk av HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet er skildra i tildelingsbrevet til DMP for 2025.
Mange unge testar seg ikkje
Nye tal frå Livmorhalsprogrammet ved Folkehelseinstituttet syner at 390.000 kvinner i alle aldrar ikkje testar seg for HPV.
Kreftregisteret seier dei er bekymra for at unge kvinner ikkje testar seg.
Tala viser at 5500 færre kvinner under 30 år sjekka seg i fjor samanlikna med året før.
Det seier seniorrådgjevar i Kreftregisteret, Birgit Engesæter.
– Vi ser at under 70 prosent av dei yngste kvinnene sjekkar seg, og då blir vi bekymra.
Ho seier at så mange som 60 prosent av dei som utviklar livmorhalskreft ikkje har testa seg som anbefalt.
Marte Rolfsnes Bjørkheim er vaksinert, men fekk likevel påvist celleforandring i livmorhalsen.
Foto: privatMarte har ei klar oppmoding til dei som ikkje sjekkar seg.
– Eg tenker det er kjempekritisk. Det er utruleg viktig å teste seg, og utruleg viktig å vaksinere seg. Uavhengig av kva for vaksine ein har valt.
Publisert 11.09.2025, kl. 06.08