Kvart år svarer ungdommar over heile landet på Ungdata-undersøkinga om korleis det er å vere ungdom i dag.
For første gong har tusenvis på vidaregåande skular fått høve til å svare på spørsmål om opplevinga deira av russetida.
Innlandet er første fylke ut. Neste år skal også unge i Østfold og Akershus få tilsvarande spørsmål.
Meir enn kvar fjerde var «einig» i at dei gruar seg til russetida.
Vidare seier 45 prosent seg einige i at førebuingane til russetida kan gjere at medelevar kjenner seg utanfor eller utestengde.
Prosjektleiar for rapporten «Å vere ung i Innlandet» Jørn Danielsberg trur at resultata frå Innlandet er relativt representative for heile landet – kanskje med unntak av Oslo.
– Dei har vel kanskje utprega seg med litt meir ekstrem russefeiring i enkelte kretsar.
– Skremmande
Une Marie Rise Grindal er nestleiar i elevrådet ved Storhamar vidaregåande i Hamar. Ho seier at det som kom fram i undersøkinga ikkje er bra.
– Det skal vere ei fin feiring for alle. At dei tala er så høge, er skremmande.
– Vi feirar 13 års skolegang, og at så mange kjenner seg utanfor og ikkje har det bra er ikkje noko ein ønsker, seier russepresident ved Storhamar vidaregåande skole, Herman Grini Anderssen. Her med Une Marie Rise Grindal, nestleiar i elevrådet.
Foto: Knut Røsrud / NRKRise Grindal trur kulturen rundt russetida, med press og grupperingar, kan vere årsaka.
Ho fortel at dei har stort fokus på inkludering ved skulen.
– Den dialogen vi har med lærarane er veldig viktig. Det er ikkje noko skam å seie at ein kjenner seg aleine, det skal ein ta tak i.
– Det handlar om å vere open og heller prøve og feile enn å ikkje prøve i det heile, seier ho.
Russepresidenten ved Storhamar vidaregåande har ei bønn til kommunen og leiarar: – Dei bør komme med tiltak eller felles arrangement der alle kan møtast. Som er gratis, eller veldig billig, sånn at folk skal ha høve til å komme.
Foto: Knut Røsrud / NRKRussepresidenten: – Dystre tal
I Innlandet fylke blei det tidlegare i år gjort eit vedtak om å forby bruk av russegenserar og andre effektar som viser at ein tilhøyrer ei spesiell gruppe.
Formålet var å førebygge ekskludering, men vedtaket har fått mykje kritikk i ettertid.
Russepresidenten for Storhamar, Herman Grini Anderssen, meiner mediemerksemda har ført til at russen i år er meir inkluderande.
– Det er opp til alle å inkludere. At ein ikkje berre skal tenke at nei, nokre andre kan gjere det.
Miljøterapeut Martin Slette på Storhamar vidaregåande trur russegenserforbodet kan ha vore med på å gjere elevane meir bevisste. – Det har vore få elevar inne hos meg som har sagt noko om det i år.
Foto: Knut Røsrud / NRKFørste gode tal
Jørn Danielsberg seier at undersøkinga er den første gode dokumentasjonen på russeopplevinga som har blitt gjort. Han meiner at fleire av tala er bekymringsverdige.
– Det har vore mange meiningar knytt til det. Men det vi har fått dokumentert her no, er det mange har tenkt, men ikkje visst.
Gruer du deg til russetida/grudde du deg til russetida?
– Vi har slått fast at mange gruer seg til russetida, at mange kjenner seg utestengde. Så vi får ein del konkrete svar som det har vore synsingar om.
Undersøkinga viste at russegrupperingar blir tidleg danna på vidaregåande. Det bidrar til at mange blir ekskluderte.
Jørn Danielsberg jobbar i KORUS Øst og er prosjektleiar for rapporten «Å vere ung i Innlandet».
Foto: Kai Nygaard / korus– Så allereie i første halvdel av førsteklasse kan ein heilt sikkert seie at det blir ikkje nokon russefeiring på dei, for dei har ikkje komme med i nokon gruppe. Så ein fell fort utanfor, da.
Samtidig er ikkje alt bekmørkt. 65 prosent av ungdommane svarer nemleg at dei gler seg til russetida, medan litt over halvparten opplever at dei har fått nye venner i samband med førebuing og feiring.
Publisert 11.12.2024, kl. 22.10